Bakgrunnsartikkel

Jonas Hassen Khemiri og Tilnærma lik

På Litteraturtoget i dag las skodespelarane våre Kadir Talabani og Thomas Bipin Olsen frå Jonas Hassen Khemiris stykke Tilnærma lik, som hadde noregspremiere på Det Norske Teatret i januar.

Litteraturtoget starta i Bergen onsdag 1 juni - på Litteraturhuset. Ein av Sveriges mest omtalte forfattarar for tida, Jonas Hassen Khemiri, var invitert til å samtale med kronprinsessa - og 2 av dei ferdigutdanna skodespelarane våre frå Det Multinorske, Thomas Bipin Olsen og Kadir Talabani, las frå stykket Tilnærma lik som Thomas hadde ein av dei leiande rollane i da stykket blei spelt på Scene 2 i vår.

Kronprinsessa og Hassen Khemiri hadde mykje å snakke saman om - blant anna fortalte Kronprinsessa at ho blei sterkt utfordra av hans siste bok, "Alt jeg ikke husker" - og om kor glad ho er for å bli utfordra nett slik. Ho kunne fortelje at ho stadig vekk oppdaga ting i bøkene hans som ho måtte dele med Kronprinsen! Jonas leste også opp ein tekst som skildrar barndomen hans og den store påverknaden biblioteket har hatt i hans liv. Han hugsar då familien drog på biblioteket, og han fekk lov til å henge i ungdomsavdelinga. Etter kvart vågde han seg opp blant vaksen-reolane, og vart sjokkert over kva ville historier som berre var der, på rekkje og rad, i normale bøker skriven av folk med heilt vanlege namn! Han spurde mor si kvifor det ikkje kosta noko å gå på biblioteket - alt anna i livet kostar jo penger? "Nettopp derfor!" svara mora, "library lover number 1", som Jonas skildra ho som.
Jonas er generelt oppteken av verdi, og skriv mykje om pengar og tal i bøkene sine - slik som i Tilnærma lik.

Les meir om Jonas Hassen Khemiri og kvifor han var økonomistudent før han blei forfattar - og nettopp derfor er oppteken av spørsmålet om kor mykje ting er verdt.

Tidlegare har vi sett opp Vi som er hundre og Eg ringer mine brør, som også er signert Khemiri. Vi ser på den svensk-tunisiske forfattaren litt som «vår», og kjem til å følge nøye med på forfattarskapen hans vidare.

Kadir og Thomas saman med forfattar Jonas Hassen Khemiri etter bokbadet. Begge måtte innrømme at dei hadde fått eit lite "man-crush" på han"!
Kadir Talabani frå "Eg Ringer mine brør" / Sara Khorami og Thomas Bipin Olsen frå "Tilnærma lik"

Det multinorske

Khemiri er oppteken av utanforskapen i skrivinga si, og er mellom anna sterkt involvert i debatten kring innvandring og integrering i Sverige. Utanforskap er også ein av grunnane til at teatersjef Erik Ulfsby for fem år sidan bestemte seg for å starte opp ein eigen teaterutdanning for skodespelarspirer med bakgrunn utanfor Vesten. Kadir og Thomas er to av studentane som gjekk ut i fjor og som no er i ferd med å avslutte praksisåret sitt ved Det Norske Teatret. Eksamensframsyninga deira var faktisk nett Eg ringer mine brør av Khemiri.

Frå stykket "Vi som er hundre" med Ingunn Øyen, Ragnhild Hilt og Kristin Grue.

Hensikten med Det Multinorske er at teatret i framtida skal kunne spegle det moderne Noreg på ein betre måte, og slik skal også publikum som ikkje er flaska opp på svele og rømmegraut kunne oppleve at teateret handlar om dei og angår deira liv. Det er eit forsøk på å minske utanforskapen ein del av våre landsmenn kjenner på.

Andre kull ved Det multinorske. Bak: Peiman Azizpour, Emil Rodrigo Jørgensen, Mimmi Tamba. Forrest: Kidane Gjølme Dalva, Catharina Vu, Amina Sewali.