- All underhaldning vi ser i dag er jo så gjennomregissert, men i Eurovision kan ein tannlege frå San Marino eller ein ganske vanleg albansk familie konkurrere mot Loreen, som har eit superapparat. Og dette blir det brukt 100 millionar på å produsere i eit spektakulært, men ganske lite kvalitetssikra show. Det er for og med vanlege folk. Og det er noko av det eg elskar mest ved Eurovision, forklarar han.
ESC-fest på Hovudscenen
I lag med makkerane Oda Radoor og Johan Hveem Maurud skal Formo Hay i vår invitere publikum inn til det som skal opplevast litt som å delta på ein ekte ESC-finale på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Men i Europavisjonar er det rett nok ikkje vanlege folk som står på scenen. Konkurransen går føre seg mellom ulike mektige personar og statsleiarar frå Europas nyare historie, som Jens Stoltenberg, Angela Merkel, Boris Johnson og Vladimir Putin. Dei skal konkurrere om å legge fram den beste visjonen for Europa. Og det er vi som er publikummarar som skal bestemme kven som vinn.
- Og da hjelper det jo å ha ein god song og eit bra show, da, innrømmer Formo Hay.
32-åringen med utdanning frå tekstforfattarstudiet ved Westerdals, forfattarstudiet i Tromsø og regilinja ved Kunsthøgskolen i Oslo har ekstremt mange prosjekt og jern i elden. Felles for mange av prosjekta, er at dei er omsluttande happeningar som kjem tett på publikum. Mest kjent er han blitt for framsyninga Døden på Oslo S på Økernsenteret i 2023, som blei ei framsyning «alle» måtte sjå.
Elskar taparane
Formo Hay har vore oppteken av Eurovision så lenge han kan hugse, og tok opp konkurransane på VHS og kjøpte CDar i ungdommen. Men det var først under pandemien at det verkeleg tok av. Da fekk han masse tid til å nerde på ESC, lytte til låtane og sjå framføringane til dei nasjonale finalane i dei ulike deltakarlanda.
- Eg vil anbefale alle å sjå på semifinalane! Der kjem ofte dei artigaste innslaga, meiner regissøren, som nesten alltid heiar på eitt av bidraga som ikkje går vidare til finalen.
Likevel - vinnarbidraget "Rise like a Phoenix" til austerrikske Cochita Würst frå 2014 er mellom dei mest minnerike Eurovision Song Contest-augeblikka til regissøren, som den gongen var 22 år:
I 2023 og i 2024 var han, saman med dramatikar Johan Hveem Maurud, til stades på ESC-finalane i Liverpool og Malmö. I 2021 laga dei ein podkast om Eurovision, og i 2022 og 2023 stod dei bak tullekonkurransen EuroISHion på Chateau Neuf. I 2024 fekk han det ærefulle oppdraget å sitte i NRKs folkejury under ei av Adresse Malmö-sendingane.
Historietime med show
Men denne gongen er det ikkje berre tøys og tull, sjølv om det skal vere gøy.
- Vi lever jo i ei tid med opprusting og store politiske spenningar i Europa. Denne framsyninga skal forsøke å gi publikum ei forståing av nyare europeisk historie, frå murens fall i 1989 – og fram til der vi er i dag, forklarar han.
Det er også etter ´89 at det ifølge Formo Hay verkeleg begynte å svinge i Eurovision. Litt etter litt kom dei aust-europeiske landa med i konkurransen, og med det også heilt nye estetiske former og musikksjangrar.
Transeuropeisk fellesskap
Det var leiaren i den europeiske kringkastingsunionen EBU, Marcel Bezencon, som starta ESC i 1956. Han delte mange tankar med arkitekten bak EU, Jean Monnet.
- Dei to var venner, og ideen bak begge prosjekta var å knyte band mellom dei europeiske nasjonane og skape ein felles-europeisk kultur. Bezencon såg for seg ein felles estetikk og felles idear. Men slik blei ikkje Eurovision. Heldigvis! Men det er eit slags slektstreff for Europa, meiner Formo Hay.
Til dette slektstreffet er alle som er med i kringskastingsunionen inviterte, anten dei ligg i krig med kvarandre, er bitre fiendar eller gode grannar. Og dette kan visast på poenga dei ulike landa gir kvarandre.
- Blir det ikkje da politisk?
- Eurovison er jo kjempepolitisk! Det har det alltid vore. Om eit dansk innslag inneheld vikingestetikk og flørtar med Aust-Europa, kan dei rekne med full pott frå Ungarn, der høgrevinden blæs hardt, for eksempel. I år var vi vitne til den mest politiske Eurovision-finalen som har vore. Å stå i arenaen i Malmö, til øyredøyvande buing mot Israels bidrag, var ei veldig spesiell oppleving. Eg synest det er interessant å nytte ESC som eit prisme for å følgje den politiske utviklinga i Europa, og det er det vi ønsker å gjere med Europavisjonar.
Demokrati i praksis
Og politisk blir det også når for eksempel Jens Stoltenberg framfører Aleksander Rybaks «Thats how you write a song» frå 2018 om Noregs rolle i Libya-intervensjonen i 2011.
- Den ideen kom ganske fort, ler Formo Hay, og legg til at dei har prøvd å legge seg tett opp til kva personane som opptrer faktisk har sagt og meint. Dei har lese og sett tallause politiske talar for å vere etterrettelege.
- Ambisjonen vår er at anten du elskar Eurovision, men ikkje veit så mykje om europeisk politikk og historie, eller hatar Eurovision, men elskar politikk og historie, så vil dette vere ein underhaldande og lett måte å forstå litt av dei siste 30 åras historie i Europa.
- Men er Eurovision kunst?
- Jajaja! Det er stor kunst! Det er det største og mest spektakulære kunstprosjektet vi har, der kitch og overskridande hendingar blir viste for eit vanvitig stort publikum i heile verdsdelen vår. Og alle ser på – frå dei høgrevridde til dei venstrevridde og sentrumsnære.
Det er veldig demokratisk, faktisk.
Intervjuet er publisert 5. november 2024.