Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Tid for glede

Ved ei elv, like attmed ein kyrkjegard, har ei mor funne ein plass med ein benk der ho likar så godt å sitje, og når dottera er heime på ferie frå utlandet tek ho med dottera dit. Sonen Aksle skal òg kome, så skal dei vere saman. Men andre menneske kjem til.

Skrive av
Anders Hasmo
Anders Hasmo
Dramaturg

Først ein nabo som skal treffe ekskona si for siste gong. Sidan ei enke og to farlause stesøner som skal finne ein gravplass til ein mann som har gått bort. Imens set Aksle seg føre å forlate heimen sin, kjærasten sin, byen der han vaks opp, foreldra og systera. Han pakkar tinga sine, set seg i bilen og dreg. Likevel stoggar han i vegkanten. Han får seg ikkje til å køyre vidare før han har møtt mora og systera, som sit der og ventar på han. Han køyrer attende. Eg forsvinn no, seier han til dei. Eg forsvinn no om litt, seier han.

Aksle er borte, og kjærasten David sit att i heimen deira, utan noko forvarsel og utan nokon svar. Nokre veker seinare byr han folk heim på bursdagen sin. Dei kjem, både systera hans, naboane, og nokre gamle vener, nett den dagen mor til Aksle kjem ubeden på døra hans for å høyre om han veit noko meir om kor sonen er.

Fragment av liv

Historiene til desse menneska glir over i kvarandre og eit mylder av glimt frå liva deira kjem til syne for oss: Om å få barn, om ikkje å få barn, om å skulle døy, om kjensla av at livet aldri heilt har byrja, om topp- og botnfolket, men òg om venskap og det som gjer at vi held saman. Det er leikent, alvorsfullt, morosamt og originalt. Det levde livet, vala vi har teke og vala vi skal take er sentrale element. Dei mellommenneskelege relasjonane blir fortalde gjennom eit skarpt, raffinert og rikt språk. Det er kunstig og ekstremt levande på same tid. Det er kraftfullt og kvardagsleg, det er varmt og det er sårt.

Utdrag

Ei mor
Men eg tykkjer me klarar oss fint. Sjølv om du har budd utanlands i årevis, er me like nære som me alltid har vore.

Ei syster
Om ikkje nærare.

Ei mor
Tykkjer du?

Ei syster
Eg trur nesten det. Me har alltid vore nære, men likevel.

Ei mor
Eg likar deg som vaksen. Eg likar dei vaksne ungane mine.
De liknar ikkje på kvarandre, du og Aksle, det er nesten ikkje til å tru at eg gjekk rundt og bar dykk under bringa samstundes, men eg likar dykk båe. Han på sitt vis, og du på ditt.

Eg har gripe Gud i foten.