Bakgrunnsartikkel

Fuglane-regissør Luk Perceval: Eg vil invitere publikum inn i prøvesalen!

- Eg har laga teater i 40 år. Eg har heile tida prøvd å finne ut: Kvifor når vi berre «teater-folk»? Ved å invitere publikum inn på prøvane til Fuglane gjennom strøymeplattforma Twitch håpar eg at vi kan nå eit heilt anna publikum.

Korleis blir ei teaterframsyning til? Kva gjer ein dramaturg? Eller ein inspisient? Korleis blir ei teaterframsyning slik ho blir til slutt? Ein time ein dag i veka, seks veker til endes vil publikum der ute kunne få eit unikt innblikk i prøveprosessen fram mot premiere gjennom å vere fluge på veggen og vere vitne til heilt reelle teaterprøvar.

I byrjinga vil prøvane gå føre seg i ein prøvesal utan kostyme, men etter kvart som vekene går, vil det likne meir og meir på det som skal bli den endelege teaterframsyninga. Gjennom dette håpar den belgiske regissøren Luk Perceval å gjere publikum nysgjerrige på sluttresultatet, samstundes som dei kan lære at ein teaterprosess er meir enn å lære mykje tekst.

- Å lære masse tekst er det minste problemet i teateret. Det vanskelegaste er å gjere teksten levande i publikums fantasi, seier regissøren.

Teater er forsking

- Det eg ønskjer å dele er korleis vi søker, snublar, leitar og finn. Å vise den kreative gleda som finst i prøverommet. Eg er ganske sikker på at når publikum tek del i dette, vil deira eigen fantasi og kreativitet byrje å jobbe, håpar Perceval.

Han fortel at det som går føre seg på ein teaterprøve er forsking på sjølve Livets mysterium. På Twitch vil publikum også få moglegheit til å chatte med dei som står bak framsyninga undervegs – stille spørsmål og komme med tilbakemeldingar. Dei vil rett og slett kunne vere med på å påverke korleis framsyninga skal bli!

Replikkane i stykket blir sagde på norsk, men arbeidsspråket i teaterrommet er engelsk, for regissøren er frå Belgia og forstår ikkje norsk.

Ja – kva ventar du på? Logg deg inn på Twitch i dag og følg Fuglane fram mot premieren!