Bakgrunnsartikkel

Har du ein avokado på samvitet?

Sjå på hendene dine. Er dei heilt reine? Eller har dei litt blod eller kanskje biiittelitt oljesøl på seg? Nei? Kanskje litt? Det tyske teaterstykket Det såkalla heisstykket frå 2021 vil invitere deg og meg til å tenkje over små og store dilemma om kva ansvar vi har for urett som skjer langt unna.

Skrive av
Peer Perez
Peer Perez
Regissør

Vi veit det jo – det er ikkje "etisk korrekt" å ete avokado. Dyrkinga av avokadoplanten krev enorme vassressursar, som gjer at fattige bønder i Sør-Amerika ikkje får dyrka mat dei treng til å brødfø seg og familien sin. Dei seinare åra har også avokadoplantasjane blitt tatt over av narkomafiaen. Kjøper du avokado, er du med andre ord med på å støtte ein brutal mafia – og øydelegging av naturen og levebrødet for dei som alt har langt mindre enn deg. Men det er jo så godt – og så sunt! Vi trekker på skuldrene og tenkjer – jaja. Ungane må jo få avokado til fredagstacoen. Det er jo slik med det meste. Det som er godt for noko er dårleg for noko anna.

Tyskland - heimlandet til dramatikar Nis-Momme Stockmann - er mellom verdas 6 største våpeneksportørar, og omset for rundt 60 milliardar i året. Mykje av materiellet har blitt selt til mottakarland som er kontroversielle. Norsk forsvarsindustri sysselset rundt 6000 personar og omset for godt over 6 milliardar årleg.

Norsk forsvarsindustri sysselset rundt 6000 personar.

Dei to herrane i Det såkalla heisstykket blir ståande fast i heisen saman. Dei jobbar "berre" i arkivet i eit stort våpenfirma. Har dei skuld i det våpena som blir produserte der blir brukt til i andre land? Foto: Dag Jenssen.

Våpen

13. januar i år landa den norske våpenprodusenten Nammo på Raufoss ein gullkanta avtale om å produsere våpen til bruk i krigen i Ukraina. Ei gladsak på alle måtar, eller? Med denne avtalen kan Noreg både bidra i ein krig dei fleste er einige om at er urettvis, og ei norsk bedrift der den norske staten eig 50 prosent av alle aksjane vil tene milliardar.
Men vi snakkar jo framleis om våpen som skal drepe menneske.

Olje

Kva med olja som vi lever godt av i velferdssamfunnet Noreg, men som ikkje alltid er like lett å forsvare moralsk? Har vi alle eit ansvar for kva negative følger oljeutvinning fører til? Eller er vi berre uskuldige borgarar som lever gode liv på grunn av noko vi ikkje har noka skuld i?

Det blir etter kvart blodig i Det såkalla heisstykket. Den eine arkivaren har blødarsjukdom. Foto: Dag Jenssen.

Har du eit ansvar?

Men vi køyrer jo bil, buss og fly, og går i klede og er avhengige av produkt som krev olje. Tastaturet dette er skrive på er laga av plast, så det ville kanskje vere hyklersk av meg å seie at vi må stoppe med oljeleitinga no, eller? Og om vi sluttar å ta opp olje her i Noreg, så vil vi jo berre få det frå Nigeria eller Angola. Og "vår" olje er jo rein. Eller?

Eller har vi eit ansvar?

Plastikkforureining langt borte. Foto: Mouenthias, CC BY-SA 4.0;, via Wikimedia Commons

Er dette berre ærlege føretak som alle andre, eller har alle som er tilsette i denne industrien eit ansvar for kva lagnader desse våpena valdar menneske der ute? Kva naturkatastrofar som følger av oljeutvinninga og forureininga frå bilane, flya, plastoversvømminga i naturen? Kan du ta imot alle goda, men ikkje ta inn over deg konsekvensane? Kva ansvar har du som individ, og vi som samfunn? Har alle nordmenn eit ansvar kanskje? Og kva skal vi i tilfelle gjere med det?

For kan vi velje når vi vil vere med i det kollektive "vi" og når vi tek avstand?

Ikkje å gjere noko, er også å gjere noko. Men kva kan du gjere da, lurer du kanskje på? Skal du starte ein aksjon, demonstrere, slutte å køyre bil og ete avokado? Sjå det gir dramatikar Nis-Momme Stockmannn ingen svar på. Men måten han legg fram dilemma på tvingar oss til å møte vår eigen dobbeltmoralisme – medan du kan le både av dei på scenen og deg sjølv.

Som det blir sagt i Peer Gynt:
Eg får vel følge med på ferda, men protesterer for all verda!


Toppfoto: Ivar Leidus, Wikimedia Commons.