Terningkast fem

«Dalseide spiller skjorten av alle Bergmanns muser»

Terningkast fem

«Stort drama i liten boks»

«Mesterlig kammerdrama»

Ingmar Bergmans film Persona frå 1966 er eit skakande og sjølvransakande meisterverk. 

Hovudpersonen er den kjente skodespelaren Elisabet Vogler, som har inntatt ei ny og uventa rolle. Ho har slutta å snakke. Den andre hovudpersonen er den unge sjukepleiaren Alma, som har fått i oppgåve å ta seg av henne. Dei to kvinnene er isolerte i eit sommarhus ved sjøen.

Roller og relasjonar blir ofte gjenstand for kritiske analysar i Ingmar Bergmans filmar. Gjennom å avkle eller belyse på nytt gir Bergman nye vinklar og nye måtar å forstå same objekt på. I Persona er det kunstnaren si rolle, og kanskje kunstnaren sitt sjølvbedrag, som blir undersøkt. Er filmen eit svar på regissørens skepsis til sin eigen bransje? Avkler Bergman kunstnaren som bruker og misbruker omgjevnadene sine for å vere skapande, eller syner han utnyttinga av medmennesket i kunstens teneste? Er det kunstnaren som forsøker å gjere seg ubetydeleg eller rollelaus og som berre kler på seg ei ny maske? 

Sjølv syntest Bergman filmen fekk for vide analysar. Kanskje er det berre det gåtefulle ved mennesket han ønskjer å løfte fram?

Finn ut meir