Bakgrunnsartikkel

Boksing, pugging og enda meir trening

Heidi Gjermundsen Broch har dykka ned i Beate Grimsruds siste roman. Fem hundre sider med kreft, smertefull behandling og endelaus venting på testsvar er kanskje ikkje draumelektyren, men så er det heller ikkje nett det "Eg føreslår at vi vaknar" eigentleg handlar om.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

- Det er ei historie om livstrong, ikkje om døden, seier skodespelaren entusiastisk.

Trass i det dystre temaet, er boka av dei mest fascinerande, raraste og underhaldande Heidi Gjermundsen Broch har hatt mellom hendene. I haust spelar ho hovudkarakteren Vilde Berg når romanen blir dramatisert for Scene 2. Vilde er dramatikar, forfattar, kjærast, dotter, syster, venninne og boksar. Og no også kreftpasient.
- Den ytre handlinga er jo at Vilde blir ramma av kreftsjukdom og prøver å handsame livet etter kvart som det herjar med henne. Men Beate Grimsrud skriv så morosamt og klink levande.

Det er mange år sidan Heidi Gjermundsen Broch let seg fange av Beate Grimsruds litteratur. En dåre fri var første møtet, ei bok som trefte henne sterkt.
- Den handlar om ei ung dame som vi følgjer frå barndommen og gjennom eit turbulent liv. Ho har store utfordringar med psykisk sjukdom og er innlagt på institusjon i lange periodar. Men gjennom alt dette kaoset i livet hennar er det ein slags laserstråle av kunstnarleg virke. Sjølv når ho er på sitt sjukaste, så skriv ho så det sprutar.

Gjennomførings-kraft

Det fasinerte Heidi så sterkt at ho gjekk til teatersjefen og lurte på om denne teksten var noko for scenen.
- Eg skjønte kjapt at det var eit skrekkeleg dårleg innsal! Hahaha. Eg har aldri hatt den krafta og sjølvtilliten til å klare og drive gjennom eit slikt prosjekt.

Beate Grimsrud (1963-2020) var eit fargerikt innslag i den skandinaviske litteraturen. Ho hadde ein heilt særeigen stil, både i skrift og framtoning. Foto: Tor Stenersen, Aftenposten/NTB.

Heidi Gjermundsen Broch kunne likevel ikkje la det ligge. Ho trefte forfattaren ein gong. Etter eit bokbad på Litteraturhuset gjekk ho fram og prata med Beate Grimsrud. Det førte til ein viss kontakt. Dei sende e-postar til kvarandre, diskuterte om det var mogleg å løfte litteraturen hennar inn i scenerommet og forsøkte å stable eit samarbeid på beina. Grimsrud hadde jo også noko dramatikk liggjande.
- Men det førte aldri til noko. Ikkje før Charlotte Frogner kom og fortalde at ho hadde lese Jeg foreslår at vi våkner som lydbok. Ho visste jo at eg var begeistra for Grimsrud og var fast bestemt på å lage teater av boka. Eg jubla sjølvsagt. Charlotte har nemleg den gjennomføringskrafta som trengst, så da blir det jo noko av. Ho skal ha regi, eg får spele hovudkarakteren, Vilde Berg. Det er jo fantastisk.

Heidi Gjermundsen Broch har lenge vore fan av Beate Grimsruds bøker. At ho no skal spele karakteren Vilde Berg er både stort - og litt overveldande. Foto: Monica Tormassy.

Vilde Berg er midt i livet. Ho bur i Stockholm med kjærasten O, skriv teaterstykke og reiser ofte til sommarhuset som dei begge elskar å vere i. Ho har mange vener og ein stor familie i Noreg. Ho har så mange historier i seg at dei fleste aldri blir ferdige. Ho har ein rev og ei rotte, to imaginære skapnader, som dukkar opp når ting blir vanskelege og ikkje mogleg å kontrollere. Som no, når ho får eit brev frå Karolinska Sjukhuset.
- Beate Grimsrud sjølv har aldri vilja seie noko om kor nær ho er sanninga i fiksjonen sin. Ho har aldri vilja svare på det. Men om ein ser litt nærare på hennar eige liv, så forstår ein jo at det ho skriv så avgjort er fiksjon, men at ho i periodar ligg tett opp til eige liv. Det gjer det jo ekstra fasinerande.

Ein særeigen forfattar i den nordiske litteraturen

Beate Grimsrud var knapt 57 år da ho døydde. Aftenpostens bokmeldar Atle Christiansen hevda at Jeg foreslår at vi våkner var krona på det litterære verket hennar. Å kalle det eit litterært meisterverk blir fattig, bøkene hennar uttrykker ein menneskeleg triumf, sa Christiansen da dødsfallet blei kjent.

Beate Grimsrud ved sommarhuset sitt. Liksom hovudpersonen i romanen budde ho i Sverige og var ein ivrig boksar.
Det er likevel ikkje verkelegheitslitteratur Beate Grimsrud har skrive. Foto: Daniella Backlund, Svenska Dagbladet/NTB.

I minneordet over Grimsrud skreiv han at ho ikkje gav seg friviljug. Den gamle bokseren ga seg ikke uten kamp. Ikke uten diskusjoner med Vårherre, fanden og hans oldemor og hvem man nå diskuterer livets utgang med. Jeg kjente henne bare gjennom bøkene, men der var hun en fighter, fotballspiller og bokser og en sansende kunstner som stadig innlemmet nye innfall i sine fortellinger, stod det i Aftenposten. Heidi er samd i skildringa av forfattaren.
- Beate Grimsrud meinte sjølv at boka ikkje handla om kreft, men om tida. Kva er tida? Og kva er tida for oss når vi plutseleg får ei melding som påverkar opplevinga av tida vår? Det handlar jo om korleis ein etter å ha fått ei slik melding blir sitjande fast i eit slags vakuum, der mykje handlar om å vente. På testsvar, på resultat, vidare behandling og på oppfølging. Det er som om det på utsida er ein slags stillstand, og på innsida går det føre seg eit inferno.

Vilde Berg har mange av dei same eigenskapane som Grimsrud. Ho er aktiv, engasjert og har mange prosjekt gåande på ein og same gong. Ho er glad i menneske, er glad i at det skjer saker og ting, og ho er veldig glad i å shoppe. Og ho har ein frodig fantasi og ein heilt særeigen måte å sjå verda på.

Det handlar jo om korleis ein etter å ha fått ei slik melding blir sitjande fast i eit slags vakuum.

Når livet tar ein u-sving

- Noko av det som gjer dette universet så herleg, er det leikne i språket, i stilen og i forteljarteknikken. Det heile byrjar med at vesle Vilde sit under trappa og har tjuvlånt morfaren sin fyllepenn av gull. Der teiknar ho ein rev og ei rotte. Når mora ropar på henne; Vilde, kva gjer du? så forsvinn den vesle jenta inn i ei lang fabulering om kva det er å gjere og vere.

Heidi Gjermundsen Broch veit at også ho har eit hovud fylt av aktivitet. - I følgje mannen min blei det langt meir ro i heimen da eg starta å strikke. Hahaha.

- Det er jo typisk for stilen til Beate Grimsrud. Lange digresjonar, avsporingar og bobler av lange tankerekker tar deg langt av garde og fyller forteljinga med dei villaste utlegningar. Reven og rotta vaknar også til liv, reiser seg frå arket og spring ut i verda. Dei blir med Vilde gjennom denne skakande og kaotiske historia. Dei lever tilsynelatande fullstendige liv, men er også stemmene hennar. Det er jo veldig teatralt. Dette er vittige karakterar som vi kan spele ut i teaterrommet.

Sjølv om Heidi Gjermundsen Broch er forført av livskrafta og all gleda som Beate Grimsrud klarer å feste til papiret, er ho også klar over at det kan bli nokre tårer i prøvesalen fram mot premieren.
- Det handlar jo litt om kor gamle vi er blitt. Når du er i slutten av førtiåra kjenner du folk som har gått gjennom dette. Og som anten er blitt friske, eller som lever med det. Eller som ikkje er blant oss lenger.

Det er også nokre medspelarar som har nærare kjennskap til denne erfaringa.
- Det er viktig for oss. Det er mange tekniske ting som berre dei som har gått gjennom noko slikt kjenner. Samstundes er jo kvar og ei av desse historiene unike. Beate Grimsrud har sjølv uttalt at ho ville skrive denne historia for å få lesarane til å forstå maktesløysa og tapet av kontroll når noko slikt treffer deg.

Heidi Gjermundsen Broch er fysisk ikkje så ulik forfattaren. Ho er lita, vever og energisk. I løpet av prøveperioden skal ho nærme seg Beate Grimsrud, eller er det Vilde Berg, enda tettare.

Kven si forteljing er dette eigentleg?

Håpet er å lage ei framsyning som hyllar livet og som klarer å løfte ein forfattar som både var fantasifull, skarp og relevant og som hadde ein bodskap om kva det vil seie å vere menneske. Det er mi oppgåve her i livet: Å utvide grenser. Å sjå ting, sjå verda frå ein annan vinkel. Det grimsrudske blikket som kanskje hjelper lesarane til å få auge på noko nytt ved seg sjølv, også, uttalte Grimsrud i eit intervju med VG helg.

- Korleis taklar ein ein slik beskjed? Denne historia handlar om det intense behovet for å leve, og det intense behovet for å ha kontroll, av å eige historia si. Det opplever eg at Vilde Berg blir nesten manisk opptatt av. Så historia sluttar med at ho er frisk, sjølv om kreften har vore overalt inne i ho. På mirakuløst vis får ho vite at ho er frisk. Men vi veit jo at Beate Grimsrud døydde berre kort tid etter at boka kom ut. Så eg tenkjer at der tar ho som forfattar grep om karakteren sin og seier; EG VIL AT DET SKAL SLUTTE PÅ DENNE MÅTEN. Denne krefthistoria sluttar her. Ja. Kva skal ein seie…

Heidi Gjermundsen trekker pusten. Og veit at trass i at Vilde Berg, eller Beate Grimsrud, ville eige historia si sjølv, så er ho no med på å eige ho litt, ho også.

Artikkelen er publisert 16. september 2024.