Bakgrunnsartikkel

Ein syngjande diktar

Bob Dylan har prega populærmusikken gjennom seks tiår. Songar som «Blowin’ in the Wind», «Like a Rolling Stone» og «Tangled Up in Blue» har forma generasjonar av lyttarar. Rolling Stone har kåra han til den største låtskrivaren gjennom tidene.

Skrive av
Tom Roger Aadland
Tom Roger Aadland
er artist, komponist og tekstforfattar. Han har omsett alle tekstane av Bob Dylan som er brukte i framsyninga til nynorsk.

Det finst knapt ein nolevande artist som ikkje er påverka av han. «Han var ein revolusjonær», seier Bruce Springsteen. «På same måte som Elvis frigjorde kroppen din, frigjorde Bob sinnet ditt». Den nittande juni gir Bob Dylan ut sitt 39. studioalbum, Rough and Rowdy Ways.

Dylan er ein syngjande diktar. Tekstane hans er skrivne for å syngjast på ein scene, og han held framleis opp imot hundre konsertar i året. At han blei tildelt Nobelprisen i litteratur i 2016, var oppsiktsvekkjande, men burde kanskje ikkje vera det. Det engelske ordet for songtekstar, lyrics, kjem frå det gamle greske strengeinstrumentet lyre. Lyrikken blei opphavleg sunge.

Når eg gjendiktar Dylan, er det svært viktig for meg at teksten fungerer som song. Det er lett å sjå at Dylan lar seg inspirere av klang, rim og rytme når han skriv. Som i all stor kunst, går uttrykksform og innhald opp i ei større eining i songane hans. Den overordna oppgåva blir å formidla det eg føler er essensen i tekstuniverset hans. Dylan passerer gjennom ei flimrande verd, der lys og skugge skiftar, og tida er relativ. «I was so much older then, I’m younger than that now», syng han i My Back Pages i 1964.

Stundom tar eg meg fridomen å gjendikta stadnamna i songane til norske forhold. Dylan vaks opp i Minnesota og flytta etter kvart til New York. Eg vaks opp på Sørvestlandet og flytta etter kvart til Oslo. Så når eg gjendiktar Dylan, hamnar eg ofte på Vestlandet (eller i Finnmark). San Francisco kan bli til Stavanger, Memphis til Bergen. Honolulu kan bli til Kautokeino, Shakespeare til Holberg.

Dylan er ikkje ein framand for teateet.
«Shakespeare, he’s in the alley/With his pointed shoes and his bells», syng han i Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again på albumet Blonde on Blonde i 1966. Og på same album: «Achilles is in your alleyway/He don’t want me here, he does brag» (Temporary Like Achilles). Tre tiår seinare henta han albumtittelen Time Out of Mind (1997) frå Shakespeare-tragedien Romeo og Julie.

Då eg femten år gamal høyrde Dylans A Hard Rain’s A-Gonna Fall for første gong, var det som å leggja ut på ei reise. Då eg kom attende, såg verda litt annleis ut. Fire år seinare hadde eg ei liknande oppleving med skodespelet Raskolnikov (basert på Dostojevskijs Brotsverk og straff) på Den Nationale Scene i Bergen. Så når Det Norske Teatret no framfører Dylan som teaterkonsert, rimar det i alle fall for meg.


Toppfoto: Gitte Johannesen • Forfattarfoto: Geir Dokken