Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Fuglane

To sysken bur ved eit vatn: Mattis er ikkje blant dei skarpaste. Bygdefolket kallar han Tusten. For Mattis flokar tankane seg lett, og hendene gjer ikkje som hovudet vil. Arbeidet stoppar opp.

Skrive av
Carl Morten Amundsen
Carl Morten Amundsen
Dramaturg

Hege er søster til Mattis. Ho kan arbeide, og ho har tatt seg av bror sin i alle år. Ho har ofra mykje for bror sin, og ho gjer det ho kan for å få Mattis til å arbeide, men ho må sjå på at broren går på nederlag etter nederlag. Folk i bygda ler av Mattis bak ryggen hans. Dei ser ikkje kva Mattis kan. At han forstår seg på naturen. At han forstår fuglane sitt språk og kan tyde brev frå rugda skriven i sand med nebb og føter.

Eit arbeid ser det ut til at Mattis maktar. Han blir ferjemann på vatnet. Det er berre ei hake ved det. Det kjem berre ein einskild passasjer, tømmerhoggaren Jørgen. Jørgen flyttar inn hjå Mattis og Hege. No er Mattis redd for at Jørgen skal ta Hege frå han. Vesaas har skapt ei forteljing med djup innsikt og kjærleik. Vi skjønar Mattis, og gler oss over møtet med Inger og Anna, og græt med han når rugda blir skoten. Vi forstår kor vanskeleg det er for Hege å nå fram til han og kor sliten ho må vere. Dramatiseringa til Luk Perceval blir fortald gjennom Hege og Mattis. Hege fortel om det som skjedde i fortid. Mattis fortel i notid. Slik får han fram eit dobbelperspektiv på historia som tar vare på den djupe humanismen og den kjærleiksfulle skildringa til Vesaas.