Bakgrunnsartikkel

Ingmar Bergman (1918-2007)

Den svenske forfattaren, teater- og filmregissøren Ingmar Bergman blir rekna som ein av dei som har påverka filmen mest gjennom historia.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Bergman voks opp som det mellomste av tre barn. Mor hans var sjukepleiar med bakgrunn frå overklassa, faren var prest og kom frå enklare kår. Oppsedinga var streng og tufta på religiøse verdiar. Faren kunne til dømes finne på å stenge han inne i eit mørkt skap for å ha late vatnet i buksene. Dei som kjenner filmen Fanny och Alexander vil kanskje sjå parallellar til denne, og det er ikkje tilfeldig: Bergman henta mykje inspirasjon til verka sine frå sin eigen oppvekst og forholdet mellom foreldra, og seinare sine eigne relasjonar.

Ungt talent

Allereie som barn synte han interesse for kunsten, og berre 19 år gamal blei han leiar av eit amatørteater i Stockholm. I 1940 blei han tilsett som regiassistent ved Operaen, og same året blei han manusforfattar for Svensk Filmindustri. I 1955 fekk han sitt store internasjonale gjennombrot som filmregissør med filmen Sommarnattens leende.

Liv Ullmann og Ingmar Bergman under innspelinga av Persona. Fotograf: Ukjend.

Persona frå 1966 var Bergmans første samarbeid med skodespelar Liv Ullmann. Ho hadde rolla som sjukepleiaren Alma, og etter dette blei Ullmann ein av Bergmans faste samarbeidspartnarar. Filmen blei spelt inn på Fårø i Sverige, og regissøren busette seg her etter innspelinga og budde meir eller mindre fast på øya i 40 år, fram til han døydde. Her blei også fleire av filmane hans skapte.

Enorm produksjon

Bergman regisserte i alt over seksti filmar og dokumentarar for kinolerret og TV, og regisserte over 170 skodespel. Til dei fleste filmane stod han også bak manus. Han var nominert til Oscar heile sju gonger, og vann fleire prisar under filmfestivalane i Cannes og Venezia. Gjennom karrieren var Bergman teatersjef ved både Göteborgs Stadsteater og Kgl. Dramaten i Stockholm. Han har også regissert teaterstykke ved mellom anna National Theatre i London og Bayerische Staatsschauspiele i München. I 1967 gjesta han Nationaltheatret i Oslo.

Sven Nykvist, Bergmans faste fotograf, og Ingmar Bergman under innspelinga av Såsom i en spegel (1961) på Fårø. Dei forstod einannan så godt at dei sjeldan trong mykje tid til førebuingar før dei byrja å filme. Foto: Ukjend, Svenska filminstitutet.

Kjærleiken og døden

Det er likevel som filmregissør han blir hugsa best. Filmane hans tek ofte opp djupe eksistensielle spørsmål som kjærleik, svik og døden. Dei er rekna for å vere sjeldan uttrykksfulle grunna det uvanleg nære samarbeidet med skodespelarar og filmfotograf. Mange ser kunsten hans som noko for dei litt meir filmlærde og intellektuelle, men med Scener ur ett ektenskap og Fanny och Alexander nådde han eit breitt publikum.

Kjelder: Wikipedia og Store Norske Leksikon
Toppfoto: Joost Evers / Anefo, Nationaal Archief