Bakgrunnsartikkel

Ferdig snakka

Det handlar ikkje om kva teateret kan gjere for Groruddalen, men kva Groruddalen kan gjere for teateret. Belinda Braza leiar Det Norske Teatrets kunstnarlege satsing i Groruddalen. Jobben hennar blir å vere utolmodig, nysgjerrig og dønn uredd.

Skrive av
Erlend Tårnesvik Dreiås
Erlend Tårnesvik Dreiås
Formidlingsansvarleg

Om Ivar Aasen hadde levd i dag, så hadde han garantert brukt mykje tid i Groruddalen. - Det Aasen gjorde for norsk språk, kan Rommen Scene gjere for vidareutviklinga av norsk kultur.

Belinda Braza har ein entusiasme som smittar. Frå hausten tek ho over som kunstnarisk leiar for Det Norske Teatret i Groruddalen. Når ho fortel om planane ho har, er det umogleg ikkje å bli riven med. Målgruppa er barn og unge, men ringverknadane blir eit gode for heile kunstfeltet.

Det er ambisiøst, men sånn må det nesten vere. For ho vil mykje og er eigentleg ferdig snakka. Da må ein handle, og det er akkurat det ho aktar å gjere.

Byrjinga

Det kunne blitt musikken. Belinda Braza kjem frå ein musikalsk familie. Faren har turnert verda rundt som musikar. Mora var i mange år dirigent. Søstera er artist, låtskrivar og manager. Sjølv spelte Belinda 10 år i korps, på tverrfløyte. Eller det kunne blitt hest, som ho også dreiv aktivt med i 10 år. Men så blei det dansen.

Det første møtet fekk ho på United Filipino-Norwegian Society i Bergen, saman med mor og far. Ein norsk-filippinsk møteplass der ein delte mat og kultur. Musikk, song, konkurransar - og dans, sjølvsagt. På UFNS fekk dei lære nokre av dei filippinske tradisjonsdansane. Og det var nettopp her Belinda fekk sitt første møte med dansen.

Dans på UFNS i Bergen. Foto: Privat
Dans på UFNS i Bergen. Foto: Privat
Mamma og pappa Braza. Foto: Privat
Mamma og pappa Braza. Foto: Privat
Pappa Braza med gitaren. Foto: Privat
Pappa Braza med gitaren. Foto: Privat
Ei ung Belinda Braza. Foto: Privat
Ei ung Belinda Braza. Foto: Privat

Den filippinske kulturen er sterkt prega av fleire hundre år som koloni, først under Spania, så USA. Braza omtalar det som ein spanande potpurri: - Det merker ein språkleg også, at det har plukka opp i seg bitar frå historia. Men trass fleire hundre år med kulturell påverknad, har den filippinske tradisjonen klart å halde fast i ein kjerne.

Den filippinske folkedansen har eit mangfaldig uttrykk. Det kan vere å lage rytmar med kroppen, krigardans, dans med våpen, lys eller blomar. – Folkedansen er utruleg variert, og det var nok definerande for den eg er i dag.

Når Braza først oppdaga dansen, brukte ho all tid i løpet av dagen til å tenke dans, puste dans, og utøve dans. Ho starta på danseskole. Og så oppdaga ho hiphop-kulturen.

- Hiphop gav meg eit vokabular og folk å sjå opp til.

Foto: Erika Hebbert

Å finne eit språk

Det var noko med hiphop som passa Belinda Braza godt. Det kom frå dei unge, det handla om kamp, om å stå samla, om å finne ei felles stemme gjennom å vere fleirstemmig. - Hiphop er, som den filippinske kulturen, brotstykke av ulike kulturar og tradisjonar. Og den gav meg eit vokabular og folk å sjå opp til. Eg var ganske sjenert, tru det eller ei. Eg var ein person som ikkje torde å snakke så mykje. Eg observerte og tenkte. Men ord var ikkje mi sterke side.

I musikken og dansen var det mogleg å uttrykke seg utan ord. Der møtte ho også fleire menneske som var interesserte i dans, og som hadde tenkt å satse profesjonelt. Å ha dansen som jobb, var ein heilt ny tanke. Men da det blei snakk om å reise på ein audition til ein danseskole i Oslo, tenkte ho: - Åh, det er kult, det kan eg bli med på. Eg visste omtrent ikkje kva ein audition var ein gong.

Men ho drog til Oslo og kom rett inn i andre klasse på skolen. Så gjekk ho to år der. Rett før ho var ferdig, drog ho på ein ny audition. Fekk jobben. Og dermed blei Belinda Braza sin inngang til teaterscenen musikalen Fame på Chat Noir.

Sidan det har ho jobba på dei fleste institusjonsteatera i Noreg, både som koreograf, dansar og skodespelar. Ho har vore fast tilknytt Det Norske Teatret sidan 2016, der ho mellom anna har følgt alle tre kulla frå Det Multinorske, programmert Bikubekveld og Bikubebarn. Ho har koreografert og dansa for store tv-produksjonar, og turnert i inn og utland med eigne produksjonar.

Men det var ikkje gitt at det var sånn det skulle gå.

Morsrolla

Rett etter ferdig utdanning, 22 år gamal, blei Belinda Braza mor. For mange i dansemiljøet var det einstydande med at karrieren var over. Ho hugsar ho var livredd. Men der og da tok ho eit val.

- Eg skulle halde fram med dans, og samtidig vere den beste mora eg kunne vere for sonen min. Det har ikkje berre vore lett å vere dansar og koreograf med eit barn på hofta som du er åleineforsørgjar for. Heldigvis har eg hatt god støtte rundt meg. Og til sjuande og sist har morsrolla gjort meg uredd. Eg fekk ei anna ro, og kunne gå inn på auditionar med senka skuldrer.

- Morsrolla har gjort meg uredd!

Belinda Braza og sonen Benjamin. Foto: Privat

Det var dansen som leia Belinda Braza inn til teateret. Og her møtte ho også eit slags vendepunkt. - Blikket mitt løfta seg frå berre å handle om dansen, til noko meir. Plutseleg fekk eg ei oppleving av komponentane som var i spel. Lys, lyd, kostyme, musikken, rommet, menneska. Dei er i stadig kamp og forhandling for å fortelje ei historie på best mogleg måte. Det var utruleg rått og vakkert.

På ein måte er det ein raud tråd frå United Filipino-Norwegian Society, via hiphop-kulturen, å bli mor, møtet med teateret, til prosjektet på Rommen Scene, sånn Belinda Braza visualiserer det.- Det handlar om synergiane som oppstår når fleire krefter samlast. Som ein eksplosjon av meiningar og inntrykk. Ein kan velje å sjå på det som unødvendig støy. Men eg ser det som noko fleirstemmig eg ønskjer meir av i teateret.

Rommen Scene for barn og unge

Det Norske Teatret har vore til stades på Rommen Scene sidan januar 2019. Frå hausten 2021 tek Braza over ansvaret som kunstnarleg leiar. Planlegginga er allereie godt i gang og visjonane er store.

Barn og unge er hovudmålgruppa og målet er at teater skal vere noko dei ønskjer å oppsøke. Noko som er naudsynt å oppsøke. - Dei skal komme fordi dei føler at teateret både omfamnar og utfordrar dei. Dei skal komme for å oppleve historiene, for kunstnariske erfaringar. Men også for å oppdage at det er moglegheiter i teateret som strekker seg forbi scenen.

For å lykkast med det må ein vere interessert i kva som rører seg i barne- og ungdomskulturen. – Den er så rik på impulsar, nye inntrykk, ny type musikk, nye sosiale plattformer og måtar å kommunisere på. Ikkje fordi vi skal kaste oss på alt saman. Men vi skal vere tett på, saman med dei, nysgjerrige på dei same impulsane. Teateret kan vere den analoge motsatsen, men det kan også vere noko meir.

Braza liker ordet hub fordi det handlar om å knyte til seg forskjellige impulsar via ein kjerne. - Eg må sjå ting i bilde, og da ser eg for meg ein konkret kjerne i midten. Om vi som teater skal lykkast, så tenkjer eg at vi må vere den kjernen. Når det kjem noko nytt inn, så må jo kjernen bli større. Jo fleire menneske vi gir plass til, jo meir kunst, kunstnarar og nye uttrykk blir det.

Barn og unge skal komme fordi dei føler at teateret både omfamnar og utfordrar dei.

Foto: Erika Hebbert

Nye impulsar

- Groruddalen har ein del assosiasjonar knytt til seg, på godt og vondt. I den offentlege diskursen har det ofte vore mest negativt, med ord som getto, gettofisering, sosioøkonomiske skilnadar og klasse. Og ein skal ikkje underslå at dette også eksisterer. Problemet er at det skuggar for den vanvitige rikdomen du finn der. Groruddalen er jo ei kunst- og kulturmaskin!

For Belinda Braza handlar det ikkje om kva Det Norske Teatret skal gi til Groruddalen. Det Norske Teatret i Groruddalen er ikkje eit idealistisk prosjekt. - Å vere idealistisk er jo eigentleg å vere godhjarta og å gå inn med gode intensjonar. Men eg trur at i det ein går inn med berre ein idealistisk intensjon, avgrensar det moglegheitene du har. Det handlar om korleis ein ser si eiga rolle og posisjon. Groruddalen er ikkje sveltefôra på kultur, tvert imot.

Ho vil heller snu på spørsmålet: - Kva er det Groruddalen kan gi inn til teateret? Det handlar om å gå i dialog med kunstnarar som ønskjer å utvide og utfordre kva teater kan vere. Og det veit eg at vi klarer å lokalisere ved å vere på Rommen fordi vi plasserer oss midt i eit dynamisk landskap av ulike kunst- og kulturuttrykk. Men vi må vere villige til å gi reell plass, tid, vere opne og anerkjenne at det er teateret som har behov for annleis impulsar.

- Groruddalen er ikkje sveltefôra på kultur, tvert imot.

Foto: Erika Hebbert

Å bryte med norma

Belinda Braza er utolmodig på vegner av kunsten og på vegner av samfunnet. - Ofte kan eg oppleve at det går sakte. Omgrepet ‘mangfald’ har heldigvis blitt litt allemannseige. Og samtalen om mangfald har fått ein høgare status. Det kan vere med på å opne mange fleire dører.

Samstundes tenkjer Braza at debatten blir avgrensande og trist om den blir redusert til at alle skal kjempe for sin eigen minoritetsklubb. – Alle ønskjer vi det same: Vi vil bli sett og anerkjent. Vi vil ha plass. Men uansett kor ein står i kampen, må vi vere medvitne om vår eiga blindsone. Eg ønskjer å forhandle fram eit større rom der det er plass til mange fleire.

Å tenkje nytt og annleis innanfor teaterfeltet er ikkje berre enkelt. Braza trur vi må anerkjenne at det finst ein struktur og ei preferert norm i teateret, og at denne kan verke ekskluderande for enkelte. Ikkje minst for mange barn og unge som opplever teateret som noko som ikkje angår dei.

Det viktigaste vi kan gjere for mangfaldsdiskursen, er å gjere det og ikkje berre snakke om det, meiner Braza.

- Generelt sett har teateret ein lang veg å gå. Det Norske Teatret har på mange måtar vore grensesprengande, gjennom variert programmering, opprettinga av skodespelarutdanninga Det multinorske og no med satsinga i Groruddalen. Gjennom desse handlingane har ein løfta teateret og kunsten.

Å vere uredd

Det er eit stort og ambisiøst prosjekt Belinda Braza stakar ut kursen for no. Ho beveger seg i eit landskap mange har sterke meiningar om. - Eg prøver å seie at min jobb skal vere å opne opp og berre vere 100 % nysgjerrig heile tida. Ikkje redd! For det vil vere nok av dei som er kritiske, eller kanskje helst ser at du går på trynet.

Men kritiske stemmer er ho ikkje redd for. Ho har oppretta eit kunstnarleg råd, med folk også utanfor teateret. I tillegg skal ho ha eit ungdomsråd. Målet er å skape eit rom for konstruktiv kritikk og bruke det til sin fordel. For Braza tenkjer at ingen eigentleg ønskjer å halde fast i noko som er rigid og som avgrensar.

– Det høyrest sikkert ut som ansvarsfråskriving, men eg føler ikkje det er min jobb å vere portvakt for kva som kan kallast kunst eller kor dei store kunstopplevingane kan skje. For meg er det ei gigantisk kunstoppleving å sjå to dansarar utveksle dans med kvarandre.

– Når fleire instrument improviserer saman, eller når dansande kroppar utvekslar rørsle i fellesskap, kallar vi det ein jam. Det handlar om å tru på dei synergiane som oppstår når fleire krefter samlar seg. Det kan teateret også vere; ein stad der dei store kunstopplevingane kan ta form.

- Framover ønskjer eg at vi skal jamme litt meir i teateret.

Foto: Erika Hebbert

Handling før ord

Belinda Braza er utolmodig av natur. På godt og vondt, har ho fått høyre. Men ho tenkjer at om hennar jobb er å vere utolmodig, så kan andre vere tolmodige, la ting modnast. For Braza er tida overmoden.

- Teateret må halde fram med å vere ope og søkande. Om vi sluttar med det - ikkje er interessert i dialogen eller møtepunktet, - så sluttar vi å utvikle oss. Vi stagnerer. Teateret er på sitt viktigaste når det lykkast i å vere brubyggar.

– Eg tenkjer at det vi gjer i Groruddalen, og dei synergieffektane det gir, vil vere såpass tydeleg at folk vil sjå resultata. Det har vore mange gode debattar og gode samtalar – og vi må ha dei romma der vi kan snakke om det – men på eit eller anna vis handlar det mest om å gjere, gjere, gjere.

- Men no er jo eg ein «doer». Det er iallfall det eg blir fortalt. Og framover ønskjer eg at vi skal jamme litt meir i teateret.