«Tatovering» er verdt å se.»

«ei gripande og humoristisk skildring av ungdomstid og sorg»

Eit rått og energisk rop frå blokkene.

Tatovering er ei djupt personleg, ærleg og eksplosiv forteljing om ei ung dame som har vakse opp i eit maskulint miljø, men med ein fråverande far. Gjennom tilbakeblikk møter ho seg sjølv som ungdom. Dei to – den unge vaksne og den unge jenta - er ueinige om kva som er sant, og korleis dei ønskjer at historia skal bli fortald. Og ikkje minst er dei ueinige om kva ein kan eller bør snakke om.   

Historia er lagt til ei blokk, i ein forstad. Ein stad der det finst over 20 ulike språk, der graffitien framleis er rykande fersk på veggane og musikken dunkar frå bilar som har oppheva fartsgrensene. 

Med energi, levande språk og masse humor, er dette ei framsyning laga med eit ungt publikum i tankane. Det er sorg, seksualitet, einsemd - og eit veksande sinne. Kampen for å forme eigen identitet som ung, gjer ein utsett og sårbar.

Suksess frå Danmark

Tatovering er skrive og sett i scene av Anna Malzer, som også skal regissere framsyninga på Rommen Scene. Stykket hadde premiere på teateret Mungo Park i København, der ho også er teatersjef, i 2020, og er framleis på plakaten. Framsyninga har fått knallgode kritikkar i danske aviser og har slått godt an, spesielt hos eit ungt publikum. Tatovering på Det Norske Teatret er ein ny versjon der Malzer tek med seg grep frå den danske versjonen, og omarbeider dette til ei ny utgåve i samarbeid med skodespelararne ved Det Norske Teatret.

INFORMASJON TIL PUBLIKUM

Passar best frå 15 år.
Det blir nytta strobelys og scenerøyk i framsyninga. Røyken er vannbasert og ufarleg.

Lytt til regissør Anna Malzer fortel om korleis ho har jobba med språket sitt i vaksen alder, først med å legge vekk delar av sosiolekten sin for å gjere seg betre forstått som teaterinstruktør og respektert som teatersjef, og så korleis ho har jobba med å finne tilbake til det eigenleg språket sitt og den eigentlege seg.

Finn ut meir