Bakgrunnsartikkel

Ei transatlantisk brevveksling

Den omfattande utvandringa frå Noreg til Amerika førte til at det vart sendt store mengder brev over Atlanterhavet. Såkalla amerikabrev – brev frå Amerika til Noreg – er ei mykje nytta kjelde i den norske historiske litteraturen. Vel så spennande er likevel breva som gjekk den andre vegen, frå Noreg til Amerika – det me her kan kalle for noregsbrev.

Skrive av
Mads Langnes
Mads Langnes
Dr. philos og førstekonservator ved Romsdalsmuseet

Slike brev er ei førstehands kjelde til norsk historie, men er tradisjonelt sett via langt mindre merksemd i norsk historieskriving enn dei tradisjonelle amerikabreva. Mellom dei som har nytta både amerika- og noregsbrev som eit naudsynt og verfullt kjeldemateriale finn me den skjønlitterære forfattaren Edvard Hoem, der romanserien om familiehistoria til Slåttekaren knapt nok kunne vore skrive utan at det var teke vare på brev frå ei slik transatlantisk brevveksling.

Som det har vorte peika på av historikarar, er både amerikabrev og noregsbrev ei skriftleg kjelde som ofte går ut over det me gjerne legg i omgrepet brev. Med eit brev tenker ein ofte på ein privat korrespondanse mellom ein avsendar og ein mottakar, medan den transatlantiske brevvekslinga som gjekk føre seg i tiåra med masseutvandring til USA, gjerne også er noko «meir», der det kan vere vanskeleg å trekke grensene mellom private og offentlege brev.

"Amerikabrev", Adolph Tidemand, 1847.

Granskingar har vist at mange privatbrev frå norske utvandrarar tilbake til slektningar heime i Noreg ofte fekk ein tilnærma offentleg status, der ei heil grend kunne samlast når eit amerikabrev vart lese opp. Enkelte forskarar har til og med hevda at dette var meir som eit mønster, der breva ikkje berre var meint for familien, men at dei også var ein slags offentlege nyhendeskriv. Ein kan kanskje med det kalle ein del av amerikabreva for ein slags «korrespondentbrev», og då særleg i den første fasten med utvandring til Amerika. Det same kan nok også seiast å gjelde for noregsbreva, om enn i mindre målestokk. Noko seinare, på 1900-talet, tok aviser og andre media over ein del av denne meir offentlege samtalen, og breva fekk gjerne ei meir privat form.

Transatlantisk brevveksling

Særleg frå masseutvandringa si tid på 1800-talet har det også vorte peika på at breva båe vegar over Atlanterhavet gjerne var påfallande like i form og innhald. Breva inneheldt gjerne ei innleiing som skildrar at skrivaren «tager pennen fatt». Etter det kom gjerne ei skildring av dei nære ting, slik som familie, helse osb., før ein gjekk over til å seie noko om vêr og vind. Så kom gjerne noko av det viktigaste, nemleg ei skildring av dei økonomiske tilhøva, om det så galdt landbruk, fiske eller økonomiske konjunkturar i det heile. Med desse tre faktorane – familien, vêret og økonomien – hadde ein ei god skildring av tilhøva, om det så var frå Amerika til Noreg, eller frå Noreg til Amerika. I tillegg var gjerne den kristelege dimensjonen viktig, der ein både takka Skaparen for tilhøva og meddelte audmjuke ønskje om at den allmektige Gud skulle gjere alt godt for dei på andre sida av havet. Ein slik generell brevstruktur finn me i svært mange av breva båe vegar over havet, sjølv om dei sjølvsagt varierte både i innhald og lengde frå gong til gong.

Handkolorert bilde frå Molde i slåttekaren Nesjes tid, ca. 1890. Foto: Kirkhorn/Romsdalsmuseets fotoarkiv
Handkolorert bilde frå Molde i slåttekaren Nesjes tid, ca. 1890. Foto: Kirkhorn/Romsdalsmuseets fotoarkiv
Handkolorert bilde frå Molde, ca. 1890. Foto: Kirkhorn/Romsdalsmuseets fotoarkiv
Handkolorert bilde frå Molde, ca. 1890. Foto: Kirkhorn/Romsdalsmuseets fotoarkiv
Korleis forfatte eit brev?
Korleis forfatte eit brev? "Brev-og Formularbog for Hvermand" frå 1856. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.
Bilete av indianarleir ved Sisseton i Midt-Vesten, USA, der noko av familien til Edvard Hoem enda opp. Foto: Stavig House Museum/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Bilete av indianarleir ved Sisseton i Midt-Vesten, USA, der noko av familien til Edvard Hoem enda opp. Foto: Stavig House Museum/Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Korrespondentbrev

Det me kan kalle for «korrespondentbiten» av breva, galdt derimot ein vidare tematikk, og var gjerne meint for ein større lesarkrins enn den nære familien. I desse bolkane av breva blir samfunnsutviklinga meir generelt skildra, slik som til dømes jarnbaneutbygging og dei nye automobilane som trafikkerte vegane. I desse bolkane kan me også lese om alt frå møte med dei såkalla indianarane i Amerika til dei økonomiske tilhøva i småbyen Molde på Nordvestlandet. Variasjonen var stor, der me må rekne med at mottakarane såg på dette som interessante nyhende frå andre sida av havet. Samstundes var det nok slik at ein del av denne informasjonen gjerne var skrive for å freiste andre til å ta turen etter til Amerika, sjølv om det også gjekk føre seg ein parallell motdebatt heime i Noreg frå dei som ønskte å stogge den omfattande utvandringa. Mellom anna publiserte proprietæren Hans Thiis Møller på Moldegård i slåttekaren sin heimby eit propagandaskriftmot utvandringa i 1892, utan at pamfletten såg ut til å demme opp for utvandringa korkje frå Rekneslia eller frå resten av Romsdal og landet.

Når det er peika på at mange av breva til og frå Amerika er påfallande like i form og innhald, kan det nok grunne i at folk skreiv tilnærma likt, nett fordi dei opplevde det røynslege livet høvesvis likt. I tillegg var det nok slik at også brevskriving er ein slags sjanger, der det har vort vist til at mange skreiv brev med utgangspunkt i dei mange brevmanualane eller formularbøkene som var så vanlege i samtida, slik som «Nyeste Brev og Formularbog for Hvermand» som kom i mange opplag frå 1862 og utetter. Eit anna interessant aspekt er at skriveopplæringa som følgde utbygginga av skulevesenet også førte til at breva som kryssa båe vegar over Atlanteren var skrive av vanlege folk, medan den norske skriftkulturen tidlegare hadde vore meir prega av dei øvre lag av folket.

Utsyn frå Rekneslia, der Nesje bygde småbruket sitt. Foto: Birkeland/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Utsyn frå Rekneslia, der Nesje bygde småbruket sitt. Foto: Birkeland/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Frå Gørvell-garden, der slåttekaren Knud Hansen Nesje hadde pliktarbeid som 1. slåttekar, 1916. Foto: Birkeland/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Frå Gørvell-garden, der slåttekaren Knud Hansen Nesje hadde pliktarbeid som 1. slåttekar, 1916. Foto: Birkeland/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
"Slåttekaren" Knud Hansen Nesje, Edvard Hoems oldefar, med familie. Bak frå venstre: Georg Bastian og Eilert. Midten: Knud og Serianna. Framme: Ingeborg Kristine og Edvard Anton. Foto: Inger K. Strand/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Småbruket Kringsjå, som Nesje bygde med sine eigne hender, ca. 1920. Foto: Inger K. Strand/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Småbruket Kringsjå, som Nesje bygde med sine eigne hender, ca. 1920. Foto: Inger K. Strand/Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Arkivsamlingar

Når det gjeld noregsbreva, er dei som nemnt vurdert til å vere lite brukt som kjelder til norsk historieskriving. Dette er kanskje også naturleg, då det hjå norske arkiv- og museumsinstitusjonar er bevart langt fleire brev frå Amerika til Noreg enn frå Noreg til Amerika.

Eit unnatak her er dei såkalla Stavigbreva som er oppbevart på Romsdalsmuseet i Molde, og som forfattaren Hoem også har nytta som utfyllande kjeldemateriale til sine bøker. Samlinga har opphavet sitt i at Lars Stavig (1844-1933) utvandra frå Fræna i Romsdal til Amerika i 1876. Gjennom nesten 70 år brevveksla han med broren Knut (1851-1950) som framleis budde heime i Stavika på romsdalskysten. Dette er ei unik brevsamling på om lag 200 brev mellom to brør og familiane deira – både frå Noreg til Amerika og frå Amerika til Noreg. Stavigbreva er ei særs verdfull kjelde, då ein her har bevart eit stort tal på brev frå Amerika til Noreg, og der desse som ein uvurderleg tilleggsverdi går inn i ein heilskap, i og med at ein også har andre sida av korrespondansen bevart hjå same museet. I 2018 vart samlinga difor innskrive som ein del av Noregs dokumentarv, som er den norske delen av UNESCO sitt Memory of the World-register.

Frå bryllupet til Ingeborg Kristine og Ole Hol, 1903. Ingeborg Kristine var dotter til Knud Hansen Nesje og Serianna, som står til venstre i biletet. Foto: Inger K. Strand/Romsdalsmuseets fotoarkiv.

Noregsbreva

For norske forfattarar og forskarar har særleg noregsbreva blitt hevda å vere ei underkommunisert og verdfull historisk kjelde på fleire nivå. For det første er dei jo ei umiddelbar og viktig kjelde til korleis brevskrivaren sjølv opplevde deira eigne, levde liv – eller liv andre har levd, for å seie det med Hoem. For det andre så er dette ei kjelde som må kunne seiast å stå i ei særstilling som kjelde til tilværet i norske lokalsamfunn også meir overordna, då me har få andre kjelder frå samtida som kjem så nære innpå det opplevde livet i bygd og by i ein tidbolk der norske lokalsamfunn gjennomgjekk store endringar. Med breva skine skildringar av korleis jordbruket vart mekanisert, framvoksteren av eit marknadsretta jordbruk, ein framvoksande industri og korleis vegar og jarnbaner opna opp norske lokalsamfunn, må ein mest kunne seie at desse breva er ei førstehands kjelde til korleis «det moderne Noreg» tok form. Om me til dømes les breva frå Stavika i Noreg til Amerika gjennom fleire tiår, er dette ei unik kjelde til korleis brevskrivaren sjølv opplevde dei store samfunnsomveltingane som også gjekk føre seg i Molde og romsdalsbygdene i samtida. Og som det har vorte hevda, ligg nok kanskje også noregsbreva sin største verdi som kjelde til historia nett på dette planet.

Småbruk i Rekneslia med Kringsjå bak til venstre og hesjer i front. Foto: Romsdalsmuseets arkiv.
Småbruk i Rekneslia med Kringsjå bak til venstre og hesjer i front. Foto: Romsdalsmuseets arkiv.
Dødsannonsa til Knud Hansen Nesje i Romsdals Budstikke, 1912.
Dødsannonsa til Knud Hansen Nesje i Romsdals Budstikke, 1912.
Serianna Eriksdatter Nesje, f. Hoem (1841-1923). oto: Inger K. Strand/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Serianna Eriksdatter Nesje, f. Hoem (1841-1923). oto: Inger K. Strand/Romsdalsmuseets fotoarkiv.
Molde by sett frå nord, ca. 1900. Foto: Kirkhorn/ Romsdalsm,useets fotoarkiv.
Molde by sett frå nord, ca. 1900. Foto: Kirkhorn/ Romsdalsm,useets fotoarkiv.

Dokumentarromanar

Breva som kryssa Atlanterhavet beskriv ofte både den individuelle skjebna til brevskrivarane og den kollektive samfunnsskjebna, slik som økonomisk framgang eller tilbakegang og andre faktorar som livskvaliteten baserar seg på. Aspekt som arbeid, økonomiske forhold og samfunnsutvikling teiknar med det eit bilete av livet både på det individuelle og det kollektive planet.

I dei mange breva i dei nemnte Stavigbreva fortel til dømes dei to brørne om hendingar i det private rommet som omhandla deira eigne og familiane sine liv, men dei skreiv også om samfunna som dei var ein del av. Breva kan difor gje oss to perspektiv. Me kan lese dei som ei familiekrønike eller mest som ein spanande dokumentarroman som gjennom to-tre generasjonar skildrar liva til to familiar på kvar si side av Atlanteren. Og nett på dette viset er det jo den kjeldemedvitne forfattaren Edvard Hoem har brukt breva frå sin familie, når han har skrive romananserien med handling frå Nordvestlandet og Midt-Vesten. Men me kan også sjå på slike brevsamlingar som glimt frå to ulike samfunn i endring, der det er mogleg å studere breva i eit breiare historisk perspektiv. Sidan dei representerer ein så lang tidsperiode, er dei med på å gje oss eit perspektiv på den meir generelle historiske utviklinga i Midt-Vesten og USA på den eine sida og i Romsdal og Noreg på den andre sida. Også det nett slik som Hoem har gjort for familien frå Rekneslia og historia deira, både i det store og generelle og det vesle og spesielle, gjennom fleire generasjonar.

Litteratur

  • Alsvik, O.: Brev fra Norge til Amerika – kilder til norsk lokalhistorie? I: Heimen nr. 3/1994.
  • Granrud, B.: Norgesbrev som kilde til kvinnehistorie og hverdagsliv. I: Heimen nr. 2/1999.
  • Langnes, M.: Ei transatlantisk brevveksling – Stavikbreva og Norges dokumentarv. I: Romsdalsmuseet årbok 2019.
  • Møller, H. T:. Udvandringen. Molde 1892.
  • Sprauten, K.: Fra Amerika til Norge: norsk-amerikanere skriver hjem. (nettsida «Det løfterike landet», Nasjonalbiblioteket).
  • Sunde, R.: Amerikabrev 1880-1950. Livssoga til to brør frå Romsdal. Førde/Molde 2009.