Bakgrunnsartikkel

Blei redd da ho las Haugtussa

For ti år sidan fekk Ane Dahl Torp ein førespurnad frå ein liten kulturfestival på Vestlandet om å lese nokre dikt ho likte. Dette enda opp med å bli ei teaterframsyning som framleis står på plakaten på Det Norske Teatret.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Dette er eit skoleeksempel på at ein absolutt bør seie ja til jobbar ein burde seie nei til, ler skodespelar Ane Dahl Torp. På kjøkenbordet som er arva av norsklærarmora og språkprofessorfaren hennar tronar ein plastdunk med heimelaga hardangereplevin frå ein kjenning i lag med ei herleg blanding av diverse etterlatenskapar etter dagens økt med heimeundervisning, voksenjobbting, kaffikoppar og rot. Det er i kaos det kreative skjer - og når ein seier ja til ein jobb som kanskje blei ein for mykje. Det var ein festival i Kristiansund som ringde den gongen for åtte år sidan. Dei ville gjerne at Ane skulle lese nokre dikt vekselvis med ein strykekvartett som skulle spele.
- Kva skal dei spele? undra Ane.
- Noko av Grieg, var svaret.
- Ja, Haugtussa, da, liksom, datt det ut av henne. Og ja, det synest festivalen høyrdes kjempefint ut!

Skodespelar Ane Dahl Torp og komponist Sjur Miljeteig har samarbeida om å lage Haugtussa. Foto: Åsne Dahl Torp.

Gripande stoff

Tida gjekk, og Ane håpa at festivalen hadde gløymt det heile, ho hadde eigentleg nok på plakaten. Men så dingla det inn ein e-post mot slutten av sommarferien: Vi gler oss til Haugtussa 16. september!
Så var det bestemt, og Ane måtte lese Haugtussa for første gong frå byrjing til slutt.
- Eg blei redd, eg! Det er jo litt sånn som filmen 6. sansen med han guten som kviskrar "I see dead people!", mimrar Ane. Ho trekte føtene godt opp i sofaen medan ho las.

Foto frå teaterframsyninga Haugtussa. Foto: Dag Jenssen
Foto frå teaterframsyninga Haugtussa. Foto: Dag Jenssen

Nasjonalepos med nytt blikk

Arne Garborgs diktsyklus om gjetarjenta Veslemøy er ein av våre nasjonalskattar og er tradisjonelt sett på som vakker, naturromantisk og lyrisk.
- Men eg såg noko anna, seier Ane.
- Eg las det som ei slags spøkelseshistorie.
Og med det begynte krøssklippinga av Haugtussa. Første versjon blei framført til strykekvartett i Kristiansund. Neste versjon blei framført i samband med at Ane fekk ein annan førespurnad ho ikkje kunne seie nei til - nemleg å lese nokre dikt av Garborg ved avdekkinga av ein Arne Garborg-byste i sin eigen fars fødeby Tvedestrand. Ane foreslo å trekke fram Haugtussa og at ektemannen Sjur Miljeteig skulle lage og spele musikk til, og slik blei det.

No hadde dei plutseleg grunnrisset av ei framsyning, og den synest dei at dei kunne lufte for teatersjefen. Kanskje han ville ha ein liten Haugtussa til bruk i mindre forsamlingar? Men det ville teatersjef Erik Ulfsby ikkje. - Han ville ha ei times lang framsyning på Scene 3!

Sjur Miljeteig og Ane Dahl Torp i studioet i heime på Vålerenga. Foto: Åsne Dahl Torp.

Resten er meir eller mindre historie. I Det Norske Teatrets jubileumsår 2013 blei det premiere, og sidan har dei spelt rundt 150 framsyningar og vore på fleire turnéar. Framsyninga blei radioteater i korona-tida, heimesnekra i studioet på Vålerenga. Eventyret tek ikkje slutt.

Artikkelen er publisert i 2020. Sist oppdatert 21.12.2022.