Bakgrunnsartikkel

Haugtussa kort fortalt

Arne Garborgs Haugtussa frå 1895 er eit lyrisk, nyromantisk hovudverk i norsk litteratur og har fascinert kunstnarar i over hundre år.

Hovudpersonen og forteljarstemma i diktverket er Veslemøy. Ho heiter eigentleg Gislaug og er ei om lag 16 år gammal husmannsjente som bur i lag med mor si på ein liten gard på Jæren. Veslemøy er vakker, men usikker og forsiktig. Ho har ein bror til sjøs og to eldre søstrer. Den eine er gått bort, og den andre lever eit liv som prostituert inne i byen.

I eit syn i ein draum kjem den avdøde søstera til Veslemøy og fortel henne at ho er dømd til å sjå det andre ikkje kan sjå. Ho blir synsk.

På ein julefest ser ho tussar, troll, huldrer og dei overjordiske. Medan dei andre dansar, flørtar og har det artig, ser Veslemøy alt det tarvelege, djevlane og dyra som meskar seg i selskap med dei lettsindige ungdomane. Ho blir så skremd av det ho ser at ho blir febersjuk. I ein lang feberfantasi kjem Bergekongen til henne og vil lokke henne inn i fjellet. Etter dette begynner folk i bygda å sjå på henne som ein raring og gir henne tilnamnet Haugtussa. Mora er bekymra for dotter si, og ber henne vere som før og legge dette med synene til side.

Den sommaren opplever ho kjærleiken for første gong. Ho blir forelska i guten Jon, dei finn kvarandre gjennom sommaren på setra medan Veslemøy går som gjetarjente inni fjellet. Men utpå hausten blir ho sviken. Jon kjem ikkje når han har sagt han skal komme til henne, og seinare blir han trulova med «megga på Ås». Veslemøy blir sjuk av sjalusi, og dei mørke kreftene i henne tek meir og meir kontroll over tankane hennar.

Ho oppsøker Bergekongen og ber han gi henne ei natt med guten ho elskar. Dersom han gjer det, lovar ho å gå med han inn i berget til evig tid. Bergekongen lovar henne at ho skal få gløyme alt det vonde, og aldri meir ha ei bekymring i livet.

Da er det som om Veslemøy vaknar. Ho vil ikkje miste seg sjølv. Livet består av både gode og vonde dagar, og ho vil kjenne dei begge. Når ho vaknar, er ho frisk, og finn fred med den ho er.

Ane Dahl Torp har klipt i Garborgs tekst, og dramaturgien er noko annleis i denne versjonen enn i originalverket frå Garborgs hand. Men grunnforteljinga er den same.


Foto: Dag Jenssen