Bakgrunnsartikkel

Eit vanvitig tokt

- Eg fryktar at eg ikkje får eit trebein, seier Ane Dahl Torp og ler. I januar er ho aktuell som den innbitne kaptein Akab som jaktar på den kvite kvalen Moby Dick. Sist Akab hadde kontakt med kvalen, gjekk beinet med i kampen. No er kapteinen besett på å finne kvalen, og ta eit siste og avgjerande oppgjer med den mytiske Moby Dick.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Det store scenerommet på Hovudscenen skal romme både skuta, havet og elementa som omgir forteljinga om denne sjøreisa og jakta på det uovervinnelege dyret. Det blir hardt fysisk arbeid, hint av vêr og uvêr, hav og sjømannskap. Ane Dahl Torp innrømmer ei viss beundring for alle dei som har halde ut med slike livsvilkår gjennom tidene.
- Vi har ikkje så stor aksept for smerte i livet i Noreg i dag, vi er vane med å ha det ganske godt og komfortabelt. Forventninga eller vissa om smerte er annleis for desse folka og har nok generelt vore det. Dei har vore på sjøen før, dei veit nøyaktig kva dei går til, og dei gjer det gong etter gong.

Moby Dick av Herman Melville er forteljinga om Ismaels første reise om bord på kvalskuta Pequod under leiing av den fryktinngytande kapteinen Akab. Romanen blir rekna blant dei store amerikanske romanane og har fascinert lesarar i over 150 år. Melville reiste sjølv til sjøs, om enn ikkje like lenge som han gjer inntrykk av. I Moby Dick skildrar han skilsettande møte mellom ulike menneske frå ulike kulturar. Kvalfangst ligg ikkje for dei engstelege.

Ane Dahl Torp er tilbake på Hovudscenen i rolla som kaptein Akab.

Det er harde forhold og livet om bord har sine avgrensingar. Det er ikkje komfortabelt, og resultata er heller ikkje garanterte. Men i eit slikt avgrensa univers, der menneske er tvinga til å leve tett på kvarandre, på naturen og under harde forhold, kjem ein også tett på dei store eksistensielle spørsmåla. Kan ein kjempe mot naturen? Den menneskelege og den som omgir deg?

- Vi har ikkje så stor aksept for smerte i livet i Noreg i dag, vi er vane med å ha det ganske godt og komfortabelt.

- Det er jo sjukt å dra ut og ikkje skulle til land på årevis. Ferskvatn til dømes? Korleis gjorde dei det med vatn? Ein kan jo ikkje drikke av sjøen. Nokon stal sikkert av lageret. Den døden som inntreffer om bord og til sjøs, er jo uuthaldeleg. I kamp med element i form av vatn, storm, uvêr, men også i dei tilfella der mannskapet ikkje finn land.

Beinhardt liv

Ane Dahl Torp grøssar ved tanken på alle tenkelege forhold under gammaldags sjøfart. Men gler seg til å dykke inn i karakteren Akab.
- Trebein eller ikkje. Det er eit sinne, ei lyst til å overvinne noko, nokon veldig negative og harde kjensler som ligg inne i Akab, som eg synest er ganske gøy å undersøke. Det er veldig mange måtar å sjå dette materialet på. Det er jo mennesket opp mot noko svært. Det er jo òg inspirerande å lese klimakrisa inn i dette – mennesket opp mot ein natur, som er så mykje større og mektigare enn oss, som vi likevel utnyttar til siste drope, og til slutt vil drepe for å få det slik vi vil.

- Det er eit sinne, ei lyst til å overvinne noko, nokon veldig negative og harde kjensler som ligg inne i Akab, som eg synest er ganske gøy å undersøke.

Moby Dick skildrar i utgangspunktet eit maskulint univers, men akkurat det er ikkje sentralt i versjonen som får premiere i januar. Det er rett nok ei fysisk framsyning med mykje manuelt arbeid. Skodespelarane har i fellesskap førebudd seg gjennom historiske bøker om kvalfangsten og sett film.

Enorme dyr

- Det skaper ein felles mental minnebank med felles referansar og opplevingar som vi kan omsette eller ha i bakhovudet, og som vi kan ta med oss inn i kroppen eller ha med i fantasien når vi skal lage dette dramaet. Det er fasinerande når ein ser på kvalfangst, eller les om kvalfangsten, så ser du berre desse enorme dyra. Dei er som ein jordklode i seg sjølv. Som ein skal ta livet av. Overvinne. Det står for meg som ei umogleg oppgåve. Er det mogleg å drepe dei?
Ane Dahl Torp er klar for ein periode der hemnlyst, vanvit og trua på det umoglege vil dominere. Men aller helst vil ho gjere det med trebein.

Foto: Pernille Sandberg
Intervjuet er publisert 27. oktober 2023.