Bakgrunnsartikkel

«I Contain Multitudes» - Om den mangfaldige Bob Dylan

“Where do I begin... on the heels of Rimbaud moving like a dancing bullet thru the secret streets of a hot New Jersey night filled with venom and wonder.” (Bob Dylan – Liner Notes, Desire, 1976)

Skrive av
Johnny Borgan
Johnny Borgan
Kan over gjennomsnittet mykje om Bob Dylan.

I hælane på Rimbaud, Woody Guthrie & Hank Williams, på Shakespeare, Whitman & Jimmie Rodgers, på Homer, Ovid & Muddy Waters, på Bertolt Brecht, William Blake & Buddy Holly, på Kerouac, Ginsburg & Stanley Brothers - ja, kvar skal ein eigentleg begynne? Med det alle veit, eller det ingen veit? Med mytane, med mannen, med songaren, med musikaren, med plateartisten, med liveartisten, med poeten, med fornyaren, med tradisjonsberaren, med målaren, med skulptøren, nobelprisvinnaren eller med radioplateprataren Dylan – ja, kvar skal ein begynne? Om Dylan og folk-musikken, om Dylan og rocken, om bluesen, om Dylan og countrymusikk, bluegrass, gospel, eller om Dylan og den store amerikanske songboka? Og kva er eigentleg begynninga? Kanskje heller begynne med slutten? Nei – den kjenner vi jo ikkje enno: «It’s not dark yet, but it’s getting there.» Kanskje vi skal starte med midten?

Midt i karrieren

For 29 år sidan, det vi no veit var midten av den på den førebels 58-årige platekarrieren til Bob Dylan, fekk artisten «Grammy’s Lifetime Achievement Award», ein slags fortenestemedalje for lang og tru teneste, eller, som Dylan sjølv seinare antyda, eit slags «dødskyss», eit uttrykk for at ein ikkje lenger forventar noko av deg, at det no er på tide for fullt å kvile på laurbæra. Etter dei rosande orda til Jack Nicholson om tidenes største singer/songwriter, og etter den korte takketalen til Dylan, leverte prisvinnaren tidenes mest punkete og rå versjon av Masters of War (1963), ein mogleg kommentar til Golfkrigen som ein månads tid tidlegare hadde forlate startblokka og no var i full gang, alltid ein song til og om krigsprofitørane, den 50 år gamle Dylan kompromisslaust rockande med sitt nedstrippa Never Ending Tour-band. Ikkje eit formelt turné- eller bandnamn, men etter nokre krevjande år der Dylan leita etter mål, meining og retning, konkluderte han i 1987, etter å ha vurdert å «legge opp», med at det var nettopp dette han skulle gjere, han skulle halde fram å turnere, for alltid å vere ein «wayfaring stranger» og trubadur, stå på scenen, synge, opptre, formidle, frasere, til dei som ville høyre på, og han skulle klare å gjere det på ein måte som gjorde det interessant for han sjølv å halde fram, som gjorde det mogleg å behalde ein friskleik gjennom variasjonen av både repertoar, arrangement og framføring. Avgjerda skulle bli til ei velsigning, både for artisten og publikummet hans, og ho skulle leie til nye kunstnarlege suksessar.

Gjertrud Jynge framfører mellom andre låta Du som lever av krig / Masters of War i lag med Bjørn Sundquist.

I juni 1988 var nytt band på plass – bass, gitar og trommer bakom Dylan på gitar, det var strippa ned og nake, og det blei starten på det som etter kvart har blitt omtala som «The Never-Ending Tour». Dylan har protestert på namnet, all den tid alt har ein ende, men ein turné som har gått føre årleg og ubønhøyrleg frå 1988 og fram til i dag, fortener vel ein eigen merkelapp. Ikkje for det, Dylan har, som ofte, rett - 2020 og årets pandemi ser også ut til å vere det som, iallfall mellombels, måtte til for å sette ein stoppar for ei turnéverksemd vi ikkje har sett maken til for artistar på nivået til Dylan. Med eit snitt på nesten hundre konsertar i året, over 3100 frå 1988 og fram til i dag, har han reist verda rundt gong på gong, med skiftande bandmedlemmar (likevel ein bassist som har vore med sidan 1989) og med eit skiftande repertoar som spenner vidt, både av eigne og andre sine songar. Eit program som til tider har skifta veldig frå kveld til kveld, i andre periodar vore meir eller mindre stabilt over tid, spesielt frå 2013 og fram til i dag. «Please welcome, Columbia Recording Artist – Bob Dylan!» var introduksjonen som lenge gjaldt, same kvar i verda han kom, ein tittel han alltid har vore stolt av, heilt sidan han skreiv kontrakt med Columbia Records i 1961. Aldri ein avskjedsturné, aldri ein Greatest hits-turné, aldri ein turné med forsøk på å attskape albumversjonane av det mange vil meine er historias mest imponerande katalog av songar, både når det gjeld kvalitet og kvantitet. Dette er også understreka av at godt over 300 av songane hans er attskapt av andre artistar, i mange tusen ulike coverversjonar.

1991 var på mange måtar del av eit vegskilje for Dylan. I 1990 gav han ut albumet Under The Red Sky, men denne gongen skulle det gå heile sju år før han igjen gav ut eit album med nyskrivne låtar. I staden kom det to album med songar henta frå folk- og blues-tradisjonen, samt at Dylan opptredde i serien MTV Unplugged. I 1995 blir han invitert til å avslutte hyllingskonserten til Frank Sinatra på hans 80-årsdag, og syng songen «Restless Farewell».

Heidi Gjermundsen Broch syng Fordi eg elskar deg / Make You Feel My Love.

Mange trudde at elva hadde tørka ut, Time out of Mind (1997) slo derfor ned som ei bombe, gav han tre Grammy-statuettar, den eine for årets album, men også Grammy for årets mannlege rockevokalist. Not Dark Yet var ein av låtane, Make You Feel My Love ein annan – den fantastiske odysseen Highlands ein tredje. Eitt av dei aller beste albuma hans. Tre år seinare kom låten Things Have Changed (2000), skriven som ein del av lydsporet til filmen Wonder Boys. Songen førde til både Golden Globe Award og, ikkje minst, Oscar for beste originale song. Av alle prisane Dylan har fått er moglegvis Oscarprisen den han har vore mest stolt over, han som er filmelskar frå barndommen. (Ein liten kopi av Oscar-statuetten er framleis å skimte på scenen kvar kveld når Dylan opptrer.) Året etter, i 2001, kom nok eit geniforklart og Grammy-lønna album, Love and Theft, det første i rekka av album som borar djupt i den rike amerikanske pre-rock-tradisjonen. Dylan leiker seg som ein delfin i bølgene mellom sjangrar og tillaup til crooning, kombinert med umiskjenneleg låtskrivarfinesse og poetisk potens. Frå no av er det Dylan sjølv som produserer albuma, under pseudonymet Jack Frost. Som eit mellomspel før neste album gir han ut det første tillaupet sitt til ein sjølvbiografi – den kritikarroste Chronicles kom i 2004.

Platekontrakten til Dylan tillet han no å gi ut plater berre når han verkeleg har noko på hjartet, og det går fem år før Modern Times (2006) blir gitt ut, med nye sterke songar, som Ain´t Talkin og Nettie Moore, og med nye Grammy-prisar. Alt parallelt med forrykande turnéverksemd, men Dylan blir også dradd mot heilt nye jaktmarker. I 2006 startar han eit treårig prosjekt med radioprogram, Theme Time Radio Hour, der han gjennom 101 program temavis dykkar ned i platesamlinga si og med stor sjølvsikkerheit og høg kompetanse introduserer mer enn 1100 artistar og over 1600 songar – kvar for seg introduserte med anekdotar, vitsar eller passande avstikkarar, til resitasjon av dikt eller telefonsamtalar med Tom Waits, heile tida med glimt i auget. ( I 2020 har Dylan plutseleg gitt ut ein ny episode av serien, 11 år etter at programmet gjekk av lufta, denne gongen krinsande rundt interessefeltet whisky.) På 2000-talet blei han også utfordra til å vidareutvikle den hobbybaserte interessa si for teikning til noko meir, noko som etter kvart førde til utstillinga av både trykk, akvarellar og oljemåleri, etter kvart supplert med innovative uttrykk som Revisionist Art, Gangster Door Art Works og den første utstillinga hans av skulpturar, Mood Swings, skrapjernbaserte collagar omsette til forseggjorte smijernsportar, som ifølgje Dylan sjølve alltid har fascinert han, i det dei både kan bli brukt til å opne og lukke for verda utanfor. Han forklarer sjølv interessa delvis med at han kjem frå «the iron range», ein viktig del av næringsgrunnlaget i Minnesota: «Eg har hatt jern rundt meg heile livet.»

Ingrid Jørgensen Dragland framfører Eg er din kjærast i kveld / I’ll Be Your Baby Tonight .

I 2009 kom det heile to album, tex-mex-orienterte Together Through Life, blant anna med perlene Forgetful Heart, Feel a Change Coming On og This Dream of You, og – kven skulle ha trudd – juleplata Christmas in Heart. Inntektene til den siste går til julemiddag for fattige barn, mens innhaldet er julesongar og arrangement Dylan høyrde både Sinatra og andre synge i barn- og ungdomen hans i 40- og 50-åra. Dylan er ikkje for alle, men for mange har kontrasten mellom dei søte arrangementa og den raspete stemma til Dylan blitt ein heilt naudsynt ingrediens i julestria. 71 år gammal gir Dylan ut kritikarroste Tempest (2012), albumet som mange trur at vil bli hans siste – det er noko med både tematikken, den sterke symbolbruken, dei fem og førti versene om Titanic, hundre år etter at skipet møtte isfjellet, og tittelen (mellom anna referansen til Stormen, det siste dramaet til Shakespeare). Som vi er blitt vane med, er det nok ei begynning. I 2012 får Dylan også den høgste sivile utmerkinga i USA, Presidentens fridomsmedalje. Barack Obama deler den stolt ut: «There is not a bigger giant in the history of American Music.» Utdelinga føyer seg inn i ei lang rekke av heidersteikn gjennom karrieren, inkludert to æresdoktorgradar. Året etter blir han også innlemma i den franske æreslegionen.

Morten Svartveit framfører mellom andre Vikla inn i blått / Tangled Up In Blue .

Stemma til Dylan begynner på denne tida å bli nokså sliten av turnéverksemda, noko som også er tydeleg på dei siste konsertane i 2012. Hausten 2013, startande i Oslo Spektrum, har Dylan endra konseptet heilt då han går på scenen – stemma blir løfta fram i miksen, bandet blir tona ned, repertoaret er dominert av songar frå dei siste albuma, det er lagt inn pause midtvegs, og vokalen glimtar igjen til på overraskande vis. Sjølv spelar Dylan mest piano og litt munnspill, av og til kommer han fram på scenen, kun med mikrofon. Dette skiftet er noko av det som seinare banar vegen for Dylan sitt omfattande djupdykk i The Great American Songbook, gjennom utgivingane av albuma Shadows In The Night (2015), Fallen Angels (2016) og Triplicate (2017) – alle croona coverversjonar av songar gjort kjente av Frank Sinatra, Tony Bennett, Ella Fitzgerald og andre storleikar i ein tradisjon som av mange har blitt oppfatta som motsatsen til Dylan. Prosjektet unnlet då heller ikkje å provosere, heller ikkje at han integrerer materialet i konsertane. Dylan si særskilte evne til å dele flokken fornektar seg ikkje. Mens mange framhevar albuma som nokon av dei finaste vokalprestasjonane hans, ser andre på dei som eit svik mot ideala og uforskamma avhopparverksemd. Det blei då også ein skjebnens ironi at, midt i denne perioden, når Dylan primært står fram som songar meir enn poet, kunngjer Svenska Akademien hausten 2016 at dei har bestemt seg for å gi Nobelprisen i litteratur til vår mann, «for creating new poetic expressions within the great American song tradition». Nye kontroversar følgjer og nye mytar oppstår. Mens Svenska Akademien argumenterer sterkt og godt for kvifor den orale tradisjonen og songlyrikken er fødselen av sjølve litteraturen, korleis mykje av den største litteraturen frå Homer til Shakespeare nettopp er skrive med tanke på å bli framført frå scenen, så bruker motstandarane ein argumentasjon basert på at songlyrikken, også songlyrikken til Dylan, i liten grad kan stå på eigne bein og ikkje fortener å bli nemnd i same andedrag som dei store forfattarane. I takketalen til Dylan, som blei lesen opp på Nobelgallaen, hevdar han at han i liten grad har hatt tid til å tenke på om det han har halde på med er for litteratur å rekne, men han takkar Akademien for å ha tatt seg bryet med å undersøke dette, og for at dei «came to such a wonderful answer». I nobelforedraget sommaren etter framhevar han likevel også sterkt det spesielle med songane som medium, og at dei først og fremst er meint å bli sungne og lytta til, ikkje å bli lesne. "Øyrets poesi», som Sara Danius i Svenska Akademien kalla det. Han avsluttar foredraget slik: «Orda i skodespela til Shakespeare var meint å bli spelt ut på scenen, slik teksten i ein song er meint å bli sungen, ikkje lesen frå eit papir. Og eg håpar nokon av dykk får sjansen til å lytte til desse tekstane på den måten dei var meint å bli høyrt: på konsert eller på plate eller der folk lyttar til songar no til dags. Eg kjem nok ein gong tilbake til Homer, som seier: «Syng i meg, muse, og gjennom meg fortel historia.»»

I 2020 må Dylan halde seg heime, turnéar både i Japan og USA måtte bli avlyst grunna pandemien, for første gong etter kvilelaus turnering kvart kalenderår sidan 1986. For å høyre desse songane slik dei var tenkt å bli høyrt, må vi høyre dei på ein annan måte, på plate eller strøymetenester, eller kanskje til og med på nynorsk på Det Norske Teatret?

I slutten av mars 2020 overraska Dylan igjen, denne gongen med den plutselege utgivinga av sin til no lengste song, den nesten 17 minutt lange Murder Most Foul, spunnen rundt drapet på John F. Kennedy og den sundrivne sjela til det amerikanske samfunnet, og om den lækjande og trøystande kraftar musikken har i tunge tider. Songen blei følgd av ei helsing og ein takk til alle dei som har følgt han gjennom åra: «Stay safe, stay observant and may God be with you.» (Songen gav etter kvart Dylan den første førsteplassen hans på ei Billboard-liste, for mest nedlasta song.) I juni kom albumet Rough And Rawdy Ways, det vanskelege 39. studioalbumet. Overveldande nok moglegvis det av alle albuma til Dylan som har fått mest unisone ovasjonar verda over, eit album som har toppa listene i fleire land. Rikt, djupt og mangfaldig, både når det gjeld sjangrar og referansar. Med Black Rider utfordrar han sjølv døden til kamp, med I’ve Made Up My Mind To Give Myself To You gir han oss ein av sine mest vemodig vakre kjærleikssongar nokosinne, og med I Contain Multitudes er han kanskje meir personleg enn nokon gong. Sjølv enkelte av kritikarane som var skeptiske til nobelprisen til Dylan, gjekk no i seg sjølv og opna for at tildelinga faktisk kunne vere på sin plass. Dylan blei med dette den første artisten nokosinne som har vore på Top 40-lista med album sju tiår på rad. Og enno er det ikkje slutt. Kva så med begynninga?

Ingrid Jørgensen Dragland syng Det er kje meg, ven / It Ain’t Me, Babe.

Begynninga

Det er iallfall ein ting vi veit heilt sikkert om Bob Dylan, og det er at namnet hans eigentleg ikkje er Bob Dylan. Fødd Robert Allan Zimmerman, 24. mai 1941, på St Mary’s hospital i Duluth, Minnesota, av jødiske foreldre med røter i Aust-Europa (det jødiske namnet hans er Shabtai Zisl ben Avraham). Seks år gammal flytta vesle Robert med familien til Hibbing, der han vaks opp, lytta på radioen, begynte å synge, spele gitar og piano, rocka høglydt for ein forskrekka rektor på high school-konsertar, og skreiv i årboka at målet hans var å følgje i fotspora til Little Richard. Han hadde musikk i blodet frå starten av, og då han flytta til Minneapolis for å gå på college, blei det lite studiar om dagane og mykje musikk på kveldar og netter. Han kom over biografien om Woody Guthrie og høyrde Odetta på radioen – bytte den elektriske gitaren sin i ein akustisk, lære seg «ein million Woody Guthrie-songar» og forlet vennane sine i januar 1961 for å dra til New York for å finne Woody sjølv. Snart sat han ved sjukesenga til sjølvaste gudfaren for folk-rørsla, spelte og song for den då berre 49 år gamle Guthrie, allereie svært sjuk av Huntingtons sjukdom, i Noreg også kjent som setesdalsrykkja eller sanktveitsdans. Guthrie skal ha vore imponert over songtalentet til den unge guten, men i tvil om kompetansen som låtskrivar. Snart var Bob Dylan eit kjent namn på alle dei små spelestadene i Greenwich Village. Som ein svamp saug han til seg kunnskap, inspirasjon og songar frå eit raskt aukande nettverk av artistar – repertoaret hans auka snart som eit lyn, han internaliserte tradisjonelle folk-songar, britiske balladar, bluegrass og blues, miksa dei med songar av Woody Guthrie, og etter kvart, utan at alle merka det, også eige materiale. Når nokon spurde om bakgrunnen hans, dikta han også den, ei historie om rastløyse, foreldreløyse, omflakking og spennande møte med store artistar langs vegen og jernbaneskjenene. Han starta på nytt. Med nytt namn og ny historie. Interessa for han auka raskt, og John Hammond frå Columbia Records blei gjort merksam på han og gav han platekontrakt i oktober 1961. Dylan var 21, men song som ein gammal mann, ein som hadde sett mykje, og som særleg var opptatt av at livet var kort og døden ein realitet. Det avslutta med den gamle blueslåten See That My Grave Is Kept Clean av Blind Lemon Jefferson. Berre to eigne tekstar var med, begge med melodiar lånt frå Guthrie, den eine av dei må seiast å vere ein klassikar, Dylan sin eigen rørande hyllest til Guthrie, Song to Woody. Seinare uttalte Dylan at Hank Williams var det første idolet hans, men at Woody Guthrie var det siste, sidan han var det første idolet han møtte.

Mimmi Tamba framfører mellom andre klassikaren Som ein rullande stein / Like a Rolling Stone .

No var det verkeleg ingen veg tilbake. I august 1962 tok Robert Allen Zimmerman offisielt namnet Bob Dylan – eit kunstnarnamn som kling godt – sannsynlegvis eit langt viktigare kriterium for Bob Dylan, enn om det kjem frå Matt Dillion i Gunsmoke, som han sjølv har antyda, eller diktaren Dylan Thomas. Dylan si eiga penn sprang no lekk, og det strøymde ut nye songar i eit tempo som forbløffa dei fleste i Greenwich Village, ikkje berre i kvantitet, men i høg grad også i kvalitet. Måpande registrerte dei at den unge guten revolusjonerte låtskrivarkunsten i sanntid. Neste album, The Freewheelin’ Bob Dylan (1963) var fullt av nyskrivne låtar i eit svimlande stort spekter, både tematisk og poetisk. Med A Hard Rain’s A-Gonna Fall skreiv han allereie sitt Guernica, med ein bildebruk og ein foss av eit språk som fekk Allen Ginsburg til å gråte over at ein arvtakar etter beat-poetane var komme på plass. Songen blei skriven på eit tidspunkt i verdshistoria der Dylan tvila på at han fekk skrive så mange fleire – «kvar line er som starten på ein ny song». Med Masters of War fekk den gryande antikrigsrørsla eit nytt våpen, med Blowing In The Wind fekk borgarrettsrørsla sin nasjonalsong, og med Girl From The North Country og Don’t Think Twice, It’s All Right løfta den rastlause Dylan også kjærleikspoesien. Eit par veker før utgivinga av albumet blir Dylan invitert til Ed Sullivan Show, med eit unikt høve til å promotere seg og songane. Han bestemmer seg for å synge Talkin’ John Birch Society Blues, ei beisk og humoristisk nidvise mot anti-kommunist-organisasjonen John Birch Society. Produsentane begynner å sveitte etter lydprøven, sannsynlegvis av omsyn til både eigarar og annonsørar. Dei ber Dylan synge ein hyggelegare song, kva med Blowing In The Wind? Dylan spenner av seg gitaren, legg han i gitarkassen, forlet studio og ser seg ikkje tilbake.

Heidu Gjermundsen Broch syng Ein kopp til med kaffi  (ned i neste dal) / One More Cup of Coffee (Valley Below) .

Songane held fram med å strøyme på, langt fleire enn dei som fekk plass på album, men året etter kom The Times They Are A-Changin’ (1964), det ultimate «protestalbumet» med ei lang rekke songar som utfordra det etablerte, både i historieforståinga, som i With God On Our Side, og i samfunnsanalysen, som i Only A Pawn In Their Games og The Ballad of Hollis Brown. Nokre svært vakre kjærleiksballadar blei det også plass til, One Too Many Mornings og Boots of Spanish Leather, iallfall delvis inspirert av Dylan sitt forhold til Suze Rotolo, jenta frå framsida på Freewheelin’. Allereie på dette tidspunktet hadde Dylan etablert ein så sterk katalog av songar at den for mange har blitt sementert til ein avgrensa definisjon av kva Dylan faktisk er og har skapt. Framleis er det mange som strøymer til konsertane til Dylan nettopp for å høyre desse songane, men som forlet slukøyra utan å ha fått oppfylt forventninga. For Dylan var det viktige steg på vegen, men han måtte vidare. Allereie same år kom Another Side of Bob Dylan med eksplosiv og tungt symbollada poesi som Chimes of Freedom, komplisert parterapi i It Ain’t Me, Babe og den sjølvreflekterande My Back Pages: «I was so much older then, I’m younger than that now», før han med Bringing It All Back Home (1965) introduserte elektrisk gitar og bakking, rappa i Subterranean Homesick Blues og overfall sanseapparatet på svimlande vis i Mr Tambourine Man. Kjærleiken og kompleksiteten i han finst overalt, her i songar som She Belongs To Me og Love Minus Zero/No Limit. Politisk sting er det framleis plass til, men i eit meir poetisk språk, som i Maggie’s Farm. Dette er også låten han 25. juli bruker til å skremme Pete Seeger på flat mark på den pyntelege Newport Folk Festival, der ingen visste eller forventa kva dei no skulle bli vitne til. Væpna til tennene, med sin eigen Stratocaster og med Michael Bloomfield som skremmande medgitarist, var det denne historiske kvelden Bob Dylan verkeleg «went electric». Det var her delar av folk-publikummet som elska kronprinsen sin for det anti-kommersielle gitar- og munnspelet hans, skjønte at Dylan no vende dei ryggen og gav seg rocken og forfallet i vald. Det blei bua, og flokken delte seg, éin av mange gonger når det kom til Dylan. Han avslutta settet med It´s All Over Now, Baby Blue: «Strike Another Match, Go Start Anew.» Ein ny slutt. Ei ny begynning. «He Not Busy Being Born, Is Busy Dying,” som Dylan sjølv har sagt det i It’s Alright, Ma (I’m Only Bleeding) (1965). Eit motto han for alltid skulle leve opp til.

Paul-Ottar Haga framfører Kvil, kvinne, kvil / Lay, Lady, Lay.

På Newport introduserte han også den på tidspunktet ikkje utgitte songen Like A Rolling Stone (1965), som seinare har blitt kåra til den største av alle rockelåtar. Den skulle opne albumet som kom månaden etter, Highway 61 Revisited - på dette tidspunktet ein uhøyrd lang låt - over seks minutt i eit hav av lette poplåtar på under tre. Men det stoppa ikkje der. Tittellåta, den kafkaske Ballad of a Thin Man, Just Like Tom Thumb’s Blues og det over elleve minutt lange eposet Desolation Row beviser at overflødigheitshornet ikkje er tomt, her er det eit rikt nobelprismateriale godt som noko. 16. mai 1966 kjem det tredje albumet i tidenes rock-trilogi, Blonde On Blonde, kvelden før det blir ropt «Judas!!!» til Dylan på scenen i Manchester, England, han, ivrig turnerande, bakka av dei som etter kvart skulle bli mest kjente som «The Band». Flokken delte seg under heile verdsturnéen, nokre gonger med dei som bua i fleirtal, andre gonger i mindretal. Dylan befalte bandet ikkje å la seg bekymre, berre spele det beste dei var gode for. Og det gjorde dei.

Det nye albumet skin for mange som det aller ypparste Dylan har gjort, ikkje minst for dei som var der då det small, sjølve symbolet på tidspunktet der den kulaste stemma, den sterkaste poesien og den finaste musikken smelta i hop i eit vedunderleg uttrykk. Alle sider av kjærleiken blei femna, lysta i I Want You, saknet i Visions of Johanna, distansen og tvisynet i Just Like A Woman, oppbrotet i Most Likely You Go Your Way (And I’ll Go Mine), sjalusien i Leopard Skin Pill-Box Hat og den grenselause kjærleikserklæringa i Sad-Eyed Lady of the Lowlands, spora som med sine over elleve minutt dekka heile siste side på rockens første dobbelt-album.

Bjørn Sundquist framfører Langsmed heile vakttårnet / All Along the Watchtower.

Ei ny fase var over. Dylans vanvettige aktivitetsnivå og produksjon, tre historiske album i løpet av femten månader, turnélivets gleder, sorger og farar, kombinert med at han i løpet av dei siste månadene også hadde rokke å gifte seg med si Sara og å få sin første son, alt dette i halsbrekkande tempo, kulminerte i den segnomsuste motorsykkelulykka i juli 1966. Kor fysisk alvorleg den var, veit vi ikkje sikkert, men turnéar ble avlyste, og Dylan trekte seg tilbake til heimen sin i Woodstock, borte frå offentlegheitas lys, og turnerte ikkje igjen før i januar 1974, sju og eit halvt år seinare. Rommet for spekulasjonar var enormt, men det blei ikkje tatt til motmæle. Han var iallfall ikkje død, slik eitt av rykta påstod.

Livet på landet var godt for Dylan, men det som utanfrå kunne sjå ut som sabbatsåret 1967 var slett ikkje uverksamt. Ikkje nok med at den første dottera hans i lag med Sara blei fødd og at han på tampen av året spelte inn og gav ut «rockens første bibelske album», John Wesley Harding, men i kjellaren på huset «Big Pink» i Woodstock møtte Dylan nesten dagleg opp for jam-sessions og utprøving av ein stri straum av nye låtar, blanda med ein sprudlande kakofoni av coverversjonar, der han dreiv vaksenopplæring i tradisjonen for The Band-medlemmane som kompa ham. Inga offisiell utgiving låg føre før i 1975, men stoffet skulle danne grunnlaget for rockens første piratutgivingar, spor som kom på vidvanke når andre artistar fekk tilgang til demoar frå det som seinare skulle bli kjent som Basement Tapes. Her blei I Shall Be Released til, her blei Mighty Quinn til, This Wheels On Fire, You Ain’t Going Nowhere, I´m Not There og mange, mange fleire. I tillegg til dette skreiv Dylan ei rekke songar som blei lagt i ei skoeske og gitt til andre artistar mange tiår seinare. Sabbatsår? Særleg! I staden blei viktige grunnsteinar for countryrocken lagt på golvet i ein kjellar i Woodstock.

Mens dei første albuma blei spelte inn i New York, ønskte Dylan ei endring allereie ved innspelinga av Blonde On Blonde - med producer Bob Johnston dreg han til Nashville og plukkar kremen av erfarne studiomusikarar – saman skaper den nye unionen av musikarar «that wild, mercury sound», noko som igjen dannar grunnlaget for at ei rekke nye artistar vender seg mot country-hovudstaden. Dylan held fram med å lage plater i Nasvhille, både John Wesley Harding (1967) med låtar som All Along The Watchtower og I’ll Be Your Baby Tonight, Nashville Skyline (1968) med Lay Lady Lay og Self Portrait (1969) med ein overraskande jambalaya av eigne og andre sine songar. Tre nye album, samt eitt nytt barn kvart av åra. Musikken er dempa og heller mot country. Den einaste heile konserten han speler mellom 1966 og 1974 er den på Isle of Wight i 1969, i kvit dress og med The Beatles i publikum, slik dei var det i London i 1966. Dylan har fire barn på dette tidspunktet, inkludert dottera til Sara frå tidlegare ekteskap. Det femte er på veg. Det begynner å bli slitsamt med alle dei valfartande fans som prøver å trenge seg inn på Dylans einemerke for å få løysing på livets gåter.

I 1970 er Dylan tilbake i New York for å spele inn plate, resultatet blir New Morning, ei vriding mot eit meir urbant og til tider jazza uttrykk. If Not For You og The Man In Me er to av songane. Framleis er det ein annleis Dylan vi høyrer, og kritikarar og publikum er slett ikkje heilt sikre på at han er «tilbake». I 1971 gjer han stor suksess ved å stille opp på Bangla Desh-konserten til George Harrison, og i 1973 lagar han lydsporet til westernfilmen Pat Garrett & Billy The Kid, der han til og med speler ei lita rolle, i lag med hovudrolleinnehavar Kris Kristofferson. Knockin’ On Heavens Door er den mest kjente av somgane frå dette prosjektet. Like før turnélivet skal starte på nytt kjem albumet Planet Waves (1974). Mange fine songar, vakre Forever Young, skrive til sonen hans, er den best kjente av dei. Dylan er bakka av The Band både på plate og turné. Konsertbillettane blei rivne vekk, og den store tilbakekomsten for Dylan er eit unekteleg faktum.

Trass i godkjentkarakterar, det er ikkje før Blood On The Tracks dukkar opp i januar 1975 at dei verkelege superlativa blir tatt i bruk igjen. Tittelen er treffande og dekkande, dette er Dylan på kanskje sitt aller ypparste, den mangefasetterte kjærleiken blir måla ut i eit nytt språk, men likevel umiskjenneleg dylansk. Tangled Up In Blue, Simple Twist of Fate, If You See Her, Say Hello, Idiot Wind – ein uslåeleg suite av store songar, mitt absolutte favorittalbum, og det av Dylans album på Rolling Stones si nyleg oppdaterte liste over tidenes 500 beste album, som blir rangert høgast (på ein 9. plass). Albumet er ofte omtala som «skilsmissealbumet» til Dylan, men den merkelappen blir for tabloid og avgrensande. Smertefullt til tider, men også vakkert, fortryllande, djupt, klokt og med eit nærvær i vokalen til Dylan, som i lag med den unike timinga og fraseringa hans gjer albumet til ei stor oppleving kvar gong ein høyrer introen til den songen som på norsk har blitt kalla Vikla inn i blått, og til det ebbar ut i Buckets of Rain. For første gong toppar Dylan Billboard 200.

Før viraken om det store album-comebacket er over, er Dylan i full gang med nye songar og med nytt albumprosjekt. Før sommaren er over er det meste på plass, og det heilt nye, lett eksotiske lydbildet med Scarlett Rivera på fiolin, gir oss bilde på netthinna av både sigøynarar og grenseland, av lovbrytarar og urettferdig dømde, vare kjærleikssongar og harmdirrande oppgjer med eit USA der eg-et i songen skammar seg over å bu i eit land «where justice is a game». Hurricane og historia om den drapsdømde svarte boksaren Rubin Carter slår an tonen, One More Cup of Coffee gir oss ein av Dylans aller mest følsame vokalprestasjonar, mens den rørande og lågmælte Sara blir den siste utgitte songen før ekteparet Dylan skil endeleg lag i 1977.

Trass braksuksessen med turné i 1974, også her vil Dylan ha endringar – han etablerer eit omreisande sirkus av ein turné, døypt Rolling Thunder Revue, masse vennar og gjestar på scenen, ein to-delt turné med dramatisk stemningsskifte frå første kapittel hausten 1975, til andre kapittel våren 1976, moglegvis i takt med turbulens i ekteskapet. Legendarisk på så mange måtar, den første delen fantastisk dokumentert og dramatisert i Martin Scorseses sin Netflix-film frå 2019, den andre i TV-filmen Hard Rain (1976).

Dylan har verkeleg fått smaken på turnélivet igjen, i 1978 turnerer han verda rundt med stort og potent band og eit kor av sterke damestemmer – det er radikalt nye arrangement av songane, det er fiolin og fløyte og saksofon og kvite dressar involvert, nok ein gong er mottakinga delt, frå dei som oppfattar dette som det største dei har opplevd, til dei som spekulerer i om Dylan har bestemt seg for å følgje i Elvis sine fotspor, og då ikkje positivt ment. Albumet Street Legal blir spelt inn, live i studio, i løpet av året, breiddfullt av nye poetiske og musikalske kuvendingar frå førre utgivinga. Changing Of The Guards og Senór er to av dei sterkaste låtane.

Om turnéen i 1978 var kontroversiell, var han for ein mild bris å rekne opp mot det som no skulle komme. Sjølv om både gamle og nye testament hadde vore rike inspirasjonskjelder for Dylan gjennom heile karrieren, blei det for mykje for mange då han i 1979 gav ut Slow Train Coming, ein knalltøff produksjon og ei gyllen innspeling frå Muscle Shoals, med nokre av dei aller finaste augeblinkane til Mark Knopfler som gitarist. Producer Jerry Wexler, som produserte både dettee og neste album, Saved i 1980, har uttalt at han har arbeidd med berre tre geni i livet sitt: Ray Charles, Aretha Franklin og Bob Dylan. Litt av ein gjeng. Hadde det så berre ikkje vore for eit tekstunivers som, trass samfunnskritikken også nærma seg gospel på det første albumet, og som så stod med begge beina planta i bedehuset på den neste, så hadde dette nok kunne gå bra. Store delar av fansen snudde ryggen til Dylan då han antyda religiøse svar på livets gåter og utfordringar, endå fleire då han på konsertane berre spelte dei nye songane sine, ingen av dei «gode, gamle». Kompromisslaust, nok ein gong. Ikkje for det, Jann Wenner i Rolling Stone framheva det som for meg alltid har vore det største med Dylan, den unike formidlingsevna hans: «Bob Dylan is the greatest singer of our times. No one is better. No one, in objective fact, is even very close. His versatility and vocal skills are unmatched. His resonance and feeling are beyond those of any of his contemporaries. More than his ability with words, and more than his insight, his voice is God’s greatest gift to him.» Grammy-komiteen var einig med Wenner, og gav Dylan hans første og svært velfortente Grammy - årets beste mannlege rockevokalist for opningssporet Gotta Serve Somebody.

Sjølv om Shot of Love (1981) har blitt nemnt som det siste albumet i ein gospel-trilogi, stemmer ikkje dette heilt – ingen av låtane kan seiast å ha eit reint gospeltema, heller ikkje det vedunderlege avslutningssporet Every Grain Of Sand, ein av dei aller finaste songane til Dylan.

Han turnerer i 1979 og første del av 1980 med berre gospel-songane, før han hausten 1980 begynner å mikse gammalt og nytt, noko han også gjer på verdsturnéen i 1981. Den fantastiske arkivutgivinga Trouble No More (2017) dokumenterer perioden til fulle, og har fått mange kritikarar til å revurdere kritikkane sine – dette er Dylan som vokalist på noko av sitt aller beste, dette er song frå djupet av sjela, frå ein stad djupare enn orda, dette er musikk for både truande og tvilande.

80-talet var eit musikalsk krevjande tiår for mange. Teknologiske moglegheiter blei både brukte og misbrukte, og mykje av musikken har eit meir datert preg enn mykje frå tiåra før. I nokre tilfelle stemmer dette også for Dylan, sannsynlegvis med Empire Burlesque (1985) som det beste, eller verste, dømet. Fleire av songane druknar i produksjonane, også dei finaste av dei. Infidels (1983), med Mark Knopfler som producer og gitarist fungerer langt på veg, men er likevel «lyden av 80-talet». Like fullt, songar som Jokerman, Sweetheart Like You og I And I held skyhøg kvalitet, for ikkje å snakke om songen som ikkje blei utgitt før år seinare, den fantastiske Blind Willie McTell (1991). Vokalprestasjonane og fraseringane er formidable.

Knocked Out Loaded (1986) verkar det som om Dylan verkeleg strevar med å finne ut av ting, eit samanraska hastverksprodukt, men eposet Brownsville Girl gjer at vi kan tilgi det aller meste. For meg ligg denne «road-movien» av ein song høgt oppe på favorittlista, og Dylan syng som ein…., ja, som berre Dylan kan synge – og snakkesynge. Meisterleg.

Down In The Groove (1987) held fram i same sporet som førre albumet, er meir openbert eit cover-album, men med eit par av Dylan sine eigne låtar som har blitt til overs. Nokre fine ting innimellom, absolutt, men ikkje overtydande for det store publikummet. Begynner låtskrivaråra verkeleg å tørke heilt ut no, tenker nok mange, mens andre mellombels gler seg over eit herleg intermesso med superbandet Travelling Wilburys, der Dylan gjer ein strålande figur. Likevel - gleda over Oh Mercy (1989) med Daniel Lanois som producer, blir for mange endå større. Nydeleg produksjon, Dylans vokal blir køyrd fram på glitrande vis i songar som Man In The Long Black Coat, Most of the Time og Shooting Star, og viser seg frå heilt nye sider i låtar som What Was It You Wanted og Series of Dreams, ein av songane som var til overs (utgitt først i 1991). Ei mystisk helsing på albumet Under The Red Sky i 1990, viser seg mange år etter å ha vore til nok ei dotter, fødd i 1986, i eit ekteskap ukjent for offentlegheita til mange år etter at det var både komme og gått. Under The Red Sky klarer ikkje å halde det same høge og heilstøypte nivået som Oh, Mercy, er slett ikkje utan fine augeblinkar, men verkar til tider uinspirert og utan fokus. Var Oh Mercy verkeleg det siste blaffet av storleik? Hm…. Tida skulle vise det annleis. Sju år etter kom Time Out of Mind.

Ina Svenningdal framfører mellom andre låta Alt omkring er i endring / The Times They Are A-Changin’.

Not Dark Yet

Bob Dylan var i 1991 berre komme midtvegs, men har i nesten heile karrieren sin måtta finne seg i å leve i skuggen av, og kampen mot, den ufatteleg høge standarden han sjølv tidleg hadde etablert som låtskrivar og artist. Det skal ein sterk rygg til for å klare dette, men produktiviteten dalte knapt på noko tidspunkt. Dette har ikkje minst blitt understreka av den eskalerande utgivingstaka av arkivmateriale dei seinare åra, både live og frå studio, først hinta til på utgivinga av Biograph (1985), men verkeleg sett i system med Dylans eigne Bootleg Series, dei første voluma i 1991, den førebels siste, volum 15 i 2019 – og det er meir der det kjem frå. Spørsmålet om kva format som vil bli nytta for framtidige utgivingar vil bli svært interessant å følgje, la oss håpe at digitaliseringa ikkje skal bli til hinder, men til hjelp for å få ytterlegare stoff fram i lyset.

Bob Dylan Archive er de siste åra etablert ved Universitetet i Tulsa, Oklahoma, side om side med Woody Guthrie-arkivet, og skal allereie vere det største arkivet for nokon nolevande kunstnar. Eit Bob Dylan-senter er planlagt opna der – bank i bordet – i 2021.

Bjørn Sundquist framfører Ikkje mørkt enn / Not Dark Yet.

Dylans vedvarande evne til ikkje å la seg distrahere av fortida, men til å sjå framover, til å finne nye vegar, nye ord og nye fraseringar gjer at vi, inn mot 80-årsdagen i mai neste år, framleis ikkje kan unngå å håpe på nye verk og songar som understrekar den unike posisjonen hans, ikkje berre som talsmann for sin generasjon, men for alle generasjonar. Han innser sjølv at han ikkje kan gjere det same no som han gjorde i ungdommen, men peikar likevel på at han kan gjere andre ting no – sjå andre ting, skjønne andre ting. Sånt blir det kunst av.

Eg hadde den store gleda av å sjå fire av Dylans til no siste konsertar hausten 2019, på det fabelaktige Beacon Theatre i New York – ei nydeleg ramme om fantastiske konsertar. At han drog fram Lenny Bruce (1981) kan bli sett som eit passande forsvar for ytringsfridomen, som er heilt på sin plass, mens det heilt nye arrangement hans av Not Dark Yet for alltid vil bli ståande som noko av det aller finaste eg har høyrt han gjere – og som på rørande vis kompletterer vegen frå See That My Grave Is Kept Clean og fram til i dag – det er nokre raude trådar i den vakre og mangfaldige veven, trass alt:

I was born here and I'll die here, against my will
I know it looks like I'm movin' but I'm standin' still

Every nerve in my body is so naked and numb
I can't even remember what it was I came here to get away from
Don't even hear the murmur of a prayer
It's not dark yet, but it's getting there