Bakgrunnsartikkel

Frigjering sett frå ulike perspektiv

Mor og barn tematiserer ulike generasjonar sitt behov for å frigjere seg frå generasjonen dei sjølv voks opp under.

Skrive av
Agder Nye Teater

Mora har late sonen vekse opp hos mor si, og sonen har fått vite av bestemora at mora ønskte å abortere han. Forståinga deira av røynda er ulik og når dei møtest, forhandlar dei om to ulike versjonar av forhistoria si. Ein gjensidig søken etter forståing frå den andre for eigne livsval avslører biografiar med uventa likskapar. Men ved å forsvare retten på si eiga historie blir demoniseringa av den andre halden oppe.

Mor og barn tematiserer ulike generasjonar sitt behov for å frigjere seg frå generasjonen dei sjølv veks opp under. Det skildrar tre ulike generasjonar si reorientering om kva som vil skape ei kjensle av meining, og kva fellesskap ein orienterer seg mot.

Mor og barn tematiserer ulike generasjonar sitt behov for å frigjere seg frå generasjonen dei sjølv veks opp under.

Den verdikonservative bestemora er fellesskapsorientert på religiøse premissar. Mora til neste generasjon har ved hjelp av individualismen og det relasjonelt og geografisk uforpliktande frigjort seg frå moralprinsippa til førre generasjon. Sonen til tredje generasjon avreagerer mot det materielle og relasjonelle forbruket foreldregenerasjonen hans stod for, gjennom sjølv å søke kjensla av djupne, forplikting og spiritualitet.

Sonen og bestemora har funne kontaktpunkt og sympati for kvarandre i si avvising av mora, men dei har blindsoner for kva hos dei som har produsert mora sitt behov for sjølvstende. I kvar generasjon si leiting etter ideal har dei alle skapt noko som må bli ekskludert, slik at den neste generasjonen må bryte ut for å finne eller finne att handlingsrommet for ei positivt betona realisering av seg sjølv.