Bakgrunnsartikkel

Frå New York til Verdalen

Bærumsjenta Ellen Bendu måtte gå omvegen om både psykologi, administrasjon og leiing og New York før ho fann ut at ho berre måtte satse på skodespelaryrket. No er ho klar for rolla som jenta i Tatovering, som nærast er hennar rake motsetnad. Men sjølvstendige og tøffe, er dei begge to.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonsrådgjevar

- Du ringjer, og eg set meg på første flyet, om du treng meg.
Det var det siste far til Ellen sa da han drog heim til Noreg etter å ha følgt henne til New York, der ho budde i tre år. Denne setninga vitnar om ein far som både er til stades og nær, og det bekreftar ho:
- Eg har ein pappa som har vore heilt utruleg involvert i livet mitt, og det har vore veldig trygt, seier Ellen og eit varmt smil breier seg i ansiktet hennar.

Ungdomstid utan rammer

No skal Ellen Bendu spele den vaksne versjonen av hovudkarakteren i framsyninga Tatovering. Faren til jenta ho skal spele er døyande, og ho innser plutseleg at ho aldri har kjent han, og det kjennest sterkt vemodig. Samtidig har ho ein del traume frå oppveksten som ho ikkje har tatt tak i. Far til jenta har vore av typen som verken ringjer eller tek telefonen når ho ringjer. Ikkje har han ekstra dyne så ho kan overnatte, heller. Og han har definitivt ikkje følgt med på kva ho har gjort i livet.

I Tatovering spelar Ellen den vaksne utgåva av eg-personen. Kaia Varjord spelar ungdomsversjonen. Foto: Monica Tormassy/Det Norske Teatret.

- Eg-karakteren har levd ganske grenseoverskridande, seier Ellen.
Den yngre utgåva av jenta, som i framsyninga blir spelt av Kaia Varjord, går over både eigne og andre sine grenser, både når det gjeld sex og rus.
- Når ein ikkje har vaksne rundt seg som set grenser og rammer, så kan ein ende opp med å teste kor langt ein kan pushe det for å få ein reaksjon. Før nokon bryr seg, forklarar skodespelaren.

- Eg hugsar at jentene frå austkanten var mykje hardare enn oss jentene frå vest.

Jenta Ellen skal spele, er av den typen som tidleg har måtta klare seg sjølv. Ho er vaksen opp i ei blokk på noko som nok er austkanten av Oslo, ein stad der språket og omgangsmåten er farga av at folka som bur der har bakgrunn frå mange hjørne av verda. Sjølv har skodespelar Ellen hatt trygge rammer med familien rundt seg på den vestlege sida av Oslo, nærare bestemt på Ullern og i Bærum.
- Da eg var ungdom var det heilt uaktuelt å henge på austkanten. Vi syntest til og med det var litt … skummelt, seier ho, og nærast skammar seg.
- Eg hugsar at jentene frå austkanten var mykje hardare enn oss jentene frå vest. Dei skulle vi ikkje yppe med, liksom, seier ho os ler.

Ellen Bendu med faren da han følgte henne til New York.

Foto frå ungdomen i cheerleader-andrekk, heime i stova på Kolsås i Bærum.

Frå cheerleading til teater

I barndomen og ungdomsåra dreiv Ellen med både dans og cheerleading. Å showe og vise seg fram var noko ho tidleg likte godt. Gneisten for teater blei ikkje tent før ho året etter vidaregåande tok psykologi i Bergen og enda opp som både skodespelar og sjef i studentrevyen. Da sa det `Pang´!

Etter studia i Bergen drog Ellen eit år på Solborg folkehøgskole i Stavanger, der ho fekk enda meir smaken for drama og teater. Likevel stod det å jobbe med teater fram som ein urealistisk og noko ufornuftig draum. Derfor gjekk turen til Berkeley College i New York med studium i administrasjon og leiing.
- Far min sa at: «Du tapar jo ikkje noko på å ha det på CV-en.»

Så da blei det tre år i New York for tjueein år gamle Ellen. På dagtid var det studiar, men ettermiddagane og kveldane gjekk med til å gå på open mic, stand up, auditionar og skodespelarkurs. Da ho fortalde faren at ho vurderte å droppe siste året, blei han streng og sa at jo, ho måtte fullføre.

- Det året talde eg eigentleg berre ned dagane til eg skulle dra heim, fortel Ellen.
Ho hadde innsett at det var teater ho ville halde på med, og da siste eksamen var levert drog ho ikkje på fest – men rett heim til foreldra i Bærum og søkte teaterutdanninga ved Høgskolen i Nord-Trøndelag, og kom rett inn.
Tre år i New York med festing og organisasjon blei etterfølgd av tre år i Verdalen med teater, teater og meir teater.

- I mitt liv tenkjer eg ikkje så mykje over dette med aust og vest lenger.

Å reflektere over eige liv

Ellen Bendu blei uteksaminert frå Høgskolen i Nord-Trøndelag i 2018, og har sidan vore med i fleire teateroppsetjingar, i tillegg til TV-seriar, som Blodtur, Basic Bitch, Hvite gutter og Nach. Somme tider er ho også med på improscenen Det Andre Teatret. Når ho for første gong skal stå på scenen på Det Norske Teatret, er det på Rommen Scene, i ein del av byen som nok hadde kjentest som heime for karakteren ho skal spele.

Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

- I mitt liv tenkjer eg ikkje så mykje over dette med aust og vest lenger, og har venner frå alle kantar av Oslo. Men eg har jo venninner som eg er spent på om vil komme, seier Ellen og ler, men legg kjapt til at:
- Joda, dei vil nok det.

Nokre som heilt sikkert vil komme, er både far og mor til Ellen, som har følgt henne tett gjennom heile livet.
- Eg håpar publikum kjem til å le litt, gråte litt, og gå ut frå teatersalen og kjenne at ein er blitt litt betre kjent med eit anna menneske, og gjennom det også ha reflektert litt over sitt eige liv, avsluttar ho.

Intervjuet blei publisert 30. januar 2024.