I framsyninga Under open himmel møter vi to menneske i eit landskap herja av borgarkrig. Dei er svært ulike, men vil begge komme seg vekk frå krigen. På vegen tek dei mellom anna med seg kunstskattar frå øydelagde museum og religiøse bygg. På den måten vil dei prøve å kvalifisere seg for å komme over grensa. Til fridommen, fridommens land, eller The Land of the Free. Sjølv om stykket ikkje er plassert geografisk, er referansane likevel tydelege.
Heile stykket handlar om den fridommen. Steve Tesich (1942-1996) var ein serbisk-amerikansk forfattar, fødd i det tidlegare Jugoslavia, som immigrerte til USA saman med familien sin i ein alder av 14 år. Kanskje er refleksjonane kring fridomsomgrepet i Under open himmel rett og slett eit tidleg varsel på kva som var i emning i det nye heimlandet hans? Politisk kaos, fridommen til å setje seg sjølv først, stenge grensene, utvise folk, føre ei proteksjonistisk linje og samstundes fråskrive seg ansvaret for følgjene av handlingane. Vil fridom i sluttfasen oversjå fakta, sanning og moral?
Er refleksjonane kring fridomsomgrepet i Under open himmel rett og slett eit tidleg varsel på kva som var i emning i det nye heimlandet hans?
I eit intervju med Dejan Stojanovic i samband med urpremieren på On the Open Road/Under open himmel på The Goodman Theatre i Chicago i 1992 blei han spurd om temaet for stykket spegla det politiske kaoset i verda.
- Sadly, that seems to be exactly so, svarte Tesich kort.
Meir enn tre tiår seinare er ikkje spørsmålet mindre aktuelt. Og kjensla av at verkelegheita imiterer den skrivne dramatikken har berre styrkt seg under denne tida.
Fridom og demokrati
Tesich begynte å skrive stykket i 1989 og det blei uroppført tre år seinare. I desse åra kollapsa Sovjetunionen, Berlinmuren fall og ideologiane blei erklærte for daude og avskaffa. I intervjuet med Stojanovic seier Tesich at han den gongen kjente at alt som folk trudde var trygt var i endring. Heile verda søkte etter fridom og demokrati. Samstundes kjente han at heile omgrepet «fridom» fekk ei ny tyding. Tesich hevdar at ordet «fridom» var eit ord som blei brukt utan ansvar. At fridom og moral var i ferd med å bli to heilt forskjellige idear som ikkje lenger hang saman. Alt som var stabilt, var borte. Folk leita etter noko nytt, men utan å vite kva det var. I strevet etter å finne fridommen kasta ein vrak på moralen, som ikkje lenger var så ettertrakta. Men har vi frigjort oss frå alt, også historia, religionen og den kollektive hukommelsen vår?
Ordet «fridom» var eit ord som ble brukt utan ansvar.
Tesich er tilnærma profetisk når han uttaler at ikkje berre har alt endra seg, det vil bli enda verre i framtida.
- Vi vil ha diktatorar utan nokon soldatar. Nokon vil okkupere oss ved å bruke telefon og bankar, og du vil ikkje kunne sjå nokon, for å kunne seie «eg skal drepe han». Det er ikkje som når du blir angripen av ein fiende med soldatar. Snarare har du ein fiende, men du vet ikkje kven den fienden er.
Ideen om Amerika
I 1992 var det knapt nokon som kunne forstå korleis dette ville utspele seg, i dag er eit slikt scenario noko vi alle har vent oss til. Tesich har heller ikkje trua på at det Amerika han ein gong kjente, vil halde fram med å eksistere.
- Amerika blei plutseleg eit gamalt land. Det var nytt, det nyaste ein gong. Alt er endra, og det vil komme vondare tider, fordi vi blei forlatne i ei bakevje. Det er ingen nye idear som for 20, 30 år sidan om korleis Amerika var. Det var eit land som sprang ut av ein idé, akkurat som Sovjetunionen, men Sovjetunionen eksisterer ikkje lenger. Begge landa hadde revolusjonar og er på ein eller annan måte forbundne med kvarandre. Det er ikkje det at ideen om Amerika ikkje er god, men at han på ein eller annan måte gjekk tapt. Folk mista tilliten, og ein person har ikkje same tiltrua til Amerika som før, seier han i intervjuet i samband med urpremieren.
- For meg er det berre to typar fridom; fridom frå noko og kvifor ein er fri.
Og held fram med ein spådom som kan verke langt sterkare no i 2024 enn han gjorde den gongen i 1992.
- For meg er det berre to typar fridom; fridom frå noko og kvifor vi er fri. Når mennesket ikkje lenger kan finne ein grunn til kvifor det er fritt, finn det straks ein diktator til å organisere livet sitt, slik at han kan skaffe seg ting og ikkje treng å reflektere over kvifor han er fri eller ikkje fri.
Finst det håp?
Dette dystre tankesettet set optimismen på prøve. Likevel finst det lyspunkt. Joda, statar og supermakter knakar i samanføyingane for tida. Det er fleire diktatur enn demokrati i verda og det globale demokratinivået er tilbake på nivået frå 1986, altså seks år før Tesich skreiv Under open himmel. Men mennesket har alltid funne ein veg ut av det håplause. Evna til å tilpasse seg, til endring og til å vilje frigjere seg frå tvang, frå undertrykking og frå økonomisk urett er ein overlevingsstrategi som har halde liv i oss gjennom heile sivilisasjonen.
Kampane som kan verke håplause er aldri tapt. Historiske endringar kjem som regel frå noko mørkt, og håpet er å femne om noko vi ikkje alltid kan setje ord på. For Tesich var trøysta og trua å finne ein spesiell stad.
- Kunsten er den einaste religionen for meg.
Teksten er publisert 7. november 2024.
Kjeldetilvising: Dejan Stojanovic - An Interview with Steve Tesich, 1991.
Toppfoto: Kamil Krzaczynski AFP/NTB