Bakgrunnsartikkel

Handlinga i teaterframsyninga Moby Dick

Dette er sjømannen Ismael si forteljing om kaptein Akabs maniske jakt på den kvite kvalen Moby Dick. Kva kvalen representerer og er skal publikum sjølv få bestemme. Men vi legg ikkje skjul på at motiv som hemn, skjebne, suggesjon, vennskap og hybris er sterkt til stades.

Ismael (Thea Lambrechs Vaulen) vil reise til sjøs for å sjå den våte delen av verda. Ho drar til Nantucket og søker ly i eit herberge som dessverre er fullt. Ho får tilbod om å dele seng med harpunaren Queequeg (Terese Mungai-Foyn). Dei finn eit vennskap i kvarandre og tek hyre på kvalskipet Pequod. Rett etter at dei har underteikna skipspapira, blir dei oppsøkt av ein forstyrra mann som åtvarar dei mot å reise med Pequod, særleg på grunn av den myteomspunne kapteinen Akab (Ane Dahl Torp).


NB! Dersom du ikkje vil vite korleis seglasen sluttar, må du slutte å lese før teksten er ferdig!

Kvalskuta Pequod

Dagen etter mønstrar dei på og blir tatt i mot av førstestyrmann Starbuck (Sara Khorami) og resten av mannskapet. Dei set segl og blir raskt kasta inn i ein kraftig storm, men enno har ikkje kaptein Akab vist seg. Etter stormen trer ein i mannskapet fram og presenterer Cetologien [cetus=kval og gresk logos=lære] (eitt av dei imponerande kapitla i romanen til forfattar Melville). Det er ei kategorisering og gjennomgang av kvalen som art, der det blir understreka at spermkvalen er den største skapnaden på jorda (blåkvalen er faktisk ikkje nemnd hos Melville).

Mannskapet på kvalskuta Pequod. Foto: Pernille Sandberg.

Kaptein Akab (Ane Dahl Torp) skyr ikkje noko middel i jakta på den kvite kvalen Moby Dick. Foto: Pernille Sandberg.

Kapteinens hemn

Plutseleg står Akab på dekk. Han avslører for mannskapet at den frykta kvite spermkvalen Moby Dick har tatt ein bit av beinet hans, og på grunn av dette skal dei ut på eit hemntokt for å finne og drepe dyret. Den første som ser kvalen skal få ein spansk gullmynt. Ismael og resten av mannskapet blir fascinert av både kapteinen og den sterke drivkrafta hans for å sigre over dette mystiske dyret, men Starbuck er ikkje overtydd. «Eg kom her for å jage kval, ikkje for å skaffe kapteinen min hemn. Kor mange tønner olje kjem hemnen til å gi deg, kaptein Akab – om du skulle få han? Det blir 'kje store utbytet av den på marknaden i Nantucket.» (Starbuck).

Ut på tokt

Dei seglar forbi skipet Bachelor som har full skute og er på veg heim. Mannskapet vil gjerne vere med på festen deira, men kaptein Akab vil berre segle vidare. Dei har enno ikkje funne kval, men plutseleg openberrer det seg ein heil flokk. Mannskapet får harpunert kval og parterer det enorme dyret. Spermasett* frå kvalane som har stivna må bli varma, klemt, varma, tråkka til flytande form og konservert.

Starbuck (Sara Khorami) er førstestyrmann ombord på skuta Pequod. Foto: Pernille Sandberg.

Starbuck finn ut at det lekk olje ombord, og Akab gir først ordre om å la vere å gjere noko med det, men endrar meining. All olja dei har funne må vekk frå lasterommet og opp på dekk. Queequeg blir sjuk av å arbeidet, og alle venter han skal døy. Men på mirakuløst vis kjem han seg til hektene igjen.

I takt med at Akab blir meir og meir opphengd i jakta, spreier brutaliteten seg ombord. Kvalskipet Rachel seglar forbi. Dei søker etter mannskap som er sakna etter ei mislykka jakt på Moby Dick. Kaptein Akab nektar å hjelpe dei i redningsaksjonen.

Moby Dick

Plutseleg ser dei Moby Dick, og Akab beordrar alle kvalbåtar i vatnet. Kapteinen maktar å sette harpunen sin i kvalen. Men alle menn i båten blir kasta over bord og forsvinn på havet, utanom Ismael som blir den einaste som overlever ferda og kan fortelje denne historia.

* Spermasett: Mjølkeaktig voks frå hovudet på spermkvalen. Ved 29 grader blir voksen til olje, og blei nytta i produksjon av kosmetikk, klede og stearinlys.

Artikkelen er publisert 19. januar 2024.