Bakgrunnsartikkel

Ei fåmælt forteljing om varme

- Kvifor er det så få menn blant publikum, spør teatersjef og regissør Erik Ulfsby. No ønskjer han at dei som heller stikk ut i skogen i slitte arbeidsklede enn inn på teaterparketten i strøkne skjorter skal finne vegen til Det Norske Teatret.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjef

Han har tenkt på det ei stund. Debatten i teateret har over tid handla om manglande representasjon. Om å spegle samfunnet kring oss. Om kvinnelege versus mannlege regissørar, om publikumsutvikling, om mangfald og minoritetar. Om alle dei som har ei stemme og som ønskjer å bli høyrde. Og – ja – det er framleis nokre steg å ta i alle desse sakene. Men det er ein debatt han saknar i teateret: Kor er mennene?

- Det skuldast openbert ikkje mangel på mannlege regissørar eller mannlege hovudroller. Så kva kan vere årsaka, om vi har som grunnføresetnad at menn er like oppegåande som kvinner, sånn i hovudsak, spør han med eit smil.

- Er det noko med den rådande estetikken, som trass i mannleg dominans i scenerommet, likevel ikkje appellerer til store grupper av menn?

For nokre år sidan selde han leilegheita på Grünerløkka og tok med seg kone og ein skokk ungar for å flytte på landet. I nabolaget langt vekke frå kaffibarane og underhaldningstilbodet midt i byen fekk han kontakt med andre folk. Og andre menn. Som kanskje ikkje er så opptatte av teater. Eller kanskje er dei det, utan at det gir seg utslag i teaterbesøk. Ulfsby oppdaga nemleg fellesskapen, samlingspunkta og det nærast rituelle i vedhogsten.
- Etter kvart har eg lagt merke til alle desse vedaplassane. Som eg aldri hadde sett før. Det er litt sånn som når du går med barnevogn, så synest du plutseleg du ser barnevogner overalt. No er det som om alle hogger ved.

Ulfsby kan knapt køyre inn til arbeidsplassen utan å legge merke til nye vedaplassar. Der menn står og styrer på, i kjeledressane sine, gjerne med hovudlykter, dei hogger ved, stablar og organiserer.
- Eg ser slike plassar og menn overalt no. Dette er karar med tilsynelatande god tid, du ser at dei vil vere der. Kva er det som gjer at dei vil vere der?

Erik Ulfsby med "manuset" til framsyninga på første prøvedag ute i skogen.

Skogens ro på scenen

Erik Ulfsby er ein mann som er kjent for å omsetje tanke til realitet rimeleg kjapt. Han kontakta Lars Mytting, mannen som tok litteratur-Noreg omtrent på senga med sin etter kvart internasjonale suksess Hel ved – portrettet av norsk vedfyringstradisjon. Her er fakta om innkjøp av ved, hogst, stablemetodar, tørking og fyring. Og historier frå røynda.
- Det er ei eller anna ro i dette. Som vi no skal få over på scenen. Det er låg puls, ei tiltalande ro som også er knytt til det taktile i veden, og det grunnleggjande i veden. Mytting skreiv jo at hadde du nok, så var du varm. Hadde du lite, fraus du og hadde du for lite så døydde du.

Foto frå prøvane. I bakgrunnen ser ein både bjørka som skal bli til ved i løpet av framsyninga, og ein fasinerande pertentleg vedstabel. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

Men ikkje berre det tvingande naudsynte arbeidet, kjensla av tryggleik og nærleiken til naturen fascinerer Ulfsby. Også estetikken gir resonans.
- Vedstablinga signaliserer ikkje berre tryggleik, men også kven du er og kva du tenkjer på. Rett og slett kva som er viktig for deg i livet. Det er fåmælt, ikkje påtrengjande og det skrik ikkje om merksemd. Likevel kan det seie alt om deg. Det er ei slags stille ro og ein poesi som vi forsøker å få tak på. Og som alle vi som er involvert i prosjektet har kjent på no som vi har vore ute og jobba.

- Det er arbeidet og det rutineprega, men også poetiske i dei kvardagslege gjeremåla som blir løfta fram.

Skodespelkarane studerer ei motorsag inngåande.

Prøvetid i skogen

Prøvetida har vore lagt til skogen sør i Hurum, ein knapp time unna teaterhuset i Kristian IVs gate. Her har Ulfsby og fire skodespelarar saman med artist og musikar Stein Torleif Bjella lært om skogbruk. Dei er no sertifiserte motorsagbrukarar, og skal gjennom teaterframsyninga ta publikum med til ein stad der hogstlaget samlast. I løpet av framsyninga vil det bli felt ei bjørk på scenen, det vil bli kvista, kubba, kløyvd og stabla. Til slutt vil dei tenne bålet – staden der mennesket frå tidenes morgon har samla seg og der munnlege historier har blitt overlevert frå generasjon til generasjon.

- Dette er jo eit scenisk eksperiment. Vi lagar ei framsyning på Hovudscenen utan det som er dramatikkens omdreiingspunkt, nemleg konflikt. Det er ikkje roller i tradisjonell forstand, det er knapt og avgrensa tekstunderlag. Det er arbeidet og det rutineprega, men også poetiske i dei kvardagslege gjeremåla som blir løfta fram.

Trefelling som teater

Mytting sjølv framhevar likskapen med teateret i det treet skal ned. Ulfsby har tenkt det same. Og han understrekar at Heil ved ikkje er ei dramatisering av boka, men framsyninga er inspirert av ho.

Erik Ulfsby diskuterer med skodespelarane Frode Winther og Pål Christian Eggen, som sit inne i ei Moelvenbrakke, som har køyrt heile vegen frå garden til Stein Torleif Bjella i Ål. Foto: Ole Herman Andersen/Det Norske Teatret.

- Når eit tre blir felt, dannar det seg ofte eit publikum.

- Det vi gjer har kanskje ikkje noko namn, eller høyrer til i ein sjanger. Det er ein hyllest til skogens ro og vedens estetikk. Når eit tre blir felt, dannar det seg ofte eit publikum. Det er ei lita framsyning i seg sjølv, eit «spectacle» på godt nynorsk, der interesserte ikkje går før «showet» er over. Det er ikkje akkurat spektakulært, men det snakkar til oss på eit eksistensielt plan, avsluttar han. Og vonar at dei kjem, dei som vanlegvis føretrekker arbeidsklede.


Intervjuet er publisert 3. november 2023.