Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Olje og vatn

Kvifor er menneska dømde til å grave sin eigen undergang i eit ujamt samspel med naturen? På scenen vil skodespelarane bokstaveleg talt dykke ned i eit kornete oljehav for å leite etter svar.

Slik Gud ifølgje Bibelen forma menneska i sitt bilde, har menneska frå tidenes morgon forma naturen i sitt.

Etter å ha blitt forvist frå Edens hage fordi dei søkte kunnskap, blei menneska etterlatne nakne og aleine på den karrige jorda. Overlatne til seg sjølve og utan faderleg hjelp, skulle dei dyrke jorda og ete fruktene den gav. Etter ei lang tid i elende, nytta dei kunnskapen til å forvandle den golde jorda til ein ny Edens hage. Jorda gav mykje dei kunne bruke og tene på. Gull, kol, korn, sølv, olje og vatn. Dei pløgde, bygde, sprengde, brende ned, grov og grov. Først for å overleve, deretter for å finne eit betre levesett og ei enda betre framtid. Driven av ein umetteleg tørste etter meir av alt, undergrov menneskeheita sitt nyanskaffa paradis, og risikerte å miste det på nytt.