Bakgrunnsartikkel

Eg har eit stort hjarte for musikalar.

Silje Lundblad er aktuell som som Liv i Tenk om, Esther i Halve kongeriket og Jenta i Kvitebjørn Kong Valemon. - Eg elskar miksen av musikk, teater og dans – den byr på så mange moglegheiter.

Skrive av
Åsne Dahl Torp.
Informasjonskonsulent

Etter åtte år i Trondheim har eg fått bryne meg på mange musikalroller, mellom andre Sally Bowles i Cabaret og Maria i Sound of Music. No skal eg spele Liv i Tenk om; ei livsglad og utettervend jente med ei sterk skjebnetru. Ein artig kombinasjon!

Da eg var yngre, elska eg å drøyme meg bort i Disneys eventyrfilmar, og kanskje spesielt Skjønheita og udyret – eg må ha sett den minst hundre gonger. Det eventyret er faktisk basert på eventyret om Kvitebjørn Kong Valemon, så no skal eg altså få spele sjølv i det eventyret eg har drøymt meg bort i så mange gonger – det blir stas!

Det er magisk korleis barn blir oppslukte av teateropplevinga. Det kjem til å bli ei framsyning med vekt på visuelle element. Mykje av handlinga går føre seg i ein mystisk skog. Og vi skal nytte ein dokketeaterteknikk som blir kalla svart teater. Spesielt spennande blir det å spele mot ei dokke, altså bjørnen. Han er fantastisk fin! Og alle skal spele på instrument, song blir det nok også litt av. Håpar eg…

I vår versjon er også den litt bortskjemde prinsessa blitt til ei tøff, uredd og nysgjerrig vanleg jente. Det er henne eg skal få spele. Ho må dra på leit etter sjølve melodien i livet. Det er eigentleg ganske filosofisk, det blir sikkert noko å snakke om med ungane etterpå. Eg trur livsmelodien kan vere det som er viktig i livet. Kjærleik, for eksempel.

Foto: Siren Høyland Sæter