Bakgrunnsartikkel

Forfattar Ruth Lillegraven

Til langdiktet Sigd henta forfattaren inspirasjon frå dagbøker frå 1800-talet, ei familiehistorie frå 1700-talet og ymse sakprosa.

Skrive av
Ingrid Weme Nilsen
Ingrid Weme Nilsen
Dramaturg

Eg er ein historieforteljar. Eg er meir opptatt av den gode historia enn eg er av sjanger og form. Eg har eit veldig skrivesug i meg, og er nok lykkelegast når eg fysisk skriv og helst kjem inn i teksten og fiksjonen. Reint språkleg er eg veldig opptatt av rytmen og klangen og drivet i teksten - anten det no er poesi, prosa eller dramatikk eg jobbar med.

Eg har ofte ei eller annan form for idé eller plan, men det har ein tendens til å endre seg masse undervegs. Vegen blir til medan eg skriv, eg ser ting klarare og klarare etter kvart. Eg skriv gjerne fort i utgangspunktet, men brukar masse tid på å file og flikke og endre og slette i mange rundar, kanskje særleg med dikta, men elles også. Eg elskar alle fasar av arbeidet, men eg blir frykteleg nervøs når noko skal møte eit publikum. Det er den mest krevjande fasen for meg.

Ruth Lillegraven debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har sidan gitt ut i alt ti bøker for barn og vaksne, blant anna diktsamlingane Urd (Brageprisen 2013) og Sigd (Nynorsk Litteraturpris 2016). Dikta hennar er gjerne lett tilgjengelege og har gjerne form som ei forteljing. I 2018 debuterte ho som dramatikar med teaterstykket Cally på Det Norske Teatret, og hausten 2019 hadde teaterversjonen av Sigd premiere, som ho sjølv har dramatisert.

Sitat frå tildelinga av Nynorsk Litteraturpris 2016:

«Nynorsk litteraturpris 2016 går til ei uvanleg vakker diktsamling som fører saman fortid og notid, kultur og natur, og som skildrar korleis eit menneskes blod, slit og tårer blir meisla inn i omgjevnadene rundt, og blir verande der til evig tid. Diktsamlinga utmerker seg med si særeigne rytme og sterke bilete.»


Toppfoto: Siren Høyland Sæter