Bakgrunnsartikkel

- Har vitskapen 
forklart oss alt?

Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hanssen. Lyden av desse to namna gir teaterfolk gode assosiasjonar. Og kanskje tenker vi i same draget på Vårherre. I så fall er ikkje det så rart.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

No er dei aktuelle på Scene 2 med framsyninga Gudspartikkelen, der tru møter vitskap. I tiår etter tiår har Tindberg og Bang-Hansen våga seg inn i det ukjente, i jakta på ei djupare meining. Det nære samarbeidet har vore fruktbart og trekt eit talrikt publikum til teatersalen. Samspelet deira er i hovudsak knytt til framsyningar over kristne grunntekstar og til teaterstykke med ein tydeleg religiøs tematikk. Men det har også vore eit nybrottsarbeid i teatersamanheng som har vore velsigna med gode kritikkar og internasjonal merksemd. Når dei no er aktuelle med det som blir den siste monologen med religion som utgangspunkt frå deira kant, bringar dei inn vitskapen som nytt element. Kan møtet mellom vitskapen og trua gi nokre svar? For kva er drivkrafta til vitskapsfolk, om ikkje å utforske det ukjente, det som ikkje lar seg forklare?

- Kan moderne menneske i det heile tatt tru, spør Kjetil Bang-Hansen. - Vi veit kva tru er for kraft i eit menneske, men er tru berre mangel på kunnskap? Det er lett å sjå kva menneske har trudd på opp gjennom historia, men som dei har vore nøydde til å sleppe etter kvart som vitskapen har vist oss at det er andre forklaringar på det. Men utelukkar vitskapen moglegheita for å tru? Det er i det landskapet vi no ønskjer å gå.

Svein Tindberg er rask med å utdjupe og understreke at dette ikkje handlar om å trekkje bastante konklusjonar.

- Mi beundring for vitskapen er stor. Sjølv om eg eigentleg ikkje har nokon føresetnad for å lese vitskapelege artiklar, så er det den typen artiklar og bøker eg les mest. Sjølv om eg eigentleg ikkje forstår likningane, så er det noko med søken etter det ukjente, det å finne forklaringsmåtar og nye måtar å tenke på som fascinerer, og som eg beundrar grenselaust. Så kan ein jo spørje seg; er det sånn da, har vitskapen har forklart alt, eller er det faktisk enno rom for undring?

Dei to gamle teaterrevane legg vekt på at dei tar med seg erfaringa frå teateret inn i arbeidet med Gudspartikkelen.

- Kan moderne menneske i det heile tatt tru?

- Vi er jo forma av teateret, begge vi to, seier Kjetil Bang-Hansen. - Så at vi brukar teateret som ein reiskap til å skjønne meir, undre vidare i vår alder, er naturleg. Det er teatermenneske vi er, og det er som teatermenneske vi spør. Ikkje som vitskapsfolk, eller prestar, vi spør som dei vi er.

Tanken om å lage ei framsyning med dette temaet har modna over fleire år. Det begynte tilbake i 2012 da dei arbeidde saman om framsyninga Copenhagen, som handla om eit historisk møte i 1941 mellom vitskapsmennene Niels Bohr og Werner Heisenberg. Desse var leiande atomfysikarar som arbeidde med elektron og den tidlege kjernefysikken.

- Det som slo oss i arbeidet den gongen er jo den enorme krafta som er i den filosofiske sida av vitskapen. Niels Bohr karakteriserer Werner Heisenberg, som eg skulle spele, som det mest intelligente mennesket sidan antikken. Der har eg litt å gå på, ler Tindberg. - Men eg blei så fascinert av den filosofiske sida, korleis dei snakka om elektronas oppførsel, om usikkerheita. For det er på same måten som vi arbeider, det er å snu om på sanningar, gå andre vegar, tenke friskt, tenke nytt.

Svein Tindberg snakkar seg varm om tilfeldigheitene i oppdagingane, om diskusjonar i miljøet om upresise og lite tilfredsstillande fortolkingar av Bohrs forsking og om berømte feidar der også Einstein melde seg inn.

- Bohr heldt på med den umoglege oppførselen hos elektron og Heisenberg fekk Nobelprisen for Usikkerheitsprinsippet, han laga altså prinsipp for usikkerheit! Til slutt blei Einstein provosert av alt dette her, for han meinte at dei rett og slett ikkje hadde funne ut av alt, dei var ikkje komne langt nok, og da fall dei berømte orda frå Einsteins munn: Gud spelar ikkje terning. Bohr repliserte: Einstein, ikkje fortel Gud kva han skal gjere. Sjølv har eg av og til undra om ikkje spørsmålet nettopp er: Spelar Gud terning?

Svein Tindberg lar spørsmålet henge, medan han ler.

Sjølv har eg av og til undra om ikkje spørsmålet nettopp er: Spelar Gud terning?

- Det finst to forklaringsmodellar på at vi menneske i det heile tatt er her. Ein vitskapeleg, som baserer seg på ei lang rekke tilfeldigheiter. Og så er det ein forklaringsmodell som påstår at det ligg ei meining, ein skapar bak det heile. Desse to stemmene i meg handlar Gudspartikkelen om. Må eg velje?

Kjetil Bang-Hansen kjenner på same ambivalensen.

- Alle menneske har, ved sida av denne søken etter det eksakte, det som lar seg forklare, også ei metafysisk side, som styrer oss på mange vis. Vi lever jo i ei stadig meir sekularisert verd. Vi er kanskje låst inne i fakta, og trur at vi veit alt, samstundes som vi blir konfronterte med alt vi ikkje veit. Vi har grunn til framleis å stille spørsmål. Og i undringa, i den søken, ligg det ein kvalitet. Vi søkjer forbindingslinjene mellom dette. Vi bør kanskje ikkje vere så skråsikre som vi er, avsluttar Kjetil Bang-Hansen.

Den raude tråden i deira felles utforsking av teateruttrykk og menneskas leiting etter meining i ei verd med himmel over har tidlegare i stor grad ført teateret tilbake til eit av sine opphav, til dei tekstane som høyrer kyrkjerommet til.

- Kjetil og eg er no to tilårskomne herrar. Vi ønskjer å avslutte denne underlege greina av norsk teater med Gudspartikkelen. Der tru møter vitskap. Eller kanskje gjer dei ikkje det, seier Svein Tindberg med eit glimt i auget.