Bakgrunnsartikkel

Møt Heidi Gjermundsen Broch

I meir enn to tiår har Heidi Gjermundsen Broch gleda musikalpublikummet med sine rolletolkingar frå Hovudscenen på Det Norske Teatret. Men hennar beste musikalminne er som publikum, da ho var 10 år gamal og fekk ein katt rett opp i ansiktet ytst på andre rad. No gler ho seg til å by publikum nokre av dei beste smakebitane frå musikalhistoria i konsertframsyninga Biten av musikal.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsdramaturg

Kva er Biten av musikal?

- Biten av musikal er ein twist-pose - eller ei eske Kong Haakon-konfekt - med noko for alle. Vi har lyst til å invitere publikum til ei stund med positivitet, gjenhøyr og musikalsk glede.

- På denne scenen har det vore spelt utruleg mange musikalar opp igjennom historia. Alt frå dei store amerikanske musikalane som kom i 1960-åra, fram til moderne, sorgfulle og hysterisk morosame musikalar.

- Vi har med oss ni fantastiske musikarar og nokre av dei – kan vi seie fremste? – musikalskodespelarane og -artistane i landet. Vi har fått lov til å velje oss favorittar frå musikalkatalogen. Eg vil kalle det eit overskotsprosjekt.

- Kanskje du oppdagar ein ny musikallåt som blir ein favoritt? Eller kanskje du får eit gjenhøyr med ein gamal favoritt?

- Perfekt for heile familien!

Kven er Biten av musikal perfekt for?

- Biten av musikal er perfekt for heile familien! For store og små. Gamle og unge. Alle som er glad i musikk. Alle som er glad i godt teater. Alle som er glad i dei store, svulstige musikalballadane. Alle som er glad i party-faktor. Og alle som er glad i nynorsk.

Cats hadde premiere på Det Norske Teatret i 1985. «Fyttikatta - Den satt!» skreiv VG. Framsyninga blei ein kjempesuksess og spelte for fulle hus i nesten to år. Foto: Helene Levand

Kva er det beste musikalminnet ditt?

- Mitt beste musikalminne er også mitt første musikalminne. For det var her, på Det Norske Teatret, i 1985. Da var eg 10 år gamal, og kom med buss inn frå Råde i Østfold. Og eg såg Cats. Eg satt ytst til venstre på andre rad med mormor ved sida av meg, og det første som skjedde var at eg fekk ein katt rett opp i ansiktet i det ouverturen starta.

- Og – no blir eg veldig rørt – det at eg så mange år etterpå skulle få lov til å stå på denne scenen sjølv, det er veldig stort. For det var eit enormt minne for ei lita jente på 10 år som allereie da hadde begynt å drøyme om å halde på med sånne ting sjølv.

- Eg fekk ein katt rett opp i ansiktet i det ouverturen starta!

Kva for musikalkarakter assosierer du deg med?

- Den første eg tenkjer på, er Dorothy frå Trollmannen frå Oz, som gjer sånn «ding-ding» med hælane på skoa. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det var liksom det som dukka opp no. Eg har aldri spelt Dorothy sjølv, men eg såg også den framsyninga her på Det Norske Teatret. Og det er mange år sidan, kanskje ein gong på 90-talet? Eg hugsar det som ei heilt fantastisk framsyning.

- Men kanskje eg tenkjer på Dorothy fordi eg har vore veldig oppteken av Judy Garland frå eg var lita jente. Det var ho som først spelte Dorothy i filmen.

Judy Garland i rolla som Dorothy frå filmen Trollmannen frå Oz, 1939. Heidi har alltid vore oppteken av Judy Garland. Foto: Wiki Commons

Kva for musikallåt har betydd mest for deg?

- Det er utruleg patetisk å bli rørt når ein snakkar om ein låt ein sjølv har sunge, men no blir eg rørt igjen. Den musikallåta som har betydd mest for meg, heiter «Eg saknar fjella», og handlar om å miste seg sjølv og ønske seg tilbake til seg sjølv. Den er frå ein musikal som heiter Next to normal som vi spelte her i 2010 og 2011. Den musikalen føler eg forandra mange ting.

Heidi Gjermundsen Broch i rolla som Diana saman med Jon Bleiklie Devik som mannen hennar, Dan, i Next to normal. Foto: Fredrik Arff

- Den handlar om ein familie der mora er bipolar, og vi følger denne familien gjennom eitt år. Det hadde ikkje funnest musikalar om eit så alvorleg tema, presentert på den måten, før Next to normal kom. Vi hadde ikkje selt så mange billettar før premieren, men så fekk vi nokre heilt vanvettuge kritikkar og selte ut eg veit ikkje kor mange hus. Vi spelte uendeleg mange framsyningar, og mange av dei eg jobba med der blei også mine aller beste venner. Så både på eit profesjonelt og eit privat og personleg plan, har den musikalen og den låta betydd mykje for meg.

- Forresten: Sting var på premierefesten! Under talen til Svein Sturla Hungnes, som hadde regien på Next to normal, spreidde det seg ei odd stemning i kantina. Og der, ved sida av det dumme skiltet det står «Dagens lunsj: Kjøttbollar i tomatsaus», står Sting. Han hadde europapremiere i Oslo Konserthus den same kvelden, og fordi han hadde samarbeidd med Brian Yorkey, som er tekstforfattaren til Next to normal, og Brian var her på premieren, så krasja Sting festen vår. Det var gøy!