Bakgrunnsartikkel

Ein musikalsk stri straum av stemmer

Den austerrikske nobelprisvinnaren Elfriede Jelinek (f. 1946) styrta som ein kvervelstorm inn i litteraturhistoria som ho deler med alle andre forfattarar.

Skrive av
Elisabeth Beanca Halvorsen
Elisabeth Beanca Halvorsen
Forfattar og omsetjar. Har m.a. omsett fleire av Jelineks verk til norsk.

Der viste ho fram såra ho hadde pådratt seg i gnissingar med musikklivet i Wien. Etter å ha blitt dynka med musikkunstens osande steikekraft i oppveksten, lausreiv ho seg frå dei fem faste linene ho var snørt fast til som ei rosenraud rulleskinke på kroken til ein slaktar. Ho begynte å skrive.

Derav følgde Elfriede Jelinek sine verk i skrift: I dur og moll. Prosaisk, polyfonisk, orgastisk. Helst utført oralt og allegro framfor publikum. Ingen pauseringar. A capella med innslag av talekor (frå gresk tradisjon), eventuelt akkompagnert av kjøpesentermusikk (frå kapitalistisk tradisjon).

Orgelinspirert komposisjonsteknikk, det vil seie raske skifte i tyngd og tempo, skarp jamvekt mellom klassisk patos og vulgære trivialitetar. Virtuos og arrogant framvising i allitterasjon og ordspel samt nyskapande metaforar. Tekstane hentar framdrift frå ein mangfaldig litterær støttevokal eller gjestevokal. Mannsstemmer (i utval): Adolf Hitler. Karl Marx. Sigmund Freud. Henrik Ibsen. Aischylos. Martin Heidegger. Jörg Haider. Johann Wolfgang von Goethe. Friedrich von Schiller. Georg Büchner. William Shakespeare. Wilhelm Müller. Kvinnestemmer (i utval): Ulrike Meinhof. Hannah Arendt. Emily Brontë. Ingeborg Bachmann. Clara Schumann. Sylvia Plath. Claudia Schiffer. Natascha Kampusch.

Jörg Haider (1950-2008) var guvernør i delstaten Kärnten i Austerrike frå 1989-1991 og 1999-2008. Han var leiar av det høgreorienterte austerrikske Friheitspartiet (Freiheitliche Partei Österreich, FPÖ). I 2005 braut han ut og stifta partiet Alliansen for Austerrikes framtid, Bünds Zukunft Österreich (BZÖ). Haider var ein kontroversiell figur mellom anna fordi han gav støtte til tidelgare SS-soldatar og bagatelliserte konsentrasjonsleirane frå 2. verdskrigen. Foto: Die Freiheitlichen in Kärnten - BZÖ - Pressefoto, CC BY-SA 3.0, Wikimedia Commons.

Collage og litterær sampling

Kva har desse mennene og kvinnene til felles? Dersom vi utforskar dei personlege registrera deira, vil det vise seg at enkelte deler fleire eigenskapar, som politisk/åndeleg ståstad og tilhørsle til same etniske gruppe eller litterære epoke. Her er dei lista opp i den eigenskapen at dei representerer eit utval Jelinek-inspiratorar. Ho reknar til og med nokre av dei som guddommelege: «Gudane: Shakespeare, Schiller, Büchner, Marx.» Gudane og andre forfattarar, filosofar, politikarar og mediepersonlegdommar snakkar inn i Elfriede Jelinek sine tekstar etter først å ha vore innom forfattaren sitt hovud. Når dei kjem ut derifrå, er dei siterte heilt eller stykkevis og delt, medvite feilsiterte og tillagt noko dei aldri har sagt. Jelinek dekonstruerer og spinn fritt vidare på deira skriftlege og munnlege utsegner utan å oppgi ein einaste forskriftsmessig referanse. Innanfor sakprosaen ville det vore plagiat med rettslege og økonomiske følger. Innanfor kunstprosaen er det nettopp kunst, påklistra etikettar som collage og litterær sampling – ein patchworkteknikk der forfattaren klipper og limer i eit uavgrensa tekstmateriale med eit uavgrensa tal stemmer.

Frå organist til språkkomponist

I grunngjevinga for å tildele Elifriede Jelinek Nobels litteraturpris i 2004 legg Svenska Akademien vekt på hennar «musikalske straum av stemmer og motstemmer i romanar og drama». Jelinek har ei brei musikkutdanning, mellom anna som organist frå Konservatoriet i Wien. Ho har også studert komposisjon, men nokre mindre komposisjonar på verklista. Det har blitt meir vanleg at andre komponistar set musikk til tekstane hennar enn at ho gjer det sjølv.

Jelinek beskriv i den sjølvbiografiske romanen Pianolærerinnen (1983, norsk 2005) musikkopplæring som ein blodsugar, ei tvangstrøye og giftgass.

Ho overfører heller det kompositoriske til litteraturen og kallar seg språkkomponist. Rytme og tone fell ikkje tilfeldig, heller ikkje val av språkstil, som varierer mellom klassisk diktarspråk og slangprega assosiasjonsskriving: «Har ein patos ein stad, treng ein ytste trivialitet ein annan stad», seier Jelinek med referansar til orgelmusikken som vekslar i tyngd og tempo.

Franz Schubert har tonesett diktsyklusen Winterreise av Wilhem Müller. Teikning: August Weger, etter 1850, Gallica Digital Library, Wikimedia Commons.

Franz Schubert

Den største inspirasjonskjelda og yndlingskomponisten til Jelinek er wienaren Franz Schubert (1797-1828). Fleire av teatertekstane har titlar frå verka til Schubert, som Vinterreise frå 2011. Vandraren frå Vinterreise, med trekk frå Jelinek sin eigen far, opptrer også i eit tidlegare Jelinek-stykke med schubertsk tittel, Der Wanderer. Ein annan tittel lånt frå same mann er dramasyklusen Der Tod und das Mädchen, som består av heile fem delar, der to vart sett opp på Trøndelag Teater i 2012 under tittelen Prinsessedramaer. Jelinek har også skrive eit kvinneleg svar på Goethe sitt berømte dikt Erlkönig (Alvekongen), også det tonesett av Schubert. I teaterteksten Erlkönigin er det det største skodespelarikonet i Austerrike gjennom tidene, Paula Wessely, som er ute i hardt vêr. I tillegg til titlane hentar Jelinek inspirasjon frå tekstane til Schubert sine komposisjonar og lar dei lyde som refreng i teatertekstane, gjerne lettare omskrivne.

Stolne stemmer

Stemmene i Elfriede Jelinek sine tekstar som ikkje er hennar eigne, flyt med og mot resten av ordstraumen. Korleis kan lesaren vite at delar av det som står skrive, ikkje stammar frå forfattaren verket er signert? Kva tekstar og forfattarar kjenner lesaren til, og i tillegg så godt at han eller ho vil kjenne att tekstbitar derifrå når dei dukkar opp i ein ny litterær heim? Når Jelinek i sitt Ibsen-framhald Hva skjedde etter at Nora hadde forlatt sin mann eller Samfunnets støtter (1979, norsk 2005) siterer frå Et dukkehjem, har norske lesarar større føresetnader for å dra kjensel på dei skjulte sitata enn når ho i dronningdramaet Ulrike Maria Stuart (2005, norsk 2007) siterer tyskspråklege diktarar som Friedrich Schiller og Georg Büchner. Jelinek seier ho jobbar seg gjennom «eit framand språkvirvar» og set det saman med sitt eige, slik at kvar språkstreng inneheld «alt som lar seg knyte saman til ei ytring. For å resultere i noko eller berre ingenting». Det er ei trøyst at ikkje alt skal bli forstått eller nødvendigvis ha ei logisk eller djupare meining. Språket talar for seg sjølv, det har sine høgder og dalar, styrkar og veikleikar. Det speler uansett førstefiolin hos Jelinek.

Energien og drivkrafta ligg i språket, ikkje i handlinga, som ofte er fråverande, iallfall i aristotelisk forstand med ei klar tredeling mellom innleiing, midte og slutt.

Språkflater utan handling

Energien og drivkrafta ligg i språket, ikkje i handlinga, som ofte er fråverande, iallfall i aristotelisk forstand med ei klar tredeling mellom innleiing, midte og slutt. Den tradisjonelle dramaturgien vende Jelinek seg tidleg vekk frå. Av teatertekstane er Raststätte oder Sie machens alle (Rasteplasser eller De gjør det alle sammen) frå 1996 den siste med ein klar figurkonstellasjon, dramaturgi og spelbare dialogar. Sidan 1996 er det berre snakk om «språkflater» og ikkje noko tydeleg skilje mellom prosa og dramatikk; alt er «litteratur», der språket speglar att verdas uhandterlege kaos og ikkje lenger lar seg temme eller dressere. Iallfall ikkje av forfattaren, ifølge Jelinek, som ikkje lenger maktar å halde språket som ein hund i band.

Frå Vinterreise, 2021, regi ved Jonas Corell Petersen. Foto: Magnus Skrede.

«Det er jo uforståelig alt sammen, meningsløst, da kan man jo bare vise våpen eller flagget hvis man har et»

Eit døme på Jelineks metode:
Ulrike Maria Stuart

Dronningdramaet Ulrike Maria Stuart (Nationaltheatret 2007) er føredømeleg for det uregjerleg og kvilelause språket tettpakka med sitat. Då Jelinek skulle skrive om Ulrike Meinhof og Raude Armé-fraksjonen (RAF) sitt mislukka revolusjonsforsøk i 70-åras Vest-Tyskland, støtta ho seg til Shakespeare, Schiller, Büchner og Marx fordi ho såg opp til dei. Teksten er skriven nesten gjennomgåande på blankvers etter førebilete frå Maria Stuart av Schiller, som er omfattande sitert. Schiller sine blankvers med jambar og trokear skulle vere rytmegivaren eller rytmemaskina til Jelinek. Shakespeare og Schiller bidreg på same tid med sin store patos og til å skape parallelle figurar til Jelinek sine.

Kikki Stormo, Espen Reboli Bjerke og Ine Jansen i Ulrike Maria Stuart på Nationaltheatret i 2007, regi Melanie Mederlind. Foto: Gisle Bjørneby.

Ho låner dei farlause Prinsane i Tower frå Richard III av Shakespeare til å representere dei morlause tvillingdøtrene til Ulrike Meinhof. Frå Maria Stuart låner ho dronningane Maria Stuart og Elizabeth I. I dei revolusjonære tekstpartia har Jelinek nytta Karl Marx og også Dantons død av Georg Büchner med handling frå den franske revolusjonen: «Eg har føydd inn Büchner-sitat for å heidre han, det er omtrent som når dei gamle byggmeistrane mura inn eit dyr i fundamenta sin for at bygget skulle bestå.» I eit intervju i samband med oppsetjinga av Ulrike Maria Stuart på Nationaltheatret, beskreiv Jelinek skriveprosessen med stykket:

Altså, jeg samlet sammen materialet mitt, i dette tilfellet veldig mye litteratur om RAF og Schillers Maria Stuart. Og så slår jeg som en rovfugl ned på dette materialet, med hoggtennene river jeg et stykke blodig tekstbytte ut av det som ligger foran meg, og deretter assosierer jeg fritt med det og lar meg rive med av sitatene, som i en elv, hvor man ofte skrubber borti steiner med magen og får vondt.

«Eg veit ikkje lenger kven som snakkar»

Den språkkritiske og språkanarkistiske haldninga Jelinek representerer, har lange tradisjonar. Desse er spesielt sterke i Austerrike, der samtidslitteraturen har klare sambandsliner til forfattarar som Johann Nestroy, Karl Kraus og dei mange eksperimentelle stemmene i Grazer og Wiener Gruppe. Jelineks landsmann Peter Handke tel også mellom desse. Til liks med Jelinek legg han gjerne inn alskens sitat i teatertekstane sine, noko Kunsten å spørre (Nationaltheatret 2018) er eit godt døme på. Men Handke verkar trass alt meir måtehalden enn Jelinek, som let til å miste kontrollen: «Jeg vet ikke lenger hvem som snakker. Det er jo uforståelig alt sammen, meningsløst, da kan man jo bare vise våpen eller flagget hvis man har et», skriv Jelinek i Ulrike Maria Stuart. I Nationaltheatret si oppsetjing dukkar ein skodespelar utkledd som Jelinek opp med denne replikken. Ho trugar publikum med det lågkalibra våpenet sitt og viftar med eit flagg ho ikkje har.

Marianne Krogh i Vinterreise, 2021. Foto: Magnus Skrede.

Med kjærleik til språket og teateret

Elfriede Jelinek fylte nyleg 75 år, og det er lite som tyder på at ho vil heise noko kvitt flagg med det første. Ho held fram med å sende ut nye ordkaskadar om dagsaktuelle tema, i form av rundt fire teaterstykke i året. Og ho held fram med å angripe åndsverket til andre så blodspruten står, heilt tilbake til dei gamle grekarane. Jelinek brukar liknande valdelege språkmetaforar som den franske filosofen Roland Barthes, som Jelinek gjerne referere til og truleg også «låner» frå. Barthes kallar språket fascistisk fordi ein i språket gjer seg til herre og utøver makt, men han understreker at vi på same tid er slavar av språket; ingen kan fri seg frå det. Difor meiner Barthes at vi bør jukse med språket og halde det for narr ved å ryste orda. Det gjer Jelinek i aller høgste grad. Kanskje får ho språket til å seie nye ting, til og med sanningar, ved å torturere det. Og det er liten tvil om at ho gjer det med stor glede og – trass alt – med ein kjærleik til språket og til teateret.

Teksten er henta frå Piker, Wien og klagesang. Om Elfriede Jelinkes forfatterskap (Gyldendal 2010), oppdatert og revidert i høve oppsetjinga av Jelineks Vinterreise på Det Norske Teatret.
[1] Dei innleiande setningane er delvis stolne frå Jelinek sin sjølvbiografiske gjennombrotsroman Die Klavierspielerin (Rowohlt 1983), på norsk Pianolærerinnen (Gyldendal 2005, omsett av Mons Andreas Finne Vedøy og Elisabeth Beanca Halvorsen).

Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk. Sist oppdatert: 7. mars 2024.
Toppfoto: Martin Vukovits. Bylinefoto: Blunderbuss.