Bakgrunnsartikkel

Raudhette må vekse opp

- Eg har alltid vore glad i musikk, og musikalmusikk er noko heilt for seg sjølv. Og Sondheim – det er verkeleg noko for seg sjølv!

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Det er delikat og vanskeleg, for alt må vere så presist, viss ikkje rasar heile meisterverket saman. Men når det funkar, er det råkult!

Ina Svenningdal, som no skal spele rolla som Raudhette i Into the Woods, starta tidleg med teater. Ho var berre 6 år og hadde fått rolla som Åsa i NRK-serien Linus i Svingen. - Det var mor mi som fann ein notis i avisa og sende meg på audition. Men eg forstod raskt at dette var gøy, og at eg endeleg passa inn ein stad! Eg følte aldri at eg passa inn på handball- eller fotballtrening. Men på settet til Linus i Svingen fann eg noko eg likte, og som eg følte eg fekk til.

Etter kvart blei det til julekalenderserien Jul i Svingen. Og allereie her blei vegen vidare staka ut: - Regissøren fortalde meg om ein teaterhøgskole som han sa eg måtte snakke med mor mi om. Kanskje var det berre noko sånt som ein seier til barn: «Dette kan ein ha som jobb! Du kan gjere dette seinare.» Men eg hugsar eg kom heim frå opptaksdag og spurde: «Mamma, når kan eg søke på Teaterhøgskolen?» Da svarte mamma: «Okei! Først skal du gå ferdig barneskolen. Så skal du gå ferdig ungdomsskolen. Så er det vidaregåande. Og så kan du begynne å søke.»

Og det gjekk omtrent som mora hadde skissert. I vidaregåandealder bestemte ho seg for å arbeide så hardt ho kunne for at dette skulle bli ein jobb og ikkje lenger berre ein hobby. Ina Svenningdal skulle berre ein liten tur innom eit nytt konsept NRK ville teste ut. Ein serie som hadde fått namnet Skam.

Ina Svenningdal debuterte med rolla som Åsa i Linus i Svingen og Jul i svingen. Frå venstre: Akaya (Yvonne Johnsrud), Åsa (Ina Svenningdal), Linus (Jacob Borgen), Nure (Sebastian Warholm), Atif (Hassan Ali Iqbal) og Børre (Adrian Falch Karlsen). Foto: Ole Kaland/NRK

Skam

- Siste halvåret på vidaregåande skole var eg på audition for Skam. Eg visste jo ikkje kva det skulle bli, og det var eigentleg litt fint med det. Det var ein ny ting NRK skulle prøve. Og så var det gøy å kunne vere med frå starten på den reisa som det blei.

Manus og regi var ved Julie Andem, og i løpet av 4 sesongar slo serien alle tidlegare rekordar for ein nett-serie og blei eit internasjonalt fenomen. Ina spelte rolla som Chris Berg, eller «jente-Chris», ein av elevane frå Hartvig Nissen skole i Oslo.

- Vi starta innspelinga i august, og spelte inn to sesongar av Skam på sirka eitt år. Det var innspeling annakvar veke, for at det skulle komme til riktig årstid. Mens vi spelte inn siste del av sesong to, var søknadsprosessen i gang på Teaterhøgskolen. Da vi var ferdige med å spele inn sesong 2, fekk eg vite at eg hadde komme inn på KHIO. Sesong tre og fire spelte eg inn første året eg gjekk på Teaterhøgskolen.

- I starten var eg litt redd for at folk skulle tenkje at eg kom inn berre på grunn av Skam. Men eg har lært meg at det var ikkje derfor. Eg har noko anna å bidra med enn Skam. Alle i klassen min var så forskjellige, med heilt forskjellige utgangspunkt. Dessutan gjekk eg i klasse med Carl Martin, som spelte Eskild i Skam, så det med Skam blei liksom aldri nokon snakkis.

I NRK-serien Skam spelte Ina Svenningdal rolla som Chris Berg. Eva (Lisa Teige), Sana (Iman Meskini) Vilde (Ulrikke Falch) og Noora (Josefine Frida Pettersen). Foto: NRK

Teaterhøgskolen

- Teaterhøgskolen var kjempetungt. Først går ein rundt og drøymer om å komme inn, og tenker at det berre er dette ein vil. Og plutseleg kom eg inn, og da er det ikkje sånn at du flyt på ei sky i tre år. Tvert imot er det som eit mørker som legg seg over deg, du må jobbe deg ihel!

- Altså: det har vore kjempefint! Eg er så takksam for den klassa eg har gått i, som har lytta til kvarandre, vore harde, men gode mot kvarandre i tre år. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare det, men det tek opp heile deg, heile tida. Og det sleit eg litt med i starten, å innstille meg på at dette var livet mitt i tre år. Eg har liksom alltid hatt litt fleire trådar å dra i heile tida, og i starten trudde eg at eg kunne halde fram med å gjere alt mogleg anna ved sida av. Men det gjekk ikkje. Eg merkar det har forsvunne nokre kilo av skuldrene etter eg blei ferdig. Og så kjem det nokre nye kilo på, i eit arbeidsliv.

- Ein slepper jo taket på mykje som er trygt, som ein har bygd opp i løpet av tre år. Ein har dei same menneska å prate med heile tida, som ein føler seg trygg på. No i arbeidslivet skal eg byte ensemble kvar åttande veke. Det er noko heilt nytt heile tida. Det er ein heilt ny kvardag.

Inn i ein skog
og ned ein dal,
eit smil så breitt,
og stien smal.

Inn i ein skog,
kven anar kva
som ventar meg på reisa?

– Raudhette

Raudhette i skogen

Ein kan kanskje tenkje at vegen Ina Svenningdal har gått har vore lett. Frå barneskodespelar, til Skam, til Teaterhøgskolen. At ting har komme rekande på ei fjøl. Men sånn har det ikkje vore; det har vore hardt arbeid.

- Alt er ikkje slumpetreff. Ein vel vegen sjølv. Eg har jo vore på auditionar, som alle andre. Jobba med meg sjølv, manna meg opp til det, og eg synest framleis det er heilt forferdeleg skummelt. Og når ein først har fått ein jobb, må ein jo også jobbe for å halde på han.

No er ho klar for å spele Raudhette i Into the Woods av Stephen Sondheim og James Lapine, musikalen der eventyr blir blanda og gjort om til eit heilt nytt eventyr, som for første gong blir vist på ein profesjonell scene i Noreg.

Ina og Pål Christian Eggen har songprøve første gong med orkesteret på Into the Woods.

Ina Svenningdal er veldig glad i musikalteateret: - Da eg var 11 år spelte eg i Les Misérables og Annie på Lillestrøm Kulturhus. Etter det var eg selt til musikalverda. Eg har alltid vore glad i musikk, og musikalmusikk er noko heilt for seg sjølv. Eg kan ta toget og høyre gjennom ei heil musikalspeleliste, og føle at eg er med i ein film. Ein liten ting i historia kan bli til ein stor ting gjennom eit musikalsk nummer. Og det synest eg er kjempegøy!

I tida framover er det altså musikken til Stephen Sondheim ho skal bruke kveldane på. Rolla som Raudhette kan ho godt kjenne seg igjen i. Ho hugsar framleis korleis det var å vere eit barn på terskelen til vaksenlivet, korleis ho ønskte å utforske den nye verda som låg framfor henne. Raudhetterolla i Into the Woods er hakket djervare enn Raudhette slik ein kjenner henne frå eventyra.

- Ho er søt og snill utanpå, men kan også vere frekk og frampå. Det kan ein vere når ein ikkje enno har lært at verda ikkje alltid berre er trygg og god, tenkjer Ina.
For ulven vil også her prøve å lure henne, men det skjønar ikkje Raudhette. Ho synest berre han er spennande, og blir fascinert av merksemda han gir henne. Men det går jo ikkje bra for verken mora eller bestemora til Raudhette.

- Raudhette får brått ansvar for sitt eige liv, men har også fått mange nye venner ho tenkjer ho kan starte eit nytt tilvære med. Ho blir kanskje nesten litt vaksen også.