Bakgrunnsartikkel

Herman Melville

Monsteret, mytane og menneska som inspirerte Herman Melvilles Moby Dick.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

«Kall meg Ismael». Sånn startar romanen Moby Dick, og setninga har blitt ståande som ei av dei mest kjente opningslinene i litteraturhistoria.

Men på slutten av livet hadde den amerikanske forfattaren Herman Melville forlete romanen som sjanger. Gløymt av samtida, skreiv han poesi utan håp om å nå eit større publikum.

Først mange år etter Melvilles død, og 50 år etter at boka blei utgitt, blir Moby Dick henta fram igjen. Denne gongen blir romanen betrakta som eit storverk i amerikansk litteraturhistorie og lese som eit høgdepunkt i den amerikanske romantikken. I dag er Moby Dick eit av verdslitteraturens mest sentrale verk.

Ein tidleg illustrasjon frå Moby Dick. Foto: Wikimedia Commons

Monsterkvalen

Herman Melville blei fødd i 1819 i New York City. Etter at faren døyr hamnar familien i økonomiske vanskar, og 20 år gammal reiser han til sjøs for første gong. Han tek arbeid på handelsskipet St. Lawrence som segla mellom New York og Liverpool. Der er han ein såkalla «green hand», uerfaren, nedst på rangstigen, dårlegast betalt.

To år seinare, i 1841, får han jobb på eit nytt skip; kvalfangsskipet Acushnet. Truleg var Melville fascinert av dei eventyrlege historiene om jakta på ein stor, kvit spermkval kalla Mocha Dick som verserte på den tida. Denne albinokvalen levde i Stillehavet, nær kysten av Chile, på byrjinga av 1800-talet, og skulle visstnok vere nær umogleg å fange. Ifølgje den amerikanske oppdagaren og forfattaren Jeremiah N. Reynolds hadde kvalen overlevd minst 100 trefningar av kvalfangarar før han til slutt blei drepen. Reynolds delte førstehandserfaringa si i ein populær artikkel i 1839. Her beskriv han Mocha Dick som eit monster, «ein gamal kvalokse av enorm storleik og styrke... kvit som ull». Da kvalen til slutt blei tatt, hadde han tjue harpunar i kroppen.

Etter eitt og eit halvt år til sjøs på kvalfangstskipet, mønstra Melville og ein kompis av båten i øygruppa Nuku-Hiva i Fransk Polynesia i det sørlege Stillehavet. Nokre år seinare kom han tilbake til USA, og i 1846 kom hans første bok, Typee, basert på opplevingane på Marquesasøyene. Boka blei utgitt som ei reiseskildring og blei ein bestseljar i England, og seinare i New York.

Fem år og fire bøker seinare kjem det som i dag er rekna som Melvilles hovudverk, Moby Dick. Han brukte nesten attan månader på å skrive den, og nesten eitt år meir enn han hadde lova forlaget. Under arbeidet skreiv han til forleggjaren sin og omtala verket som «ein eventyrromanse basert på ville legender frå det sørlege spermkvalfisket». Sjølv om originalmanuskriptet ikkje eksisterer lenger, veit ein at Melville endra manuset drastisk undervegs. Utover å dra på eigne erfaringar frå opplevingar til sjøs, basert Melville seg på legenda om Mocha Dick og Reynolds beretningar om denne. Ikkje minst Reynolds skildring av kapteinen, som har fleire likskapstrekk med Akab, kapteinen på skipet Pequod i Moby Dick.

I tillegg til dette henta Melville inspirasjon frå ei anna sann historie frå samtida. Det dramatiske forliset til kvalfangstskipet Essex.

Skipsforliset

Kvalfangstskipet Essex hadde rykte på seg for å vere eit heldig skip. I sine tjue år på havet, hadde det gitt svært gode inntekter. Men i november 1820 blei skipet angripe og søkkt av ein spermkval i det sørlege Stillehavet.

Mannskapet på tjue fekk samla det dei kunne av proviant opp i nokre av småbåtane som hadde overlevd angrepet, og laga provisoriske segl. Den næraste øya var i øygruppa Marquesasøyene, men frykta for kannibalar gjorde at dei tok den mykje lengre reiseruta mot vestkysten av Sør-Amerika, om lag 2000 nautiske mil unna. Dei rasjonerte maten frå start, men fordi mykje var eksponert for sjøvatn, blei tørsten raskt eit problem. Når ferskvatnet var drukke opp, måtte mannskapet drikke eigen urin.

Teikning av kvalskipet Essex, frå The Nantucket Historical Association. Foto: Wikimedia Commons

Etter ein månad til sjøs kom dei skipbrotne til det dei trudde var Ducie-øya, del av øygruppa Pitcairnøyene. I røynda var det den ubygde Hendersonøya dei hadde nådd. Her var det ei lita kjelde med ferskvatn, og dei utsvelta mennene åt fuglar, krabbe og egg dei fann på øya. Men ressursane ville ikkje vare lenge, og dei konkluderte med at dei måtte reise vidare. Tre av dei bestemte seg likevel for å bli verande på øya mens dei venta på hjelp.

Dei 17 andre sette igjen kursen mot Sør-Amerika, med planar om å nå Påskeøya. Dei hadde lite vern mot elementa på det opne havet, og dei tre båtane forsvann frå kvarandre. Mannskapet blei dehydrerte, og svolt gjorde at dei til slutt tydde til kannibalisme ved at dei åt dei døde kameratane sine.

Da dei til slutt blei redda, tre månader etter forliset, var det berre fem av dei 17 igjen i live. Sju av dei avlidne var etne. Dei overlevande fekk gitt beskjed om dei tre som blei verande igjen på øya, og nesten eitt år etter forliset av Essex, blei dei redda frå Hendersonøya og frakta til Australia.

Dei dramatiske vitnesbyrda fekk internasjonal merksemd. Ein av dei overlevande, Owen Chase, fortalde historia att i «Narrative of the Most Extraordinary and Distressing Shipwreck of the Whale-Ship Essex». Herman Melville interesserte seg for denne historia, og skal ha spekulert i at om dei hadde følgt kapteinens plan om å segle mot Tahiti, ville alle ha overlevd. Også forteljinga om Essex blei inspirasjon til romanen Moby Dick 30 år seinare.

I 1956 kom den første lydfilmen av Moby Dick, med manus av Ray Bradbury og regi ved John Huston. Gregory Peck spelte rolla som kaptein Ahab, og på filmplakaten blir han omtala som «... the fiery man-without-a-woman». Foto: Flickr

Mottaking og ettermæle

I oktober 1851 blei The Whale utgitt i Storbritannina i tre delar, trykt i 500 eksemplar. Ifølgje biograf Laurie Robertson-Lorant var denne britiske utgåva sterkt sensurert på fleire stadar. Mellom anna handla dette om blasfemiske passasjar, seksuelt innhald og innhald som kunne krenke kongehuset eller den britiske sjølvkjensla. Ein annan vesentleg skilnad på førsteutgåva og seinare utgåver, er at epilogen, der forteljaren Ismael på mirakuløst vis overlever forliset, var utelaten frå denne første versjonen. Og tittelen på førsteutgåva var altså The Whale.

Under ein månad seinare blei den utgitt i USA i eitt band og nær 3000 eksemplar. Denne gongen med tittelen Moby-Dick; or The Whale. Boka fekk blanda kritikkar, og spesielt i USA fekk den ganske hard medfart. Avisa The Boston Post skreiv at The Whale ikkje var verd prisen på 1 dollar og 50 cent, «verken som litterært verk eller som ein bunke trykt papir».

Moby Dick blei aldri ein kommersiell suksess for Herman Melville. Dei siste 20 åra av livet jobba han som tollinspektør i New York for å tene til livets opphald. Da han døydde i 1891, var boka ikkje lenger i sal.

Først i 1917 blir Moby Dick løfta fram frå gløymselen av den amerikanske forfattaren Carl Van Doren, og etter kvart utpeikt som ein viktig del av litteraturhistoria og som eit hovudverk i den amerikanske romantikken. Nær hundre år etter utgivinga, i 1948, kjem den på norsk for første gong, omsett av Daisy Schjelderup. I 2009 kjem ei ny norsk utgåve av Moby Dick, og for dette arbeidet får omsetjar Bjørn Alex Herrman Brageprisen. Juryen kallar nyomsettinga av denne ‘tidlause klassikaren med ei heilt eiga sprengkraft’ for ein «litterær begivenhet».

I dag finn vi Moby Dick i eit utal adaptasjonar. Det har blitt laga filmar, TV-seriar, bøker og teikneseriar, og boka har inspirert enda fleire kunstnarar i deira kunstnarskap. Da artist og låtskrivar Bob Dylan vann Nobelprisen i litteratur i 2017, refererte han til Moby Dick som eit verk som har inspirert fleire av låtane hans.

På dei 172 åra som har gått sidan utgivinga, har Moby Dick blitt eit kulturelt ikon og ein del av vårt kollektive referansegrunnlag. Ei storslagen forteljing om menneske mot natur som stadig nye generasjonar kan erobre.

Hovudbilde i artikkelen: Portrett av Herman Melville, kunstnaren er Joseph Oriel Eaton. Måleriet heng i dag på Houghton biblioteket på Harvard University.