Bakgrunnsartikkel

- Eg synest det er skummelt om mange kjenner seg igjen

Kirsti Refseth (44) er tilbake på Det Norske Teatret etter mange år i utlandet, og viser ei heilt ny side på scenen i ein bekmørk relasjonskomedie.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

- Hahaha! Kva Eks handlar om? Kirsti ler og glimtar mot taket før ho slepper ut eit tenksamt sukk:
- Det handlar jo om eit par på vår eigen alder … med barn. God økonomi. Som likevel strevar. Det er dette jaget etter meir og meir. Vi har den rette sofaen og lampa, ei fin leilegheit i ein stor by, flotte karrierar og to fine barn. Men er dette alt? Det er småkrangling og store kranglar. Dei er låste i ein slags dødsdans.

Skodespelar Kirsti Refseth frå Singsås i Trøndelag snakkar om stykket Eks av den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg, skrive på bestilling frå Riksteatern i Sverige i fjor. Refseth skal spele rolla som Sibylle, ein høgt utdanna lege, med bakgrunn frå høgare samfunnslag. Ho og artkitekt-ektemannen Daniel har alt på stell og vel så det, reint materielt sett. Men kjærleiken står det verre til med. I byrjinga opplever ein gnissingane dei imellom berre som små stikk, småsnakk som kan høyrest kjærleg ut, men er meint som kritikk. Men når eksen hans, Franziska, blir invitert på overnatting fordi ho har gått ifrå sambuaren, dett alle skjeletta ut av skapet og helvete bryt laus dei imellom. På ibsensk vis kler Mayenburg fasaden av karakterane og lar livsløgna lyse dei i fjeset, med ein god dose humor.

Ifølge dramatikaren sjølv ønskte han å skrive om eit forhold som krasjlandar på grunn av klasseskilnader. Om grunnen til at forholdet går så kapitalt til på dunken denne kvelden handlar om strukturar utanfor einskildmenneska – om klasseskilnader og samfunnsstrukturar – det kan ein diskutere i etterkant. Men det er definitivt skilnader i bakgrunnen mellom dei tre som møtest denne kvelden.

Sibylle (Kirsti Refseth) og Daniel (Gard Skagestad) har fasaden i orden, men slit med kjærleiken. Foto: Dag Jenssen.

- Nei, du likar jo ikkje lydane eg lagar når eg et. Og da blir eg så nervøs for å tygge for raskt eller bite for høglydt og da mistar eg matlysta. Foto: Dag Jenssen.

- Eg trur også det er ein kjærleik mellom Sibylle og Daniel, men dei har fått ein omgangstone som kan høyrest brutal ut for utanforståande. Det er ein slags beisk form for humor i korleis dei snakkar til kvarandre, som dei har vent seg til. Så det gjer ikkje så vondt lenger, seier Kirsti.
- Det er skummelt om mange kjenner seg igjen. Men det er kanskje slik det er?

Kirsti Refseth sit komfortabelt i eit av seta i salen på Scene 3 med kjensla av å ha kome heim. I ni år har ho vore tilsett som skodespelar ved Stadsteatern, eit av dei største teatera i Sverige, medan ektemannen Eirik Refseth var teatersjef ved Dramaten. Barna har blitt svenske. Men Kirsti er glad for å vere tilbake ved Det Norske Teatret, som ho har vore knytt til sidan 2001.

- Eg trur absolutt at mange kan lære mykje av å akseptere situasjonen og vere nøgd med det ein har. Vere glad for det som er her og no i staden for å jage etter noko nytt, seier ho.

Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes.

For første gong skal skodespelar Kirsti – kanskje utan å heilt vite av det sjølv – vise ei ny side. Ofte har vi sett henne i roller som har noko skadeskote ved seg, som raknar fullstendig og blottstiller seg totalt framfor publikum. Ho vil nok også blottstille Sibylle og det kjem nok til å rakne for henne, men denne gongen vil Kirsti også få vise ei meir infam og humoristisk side enn ho har gjort før: Ho skal vere slem.

Usikkerheita og keisemd gjer at ho ønskjer å ramme ektemannen. Ho er språkleg overlegen og får han til å gå seg vill i sine eigne utsegner og resonnement på ein måte som ikkje er særleg hyggeleg.
- Den genuine tiltrekkinga Daniel har til eksen er ho sjukeleg sjalu på. Ved å invitere henne heim, får ho konfrontert det ho kanskje fryktar mest. Samtidig er det også ein del av kveldens underhaldning, på eit vis, seier Kirsti.

For underhaldande blir det. Det er komisk når ein kan ane korleis passiaren om ein lasagne eigentleg handlar om noko heilt anna. Men også veldig attkjennande. Utover kvelden utviklar det seg til ein skyttargravskrig som går frå å vere god underhaldning til å bli stadig meir ubehageleg. Og midt i den ekteskapelege konflikten står eksen.

Sibylle tek i bruk hard skyts mot ektemannen Daniel. Foto: Dag Jenssen.

Kirsti er varsam når ho omtaler karakteren sin. Tek henne nærast i forsvar. For er ho ikkje eigentleg ganske slem?
- Ja, ho er kanskje det? seier skodespelaren, og ler forsiktig.
- Ho går jo ganske langt, altså. Det ser eg. Både munnleg og fysisk går ho etter kvart langt, og lenger enn dei fleste, svarar ho etter ein liten tenkepause.

- Eg synest jo det er ganske moro å spele henne. Ei stor utfordring.

Prøvane skal snart byrje, og regissør Peer Perez Øian gjer sin entre. Ein velartikulert bærumsgutt som kan argumentere for seg. Har han fasiten?
- Det handlar om den spesifikke type eksistensielle ulykke som eksisterer i den øvre middelklassen. Om pardynamikk og parforhold. Livsval ein må konfrontere på nytt, med ein politisk undertone. Det er ein påstand her om at ein kan klatre frå ein klasse til ein annan gjennom eit forhold. Men kan ein da bli lykkeleg? Er draumen om det klasselause samfunnet oppnåeleg? kjem det kjapt, nesten som om han var førebudd på spørsmålet.

Foto: Ylva Catodotter Fyllingsnes

Kirsti tek inn kommentaren frå regissøren. Kostymekoordinatoren kjem svinsande inn med eit plagg:
- Eg har funne ein BH til deg!
Alle må le litt. Men vi skjønar at vi må avslutte. Men eg lurer framleis på om Kirsti trur at Sibylle vinn til slutt.
- Eg trur alle tapar. Det tristaste er jo om forholdet mellom Daniel og Sibylle berre held fram som det har gjort etter denne natta. Men eg trur kanskje det er det som hender. seier Kirsti, og blir litt nedtrykt.
- Om ein kan lære av andres feil, så kan det jo vere noko terapeutisk i det? Og: Ikkje inviter eksen inn på sofaen!


Publisert 02.03.2022