Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Bestialitetens historie

Kva er fridom? Kva er sanning? Kva er vondskap? I Bestialitetens historie blir verdshistoria skildra som ei lang rekke med overgrep, straffemetodar, avrettingar og folkemord.

Skrive av
Anders Hasmo
Anders Hasmo
Dramaturg

Trilogien Bestialitetens historie av Jens Bjørneboe blir rekna mellom dei mest sentrale verka i norsk litteraturhistorie i det 20. hundreåret. Bokserien består av dei frittståande romanane Frihetens øyeblikk (1966), Kruttårnet (1969) og Stillheten (1973). I teaterframsyninga Bestialitetens historie ligg hovudvekta på det mellomste verket, Kruttårnet.

Frihetens øyeblikk

I Frihetens øyeblikk blir lesaren kjend med eg-personen som blir kalla Protokollføraren i teaterframsyninga. Han arbeider som rettstenar og har, som Bjørneboe sjølv, ei fortid som skipsreiarson i ein kystby, flyktning i Sverige, kunstmålar, forfattar og vagabond i Europa. No utøver han sitt daglege virke - eller «daglege urett», som han sjølv ser det - som tenar for eit system han tek stadig sterkare avstand frå. Han ser det som si oppgåve å forsøke å finne svaret på det vondes problem, gjennom å protokollføre menneskas perverse hang til vondskap gjennom ei rad grusame handlingar utførte av rettsvesen, myndigheiter og kyrkja gjennom historia. Bjørneboe meiner sanning er ein føresetnad for fridom, og at berre den som erkjenner sin eigen død, er fri. I tyrefekting er sanningas augneblink den siste augneblinken av livet, da oksen eller tyrefektaren forstår at han skal døy.

Kruttårnet

I Kruttårnet treffer vi igjen Protokollføraren som no oppheld seg på galehuset La Poudriére på den franske landsbygda. Han har av sjefslegen, doktor Léfevre fått tittelen skriftefar og sjefsideolog, medan han sjølv ser på seg som ein vaktmeister, pedell og reinhaldsmann. Han bur i gartnarbustaden, der han til ein viss grad fører eit godt liv. Han drikk vin, dyrkar tomatar og kjøler seg ned med friske bad, studerer piggsvinet og sørger for at det har nok vatn i skåla.

Han nyt stor tillit hos både tilsette og innlagte og får ofte besøk i den vesle hagen utanfor gartnarbustaden sin, anten det er av den amerikanske generalen som har drepe og partert hushjelpa, den vesle belgiaren som har voldtatt og drepe to unggutar, eller sjukepleiaren Christine som han utviklar ein romanse med. Også doktor Léfevre, finn ei støtte og ein ven i hovudpersonen. Saman diskuterer dei store og små livsspørsmål og ikkje minst dei andre pasientane. Midt i mellom dei store verdsspørsmåla og bestialitetens historie med hekseprosessar, bødlar, revolusjonar og avrettingshistorier som blir lagde fram som nesten grueleg uuthaldelege føredrag, verkar det som om protokollføraren finn ei slags ro på den franske landsbygda under stjernene med vinen og referansane til måleria av Paul Cézanne. Og som han sjølv spør seg:

Hvem den store revolusjonære? Var det pistolmenneskene i Paris (intet ondt skal være sagt om dem!)? – Eller var det den lille småborger i Provence, Paul Cézanne, med sin lille ost, sin rødvin og sine i terpentin omhyggelig rensede pensler?