Bakgrunnsartikkel

- Eg kjenner ein slags vennskap til publikum. Det har betydd mykje for meg.

– Det eg vil sakne mest den dagen eg ikkje lenger kan stå på ein scene er den direkte kontakten med menneska som sit i salen, meiner skodespelar Anne Marit Jacobsen.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Artikkelen er skrive i juni 2021.

Det er tidleg sommar, og Anne Marit Jacobsen sit i koronaavstand på eit av kaféborda utanfor kantina på Det Norske Teatret. Sola reflekterer sterkt mot den kvite bordplata imellom oss, og ho ser på meg med mysande blikk. Varmen er steikande og lufteanlegget bak oss går på høggir så vi høyrer nesten ikkje kva den andre seier.

– Å kunne gi noko av meg sjølv, som ikkje nødvendigvis er meg. Men å gi liv til noko, det er ei slags fridomskjensle, held ho fram. Det glimtar i auga hennar. Vi snakkar ekte kjærleik.

No er det Jon Fosses tekstar Anne Marit Jacobsen skal gi liv til. Og det er første gongen ho skal stå på scenen på Det Norske Teatret. Og da held det sjølvsagt ikkje med ei framsyning! Nei, det måtte bli to.

Dobbeltaktuell med Fosse

– For å vere ærleg så har eg sett ein del Fosse-framsyningar som er så kjedelege at du berre har lyst til å gå. Og så har eg sett andre der du berre blir sogen inn!
Ho gjer ei brå rørsle framover med armane for å understreke det ho seier. Det var derfor Anne Marit hadde eit sterkt ønske om å jobbe med stoffet til Fosse, denne sugande kjensla. Og det har ho no gjort til gangs.

Oppsetjinga hennar av Fosses roman Morgon og kveld i 2015 hausta strålande kritikkar i pressa og blei elska av publikum. Sidan har ho gitt ut diktsamling med Fosses tekstar – og no er ho dobbeltaktuell på Det Norske Teatret under Fossefestivalen.

Dette skreiv Aftenpostens meldar om Morgon og kveld som blei spelt på Nationaltheatret i 2015:

«Morgon og kveld gir meg en påminnelse om at Anne Marit Jacobsen tilhører de store, sjeldne, og på egne vegne likevel beskjedne kunstnerne».

Foto frå Morgon og kveld på Nationaltheatret i Hildegun Riises regi. Foto: Dag Jenssen.

Anne Marit Jacobsens karakter i Sterk vind har eit forhold til ein mann som er langt yngre, spelt av Jon Bleiklie Devik. Foto: Pernille Sandberg.

Sa først nei til rolla

Den eine framsyninga er Jon Fosses nyaste drama Sterk vind, det stykket Fosse sa at han ikkje skulle skrive, for han skulle ikkje skrive meir for teateret. Men det har han altså gjort. Og da teatersjefen på Det Norske Teatret ringde og spurde om Anne Marit ville ha den kvinnelege rolla i stykket, svarte ho tvert – nei.

– Nei, eg er for gamal til dette her, sa eg. Eg tenkjer at eg har eit litt komisk image, så dette her vil bli heilt feil, meinte Anne Marit.

Rolla ho var tiltenkt i Sterk vind er ei godt vaksen, ja eldre, kvinne. Ho er gift med ein mann som gjekk ifrå henne for lenge sidan, og som no er tilbake for å gjere krav på henne. Men ho har funne seg ein ny og langt yngre mann.

Kjærleiken og erotikken døyr ikkje sjølv om ein blir gamal. Dette er noko av det regissøren ønskjer å få fram med framsyninga. Foto: Pernille Sandberg.

– Men så snakka eg med regissøren, Johannes Holmen Dahl. Ein veldig var og fin fyr. Og han sa at eg ikkje måtte tenkje slik. «Eg har valt at det skal vere gamle menneske», sa han. Og det er kanskje viktig at det er gamle menneske som gjer dette, som er nær slutten, som kjenner dette kaoset av kjensler og har i seg denne viljen til å leve vidare. Det er framleis kjærleik, det er sensualitet og seksualitet. Så han overtalte meg. Og det har eg ikkje angra på. Det er vanvitig spennande stoff! seier Anne Marit engasjert.

Men ho innrømmer med ein god latter at ho er litt misunneleg på kollega Jan Grønli, som skal bere hovudrolla i stykket som den aldrande mannen. Han som står ved eit vindauge i toppen av ein veldig høg bygnad medan vinden ute blæs sterkare og sterkare.

Det er framleis kjærleik, det er sensualitet og seksualitet.

– Dette er jo eit slags oppgjer med han sjølv, opplever eg. Ein kan også lese dette sceniske diktet som noko som berre går føre seg i hovudet hans, i minna hans, i ein draum, i eit slags før-døden-augeblikk, tenkjer Anne Marit.
– Og det er vanvitig bra skrive! kviskrar ho medan ho gjer store auge.
– Ei blanding av filosofisk, komisk og utruleg varmt og trist. Og litt harry også innimellom, skjønar du? Og det synest eg er så stilig, seier ho. Ansiktet sprekk opp i eit salig smil og blikket blir fjernt.
– Det er som å høyre eit musikkstykke. Ulike folk opplever ulike klangbotnar, legg ho til.

Elska av folket

Anne Marit Jacobsen har for lengst passert 70, og har lagt bak seg ein lang skodespelarkarriere som spenner vidt. Ho har vore tilsett ved Nationaltheatret i ein mannsalder og gjort eit utal filmroller. Revy. Ho er kjend for å beherske både det mørke og det lyse, det klassiske og moderne, humor og tragedie. Ho er folkekjær og av våre største grand old ladies, ei som mange yngre av hennar stand ser opp til.

– Det kan ligge eit djupt alvor i humor.

Det at ho er elska av folket kjem nok mykje på grunn av humorgenet. Faren var bilethoggar og gravferdsagent, mora var skodespelar og songarinne. Onkelen, Harald Heide-Steen sr., og fetteren Harald Heide-Steen jr. arbeidde begge ved Det Norske Teatret. Både fetteren og tanta, revydronninga Kari Diesen hadde humor som sine forsar. Så ein kan godt seie at både drama og humor ligg i blodet. Men mange ser kanskje på det beint fram humoristiske som noko litt «lågt». Ikkje Anne Marit.
– Eg elskar å få folk til å le! Latteren gjer noko med pusten, hjartet og pulsen. Det er sunt å le, meiner skodespelaren.

Kva er humor?

Ho ser det som ei gåve ho har fått, det at ho kan få folk til både å gråte og å le.
– Det kan ligge eit djupt alvor i humor. Når du set deg sjølv i ein vanskeleg situasjon som blir komisk, så ligg det jo eit alvor i det.
Anne Marit fiklar med ein liten papirlapp på bordet.

Heile livet har ho forsøkt å definere kva humor er, men utan å lykkast. Men ho trur det har noko med ei slags felle folk set seg i, at dei spenner bein på seg sjølve. Mange har sikkert sett nokre av Anne Marits humoristiske karakterar. Gro Harlem Brundtland-parodien, for eksempel. Dei fleste vil nok også oppleve at det er noko sårt bak det komiske, at det lattervekkande ligg i at karakteren ho framstiller overhovudet ikkje prøver å vere morosam.

– Men eigentleg er eg litt redd for å snakke for mykje om kva humor er, for det kan øydelegge ein løyndom, ei boble, noko menneska berre skal oppleve sånn tovegs når vi er i eit rom i lag. Slik kjenner eg det. La dette bli ein løyndom mellom meg og publikum!

Ro mitt hav med skodespelar Anne Marit Jacobsen og musikar Sinikka Langeland er ei varm og humoristisk framsyning basert på tekstane til Jon Fosse.

Kva så med humoren hos Fosse?

– Humoren ligg i…, ho dreg på det.
– Åh… Det der nydelege enkle som ikkje er humor, men som berre… er ein varme.
Anne Marit tenkjer at humoren hos Fosse gjer at teksten landar meir direkte i folk, slik at dei kanskje ler litt av sine eigne svakheiter også. At det er gjenkjenninga og sårbarheita som framkallar latter.

Tretrinnsraketten

Det andre prosjektet Anne Marit Jacobsen er aktuell med på Det Norske Teatret er hennar heilt eige. Da ho nærma seg pensjonsalder, hadde ho ingen plan om å gå stille ut dørene på Nationaltheatret. Derfor tok ho tok saka i eiga hand, og søkte støtte til å gjere sine prosjekt.
– Det var ein del ting eg syntest eg ikkje hadde fått gjort, så eg bestemte meg for å lage avskilet mitt til ein slags tretrinns-rakett!

Anne Marit ønskte sjølv å spele rolla som den djupt einsame karakteren Mathea i Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, basert på Kjersti Annesdatter Skolsvolls prisløna roman. Foto: L-P Lorentz. Nationalheatret, 2014.

Anne Marit er engasjert no, og fortel at første del var å gjere teater av romanen til Kjersti Annesdatter Skumsvoll, Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg. Det blei ein udiskutabel suksess.
– Andre del var Morgon og kveld av Fosse.
Suksess igjen.
– Så var det tredje trinnet, å gjere noko som var litt sånn “om meg”, litt revyaktig, og dette blei til Jacobsen, værsågod! som gjekk på Riksteatret.
Knallsuksess igjen.

Ro mitt hav, basert på Jon Fosses tekstar og poesi, er eit reint bonusmateriale frå raketten. Eigentleg programmert ved Nationaltheatret, men på grunn av epidemien som framleis herjar, kom framsyninga hit til Det Norske Teatret. Framsyninga er basert på både dikt og andre tekstar av Jon Fosse. Dikta er frå boka med same tittel som framsyninga, som ho også står bak. På scenen står ho saman med folkemusikar Sinikka Langeland og formidlar både humoren og varmen som ligg bak tekstane.

Anne Marit Jacobsen som Kvinna i Sterk vind i Johannes Holmen Dahls regi. Foto: Pernille Sandberg.

Lett tilgjengeleg

– Som eg seier om å lese Jon Fosses dikt: Nokre gonger forstår du sååå mykje. Andre gonger gir det deg ingenting. Men da skal du ikkje vere redd, seier Anne Marit roande, og fortel at du berre skal lese det ein gong til, gjerne ein annan gong medan du er i ein annan modus. Så kan du plutseleg oppdage at diktet opnar seg for deg.

– For når Fosse er spelt godt, er det ingenting som er meir tilgjengeleg! Han er jo så nære den menneskelege kjernen at det er jo nesten ikkje til å bere av og til. Dei mest sårbare er hans eigarskap. Alt er så enkelt og… så jævlig vanskeleg, liksom.

Nett slik det er å stå heilt aleine på scenen også. Så enkelt og så vanskeleg. Likevel Anne Marits favorittgrein innan teaterfaget. Å ha publikum i si hole hand.

– Å ha publikum aleine, det er så fint! Den kjærleiken der gruer eg meg til at blir borte. Da mister eg ein veldig god venn. •


Toppfoto: Heiko Junge, NTB

Artikkelen er sist oppdatert i juni 2021.