Bakgrunnsartikkel

Høge ambisjonar og krutsterk karakter

Ei god artist-veninne av meg sa nyleg over ein kaffi at i vårt yrke må ein sikte tre mil fram for å bevege seg ein meter. Etter 20 år som skapande kunstnar kunne eg stemme i.

Skrive av
Hilde Louise Asbjørnsen
Hilde Louise Asbjørnsen
Jazzsongar, låtskrivar, revyartist og tekstforfattar

Og slik er det jo i fleire situasjonar i livet. For å fyre opp det motet som trengst for å gå inn i noko nytt, utan sikring, må måla ofte vere så hårete at vi ikkje vågar røpe dei for nokon.

Då hjelper det å høyre om folk som har klart utrulege ting. Édith Piaf og Marlene Dietrich var slike folk. Ei langbeint blondine og ei lita brunette, begge med krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Dei var rett og slett rockestjerner, og eg blir yr berre av å skrive om dei.

Lytt til artikkelen i staden!

Marlene Dietrich

Marlene Dietrich (1901–1992) levde frå hand til munn under hyperinflasjon og krisetid i Berlin, der ho sprang mellom prøvefilming, statistroller, teaterundervisning hjå Max Reinhardt og eksentriske festar som varte til morgongry. (Det blir sagt at ho var iført det same antrekket i alle dei nemnde settingane: herrejakke, fjørboa og monokkel.) Marlene iscenesette seg sjølv igjennom heile karrieren og meisla namnet sitt inn på stjernekartet.

Marlene Dietrich i Shanghai Express, 1932. Foto: Paramount Pictures via Wikimedia Commons.

Dietrich i Der Blaue Engel, 1930. Foto: via Wikimedia Commons.

Hennar første store rolle i Der blaue Engel skaffa henne filmkontrakt i Hollywood, og allereie ein film seinare var ho blant dei best betalte skodespelarane i verda. Ho var eksotisk, glamorøs og avslappa, og spelte ofte kvinner som hadde levd eit hardt liv, og som ikkje nødvendigvis fann redninga i kjærleiken. Det var ein realisme i dette som publikum kjente seg igjen i under depresjonen i 1930-åra. Dei elska henne.

Det kontroversielle privatlivet til Marlene Dietrich vart også ein del av imaget hennar.

Dietrich underheld dei franske soldatane, 1944.
Dietrich underheld dei franske soldatane, 1944.
I Hollywood i telefonsamtale med dottera, 1930. Foto: Erick Salomon via Wikimedia Commons.
I Hollywood i telefonsamtale med dottera, 1930. Foto: Erick Salomon via Wikimedia Commons.
I Tyskland, 1933. Foto: Bundesarchiv via Wikimedia Commons.
I Tyskland, 1933. Foto: Bundesarchiv via Wikimedia Commons.

Marlene var òg interessert i alle delar av produksjonen. Ho studerte korleis regien vinkla lyskastarane for å gjere henne vakrast mogeleg, og vart raskt ein kløppar på eiga lyssetjing. Hitchcock omtalte henne som ei profesjonell stjerne, ein profesjonell filmfotograf, art director, klippar, kostymedesignar, frisør, make-up-artist, komponist, produsent og regissør.

Det kontroversielle privatlivet til Marlene Dietrich vart også ein del av imaget hennar. Ho levde i eit ope ekteskap og hadde eit vell av elskarar av begge kjønn. Slik ho hadde levd i Berlin, levde ho også i Hollywood – fleire store menn skal ha blitt rasande då ho gjorde kur til konene deira med blomar på døra. Ho var kjent for å trivast i herreklede, og i Paris i 1933 vart ho truga med arrest for å freiste å «imitere ein mann». Bilda av dette gjekk sjølvsagt verda rundt og gjorde henne endå meir kjent.

Foto: Estrellas via Wikimedia Commons.

Den harde arbeidsmoralen fekk ho også nytte av under andre verdskrigen, då ho reiste til fronten i Italia og Nord-Afrika for å syngje og spele på sag for dei allierte soldatane. Iført fullt militært utstyr sov ho på bakken i lag med dei andre, tok seg fram i gjørme og kuleregn og nekta å returnere før sigeren var endeleg.

Dietrich i 1958. Foto: NBC Radio via Wikimedia Commons.

Ikkje overraskande vart filmtilboda færre med alderen også på den tida. Men i staden for å pensjonere seg la den då 53-årige stjerna ut på turné som kabaretsongar. Turnéen varte i 22 år i strekk, og Marlene tente sjeldan mindre enn ein million dollar i året.

Édith Piaf

Édith Piaf (1915–1963) vaks opp på bordellet til besteforeldra, og vart etter kvart «sidekick» for sin akrobatpappa på torga i Frankrike. Som 16-åring byrja ho å forsørgje seg sjølv som songar på gata og i dei ølskvulpande kaféane i Paris. Edith skjønte tidleg at den sølvklåre, inderlege røysta hennar trefte hjartet til folk. Ho vart ein kløppar på å lære seg dei nyaste visene utanåt, og det gjekk snart gjetord om henne. Som 19-åring vart ho henta over til «rett side av byen», noko som enda i plateinnspelingar og radiooppdrag.

Édith Piaf vart ein inkarnasjon av songane ho framførte om tapt kjærleik og det harde livet på gata. Ho skapte gull i sjangeren «Chanson réaliste», som allereie hadde djupe røter i fransk kultur.

Piaf opptrer som barn.

Då krigen kom, var Édith Piaf i fullt sprang mot stjernene. Ho jobba intenst for å omgå sensuren til nazistane og fortsette å underhalde sitt veksande publikum i Frankrike. Ho song om håp og kampeld, skreiv farlege songar om tapte vener og smugla også ut meir enn hundre franske krigsfangar frå tyske fangeleirar, i rolla som underhaldar. Etter krigen erobra ho sakte, men sikkert det amerikanske publikummet igjennom turnéar og tv-show, og snart etter: resten av verda.

Édith Piaf skreiv over 500 låtar i løpet av sin karriere, ho laga tekstar og melodisnuttar og heldt sine utvalde komponistar som gissel igjennom lange arbeidsnetter, til musikken var slik ho ville ha den. Ho tilsette elles dei folka ho trong for å halde forretninga gåande: ei hushjelp, ein sjåfør, to pianistar og ein sekretær. Slik sysselsette ho gode vener og kollegaer og knytte dei til seg som ein familie.

Piaf med Les Compagnons de la chanson i 1946.

Édith Piaf vart ein inkarnasjon av songane ho framførte om tapt kjærleik og det harde livet på gata.

Foto: Studio Harcourt, 1939. Via Wikimedia Commons.
Foto: Studio Harcourt, 1939. Via Wikimedia Commons.
Foto: Studio Harcourt, 1950. Via Wikimedia Commons.
Foto: Studio Harcourt, 1950. Via Wikimedia Commons.
Piaf opptrer i Rotterdam, 1962. Foto: Eric Koch for Anefo via Wikimedia Commons.
Piaf opptrer i Rotterdam, 1962. Foto: Eric Koch for Anefo via Wikimedia Commons.

Piaf og hennar andre ektemann, Téo Sarapo, 1962. Foto: Eric Koch for Anefo via Wikimedia Commons.

Det er ingen løyndom at Édith brukte sin svoltne kjærleikstrong som inspirasjon, ho vart til tider kalla «man eater» i avisene. Men ho fungerte også som manager for fleire av sine artist-kjærastar, og mange av dei enda faktisk opp som berømte kunstnarar.

Men kva med tragediane, spør du?

Kva med kjærleikssorga og pillemisbruken til Édith? Kva med Marlenes einsemd og hang til Johnnie Walker? Sjølvsagt finst dei historiene. Men har vi ikkje høyrt dei før?

Eg synest vi skal gjere som Marlene. Setje lyset på det som var resultat av hardt arbeid og hårete mål. Det som kan drysse stjernestøv på oss og kanskje dytte oss eit lite stykke vidare på vår eigen veg:

Foto: Studio Harcourt, 1950.

Édith Piaf jobba, som det scenedyret ho var, til siste slutt. Ho trassa magesår, leddgikt og diabetes i årevis og nekta å pensjonere seg. Få veker før ho døydde, planla ho sin eigen Broadway-musikal, og erklærte at ho kunne tenke seg ei rolle i Tolvskillingsoperaen.

Marlene Dietrich bestilte trongare og trongare kjolar med isydd hold-in-effekt for å halde både silhuetten og seg sjølv oppe på verdsturné. På avstand såg 75-åringen ut akkurat som ho hadde gjort i 1930-åra. Til slutt kunne ho knapt bevege seg, og snubla ut i ei orkestergrav i Australia. Lårbeinsbrotet vart slutten på karrieren.

Akkurat det let kanskje litt trist, men heilt ærleg: Eg vil heller bryte lårhalsen på scenen i Ferragamo-pumps framfor ein fullsett sal enn på veg ut av ei sjukeseng.

Bylinefoto: Anna Julie Granberg/Backstage management

Foto: Preus museum via Wikimedia Commons.