Bakgrunnsartikkel

Ein uperfekt kjærleiksgest frå dotter til far

Kva bør du gjere når faren din, som du ikkje kjenner, ligg for døden? Anna Malzer har skrive eit teaterstykke om nettopp det spørsmålet.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef, Det Norske Teatret

Fire år etter premieren står det framleis på repertoaret ved Mungo Park i København. No håpar Malzer at unge kvinner tek med sine fedrer i teateret for å sjå Tatovering, når ho kjem til Oslo og Rommen Scene for å setje det opp.
- Framsyninga Tatovering handlar om ei kvinne i 20-åra som står i eit dilemma. Ho skal ta farvel med faren som skal døy av kreft. Det heile kom litt brått, og ho kjenner han ikkje så godt. Ho er vaksen opp med mora, og har berre sett han no og da. Korleis går ein fram i ein slik situasjon? Så blir minna frå ungdommen virvla opp, seier Malzer.

Stykket handlar om ei ung kvinne. Når ho kikkar tilbake på ungdommen sin trenger det seg fram ting ho har gløymt i løpet av åra som er gått. Det er ein masse episodar om å manøvrere rundt i eit kontrollerande maskulint miljø, med maskuline ideal, og samstundes ikkje ha nokre av desse rollemodellane i livet sitt. Nokre fedrar er fjerne figurar, anten dei har forlate familien, arbeider om natta eller er fråverande mentalt.
- Far min døydde også tidleg, eg budde også åleine med mor mi og historia er inspirert av verkelegheita, sjølv om ho ikkje er ein til ein. Den er meir eit resultat av at eg ikkje kunne tenke på noko anna og er eit slags utløp for ekte kjensler. Tatovering vitnar om eit slags kontrolltap, ein usamanhengande tekst som tidvis er vrøvlande og tidvis knivskarp – ein tone som eg ikkje hadde kunne nå om det ikkje var for at eg stod midt i ei krise, da eg skreiv framsyninga.

Ellen Bendu og Kaia Varjord deler rolla som den unge kvinna. Ellen Bendu er den som fortel historia i sanntid, Kaja Varjord er den yngre utgåva som bryt inn og korrigerer minnet. Foto: Monica Tormassy.

Maskuline miljø

I Tatovering blir den unge kvinna spelt av to skodespelarar. Ellen Bendu er den unge vaksne utgåva, ho som står i notida. Og som skal ta farvel, eller skal ho gidde å ta turen på 138 km. Er ho sint på han? Likeglad? Eller berre redd? Ho er krise og i ferd med å miste grepet. Kaia Varjord er den yngre utgåva av den same kvinna. Ho poppar inn og forstyrrar, set i gang konfliktar, minner om at det er ikkje slik for henne, og fortel andre historier frå oppveksten.

...grenseoverskridande forteljingar om unge jenter som skal navigere i testosterontunge miljø...

- Eg hadde ein tanke om kva eg skulle skrive om, men det var først da eg samla venner og kjenningar som er vokse opp likt som meg til at historia skøyt fart. Vi snakka om korleis det var å bo med mor og ein perifer far. Da velta det ut heilt ville og grenseoverskridande forteljingar om unge jenter som skal navigere i desse testosterontunge miljøa, men som ikkje heilt veit å finne ein veg i dette. Det skaper forvirring, og forvirring kan jo vere ekstremt underhaldande og sårbart på same tid, seier Malzer.

Som heime i Groruddalen

Anna Malzer er glad for at stykket skal opp i Groruddalen. Ho er sjølv frå eit område i København, som ho karakteriserer som ein stad der det blir snakka eit 20-tals språk, men få snakkar eitt flytande. Bustadmarknaden er noko annleis i Danmark, og Malzer forklarer områda frå eigen oppvekst som ein stad der kommunen går inn for å regulere prisane på bustader slik at folk med lågare eller ingen inntekt også kan bu der.

- Det er heilt perfekt å spele i Groruddalen. Eg er sjølv vokse opp i det miljøet eg ser her ute. Stemninga og tonen og språket i framsyninga speglar denne bakgrunnen og det er ekte kjensler som pressar seg fram i teksten. Kjensler eg trur ein del jenter vil kunne kjenne igjen. Mungo Park ligg også litt utanfor bykjernen, og vi legg vekt på at teateret vårt også er for menneske som kanskje ikkje går i teateret så ofte.

"Stærkt generationsportræt, der er slående direkte og overbevisende. Kvikt og stærkt. Nysgerrigt og provokerende.” Frå Frederikborgs Amts Avis kritikk etter premieren på Tatovering. Nana Morks og Sara Fanta Traore i rollene som den unge kvinna. Foto: Catrine Zorn

Teaterplakaten frå Mungo Park i København. Skodespelar: Sara Fanta Traore. Foto: Jon Kort

Ung teatersjef

Berre 27 år gamal sette Anna Malzer seg i teatersjefstolen ved Mungo Park, teateret som har fått mykje merksemd langt ut over landegrensene. Sidan 1992 har den unge og vågale scenen like utanfor København utfordra dansk scenekunst. Teateret arbeider etter 12 paragrafar som forsterkar inntrykket av ei ambisiøs, kreativ og engasjert satsing. Teater er blodig alvor med opning for å feile. Anna Malzer er som ein vandrande paragraf.

Rollefiguren er tøff, og til tider ufrivillig komisk, seier Ellen Bendu som gler seg over samarbeidet med Anna Malzer i framsyninga Tatovering.

Ho brenn for teater for eit publikum som er interessert i historier om det vi står i her og no. Ofte det vi ikkje visste vi burde snakke om. Globale historier med lokal relevans og omvendt, som det står i statuttane. Mungo Park insisterer på både å vere banale og intellektuelle, forførande og fæle, gøyale og alvorlege. Ambisjonen strekker seg heilt til å vere ein stad der dei største talenta i dansk teater blir klekte. Er framsyningane gode, blir dei ståande i repertoaret. Dei andre blir tatt av. Brutalt, men heilt naudsynt, ifølgje teatersjefen, som har hatt ansvaret ved Mungo Park i fem år allereie.

Vil nyansere bildet på forstadane

- Tatovering er nyskrive dramatikk. Det er med andre ord ikkje ei rad kulturelt gammaldagse kodar ein skal forstå. Det er eit direkte samtidig språk, eit universelt enkelt tema og i tillegg er det ofte komisk i all sin tyngde. Som eit første møte med teater, trur eg denne framsyninga vil gi deg noko. Anten du er 15 eller 30 år. Eg ønskjer sterkt at denne framsyninga blir sett av det publikummet som gjenkjenner språket, musikken, måten å vere venner på, kulturen, det heile.
Veks ein opp langt frå dette miljøet trur Anna Malzer at framsyninga vil gi nokre perspektiv som er viktige å forstå. Ho meiner at ein går ut med eit anna og meir nyansert bilde av kva det vil seie å komme arbeidarklassen, lågare mellomklasse eller what ever du vil kalle det, som ho seier.
- Det er mangefasettert. Ein stereotyp frå ein bestemt bydel kan godt vere ein stereotyp, men under det laget ligg tusen andre lag. Å zoome inn i eit anna menneske er noko vi blir dårlegare og dårlegare på i dag. Kanskje stykket kan vere med på at vi ikkje er så dømmande.

Frå framsyninga Tatovering ved Mungo Park i Damark. På bildet er skodespelarane Nana Morks og Sara Fanta Traore. Foto: Catrine Zorn.

Sjølv om det er den unge kvinna som er hovudpersonen i forteljinga er det likevel farsfiguren det heile dreier seg om. Og han er rimeleg universell, ifølgje Malzer.
- Ein far som ikkje er til stades i livet til dottera er ikkje ein klassemarkør. Det kan like gjerne vere ein overklassefar som drikk for mykje, eller ein som arbeider i Sveits heile tida, som ein frå dysfunksjonelle familiar, som køyrer taxi heile natta eller lever perifert frå familien. Og felles for dei alle, er at dei ofte ikkje går til legen før det er alvor. Det er eit grunnproblem for menn på tvers av alle klassar og bydelar, seier ho.

Artikkelen er publisert 8. februar 2024.