Bakgrunnsartikkel

Handlinga i Bienes historie

Lagnaden til tre familiar er tett knytt til bienes liv.

William

Frøhandlar og sjubarnsfar William er ein mislykka biolog i England på 1850-talet. Ein gong var han eit naturvitskapleg talent, men melankolien har gjort han sengeliggande. Heilt til den dagen han set seg føre å bygge ein heilt ny type bikube som skal gi både han sjølv og barna heider og ære.

George

Birøktar George opplever at biene døyr biedauden på slektsgarden i USA tidleg på 2000-talet. Ein handlekraftig og litt firkanta George kjempar i motbakke, og har eit håp om at sonen kan bli redninga for garden. Samstundes har den store biedauden, Colony Collapse Disorder, blitt eit kjempeproblem i fleire statar.

Tao

Året er 2098 i Kina, og Tao jobbar med handpollinering av frukttre, sidan biene har døydd ut etter ein global kollaps. Ho har eit sterkt ønske om at sonen skal få ei utdanning og eit betre liv enn ho sjølv har. Men ein dag forsvinn sonen hennar, og ho må ut og leite etter han.