- No skal vi endeleg slutte å snakke. Vi skal begynne å gjere!



Og det tok ikkje lange tida før kjente tonar runga gjennom salen. Allsong, latter, rim, rytmar og stavingar. Det var attkjenneleg, men også nytt.

Vegard Bjørsmo er Kristoffer, og har brukt sommaren til å pugge korparti og songar.
Den nynorske gjendiktinga er det Runar Gudnason som står for. Han har arbeidd med manus sidan februar og gleda seg over å bryte inn i det han kalla ei «herleg historie, ein herleg film med herleg musikk». Og desse orda stemte godt overeins med det vi fekk høyre i prøvesalen denne aller første prøvedagen. Det var tydeleg at skodespelarane hadde nytta sommarferien godt til å øve inn tonane frå ei kaldare årstid.