Bakgrunnsartikkel

Er ei god historie ei sann historie?

Kva kan ei spinnvill historie om tennis, ein mann, ei dame og ein katt seie oss om samtida vi lever i?

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

I Sudden death har ein mann – mest sannsynleg – kanskje – ganske sikkert – køyrt over ein katt. Det set i gang ein spiral av dekkhistorier, spinn og utgreiing av alternative fakta, som sjølvsagt blir meir innfløkte når den svært så single eigaren til katten dukkar opp. Eit bilde av ei trist dame blir lagt ut på sosiale medium – og vips! Ein folkeaksjon av opprørte katteelskarar er i gang.
– Men kven er det han eigentleg forsøker å avleie? spør regissøren for framsyninga, Sigurd Ziegler, utan å gi eit konkret svar.

– Manuset til Petter S. Rosenlund er ein snedig satire over eit samfunn der den sterke forteljinga kan bli meir verkeleg enn verkelegheita, og der samtalane både mellom vanlege folk og i massemedia blir polariserte og konfliktstyrte. Opne plattformer som kommentarfelt og sosiale medium var meint å vere ein demokratisk stad der alle skulle komme til orde. Men kva gjer det med oss når alle forteljingar skal bli høyrde? fortset han.

Regissøren ønskjer med framsyninga å stille publikum nokre aktuelle spørsmål om samtida, som publikum sjølve skal grunde på når dei går ut av teatersalen. På scenen blir den til tider rabiate og kommentarfeltaktige dialogen til Rosenlund spelt ut i ei teatralsk og leiken form av skodespelarane Marie Blokhus, Kyrre Hellum og Oddgeir Thune.

Er sosiale medium demokrati i praksis?

Ziegler meiner sosiale medium bygger på ein god tanke om demokratisering av ordskiftet. Men når algoritmane får redaktøransvar, blir det fort ein stad for dei som skrik høgast.
– Tradisjonelle medium har i konkurransen også orientert seg meir i ei datastyrt og klikkorientert retning, som ofte snakkar til det lågaste laget i oss, seier Ziegler.

Han understrekar at dette ikkje tyder at folk i utgangspunktet er dumme. Men det ligg i menneskenaturen å bli trekt mot det som er iaugefallande og vekker sterke kjensler.
– Det er som å sette fram ein smågodtbuffe med litt salat i høgre hjørne. Da er det klart at det blir mykje sukker, argumenterer regissøren.

– Det er som å sette fram ein smågodtbuffe med litt salat i høgre hjørne.

– På sitt verste kan det gi oss ein kakofoni av kattevideoar og konfliktdrivne samtalar, der nær sagt kvar ein påstand skal vere like gyldig, held han fram.

– Eit slikt samtaleklima gjer det for eksempel gangbart å kalle dei grundig funderte kostråda til Helsedirektoratet for «tenk på eit tal» eller å underkjenne resultatet frå eit demokratisk val. Det er sjølvsagt djupt menneskeleg å fornekte ubehagelege sanningar. Men på ein open marknad av alternative forteljingar kan denne hangen få stort spelerom. Og det hjelper deg lite om du meiner at koronaviruset er dikta opp av farmasøytisk industri, når det likevel får deg kopla til respirator.

Makta i kommentarfeltet

Regissør Sigurd Ziegler er også lege av utdanning og yrke, og har bite seg merke i korleis også legevitskapen kan bli utfordra i møte med kvasivitskap og synsing.
– Vitskap og forsking har ofte eit element av usikkerheit ved seg. Skråsikkerheit ligg ikkje i vitskapens natur, og det er kanskje ikkje alltid så sexy. Men dette gjer han også veldig sårbar i møte med retorisk effektiv kritikk som ikkje har noko sakleg fundament.
Og det er dette forholdet mellom kva som er sant, kva som blir høyrt, og korleis ein gjennomsnittleg intelligent person kan bli fanga av sine eigne løgner, han meiner Sudden death prøver å filosofere rundt.



Artikkelen er oppdatert 31. mai 2023.