I Vinterreise av nobelprisvinnaren Elfriede Jelinek møter publikum ein havarert luftballong. Regissør Jonas Corell Petersen har i lag med scenograf Ida Grimsgaard skapt eit frosent vinterlandskap der menneske vandrar rundt kledde i pelskåper. Assosiasjonane kan kjapt gå til den heroiske polfararen, humanitærarbeidaren og nobelprisvinnaren Fridtjof Nansen. Men det er ingenting heroisk ved menneska som stavrar rundt i isaudna på scenen. Dei snublar, surrar, fell og klomsar. Dei verkar rett og slett ikkje heilt på plass.
Forutan å ha studert regi ved Kunsthøgskolen i Oslo, har Corell Petersen studert teatervitskap, kunsthistorie og filosofi ved Københavns Universitet. Han nyttar ofte denne bakgrunnen til å sette saman originale tekstcollagar og filosofiske betraktningar om kvarandre. Han ønskjer å stille store filosofiske spørsmål, men utan gravalvoret.
Han har også sett opp teaterframsyningar i det store utland, men også ved Den Norske Opera og Ballett her heime.
Som husregissør ved Nationaltheatret arbeidde han fram fleire av framsyningane i lag med skodespelarane.
Det er mellom linjene i absurde og ofte komiske innblikk i kvardagsliv at publikum sjølve må finne sin eigen bodskap. Tema som går igjen hos Corell Petersen er kven vi er, kor vi er på veg, og kva vi skal der. Meininga ligg gjerne i sjølve spørsmålet, ikkje i svara.
Men kva er det med desse karakterane som ter seg så underleg? Kanskje er det nett her noko av det attkjennelege i Corell Petersens arbeid ligg? At vi kjenner oss igjen i karakterane han framstiller når dei er... ja, dumme? For vi menneske gjer jo veldig mykje dumt og rart når vi tenkjer etter. Men vi prøver alle, så godt vi kan, å finne ut kven vi er, finne vår plass, prøve å høyre til. Og i bakgrunnen syng døden.
Sist oppdatert: 25. november 2021.