Bakgrunnsartikkel

Inspirasjon frå Elizabeth I

Mimmi Tamba har late seg fascinere av den engelske dronninga Elizabeth I sitt liv og virke.

Under hennar styre gjekk England inn i ei stormaktstid, økonomisk, kulturelt og politisk. Ho blei dyrka i si samtid og gjekk under namnet jomfrudronninga, ettersom ho nekta å gifte seg, og ho døydde barnlaus. Kva slags offer måtte ei kvinne ved det mannsdominerte hoffet gjere for å evne å halde oppe den sterke fasaden? Historiebøkene skildrar henne som eit ikon, som ein opphøgd, nærast guddommeleg, person. Ho var utdanna i humanistiske fag og interesserte seg for kunst, språk og vitskap, og ho har inspirert motedesignarar og kunstnarar gjennom fleire hundre år.
I Semper Eadem vil styrken og standhaftigheita til dronning Elizabeth I vere nokre av dygdene eg-karakteren måler seg etter.
Kva for eigne draumar må ein sette til side for tene noko større, og kva er kjernen din når «sjølvet» alltid er under press?


Artikkelen er publisert 7. november 2022.