Bakgrunnsartikkel

– Eg er ikkje veldig god til å stable ved. Eg er betre til å skrive om det

Det innrømmer Lars Mytting, som står bak boka Hel ved. No håpar han at menn som føler seg utilpass i finklede og best likar å gå med Felleskjøpet-overall og vernebukse, vil komme til teateret for å oppleve vedhogst på scenen, når Heil ved blir sett opp i sceneversjon på Det Norske Teatret.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

– Eg har eit djuptfølt forhold til veden. Eg likar kjensla av å vere ute og hauste av naturen. Sjå at skogen forandrar seg etter eg har vore der, og ta med skogen inn i huset. Eg likar å kjenne igjen dei vrange trea når eg finn att dei kubbane i vedstabelen. Dei som var vanskelege å klyve, for eksempel, forklarar forfattaren bak den noko overraskande boksuksessen frå 2011.

Det var kanskje også noko overraskande da regissør og teatersjef Erik Ulfsby ringde og spurde om han kunne lage teater av boka. Det er trass alt ei sakprosabok.
– Men da han fortalde at det fysiske – arbeidet og gleda ved arbeidet – får prioritet, er det veldig i tråd med korleis eg tenkte da eg laga boka.

Bestseljar-sakprosa

Gudbrandsdølen Lars Mytting si bok Hel ved blei raskt ein bestseljar da ho kom ut, og låg på topplista over ikkje-fiksjon i over eitt år etter utgivinga. Mytting trefte ein nerve i det norske folket med portrettet av ein norsk vedfyringstradisjon som har vore bringa vidare i generasjonar. Kva gir den beste veden? Korleis skal ein stable ved for å tørke han på best mogleg vis? Viser den doble tydinga i tittelen til ein typisk norsk verdi ved det å vere menneske? Med humor og fagkunnskap undersøkte han sjølve sjela i vedfyring.

– Vedfyringas sjel – det er gleda ved arbeid.

– Vedfyringas sjel – det er gleda ved arbeid, og ho er ikkje uttrykt i store ord. Det handlar om å kjenne seg som del av naturens syklus, å kjenne seg sjølvforsynt, ved å utrette ei gjerning som gjer det mogleg å bu her nord. Det er så mykje av menneskas sivilisasjon som avheng av at vi klarar å lage varme, forklarar Mytting.

– Å steike kjøt, koke vatn, smelte jern og halde oss varme i iskalde område som Noreg. Alt dette skuldast det at vi kan fyre, seier forfattaren og legg til at i heile verda finst det berre éi lita folkegruppe nær ekvator som ikkje nyttar seg av eld.

Å sjå andre arbeide

I boka viser Mytting fram korleis folk arbeider, og gleda det gir dei.

– Det er det eg trur vil bli fanga i framsyninga også. Det ligg ei merkverdig sterk tilfredsstilling i å sjå folk arbeide, gjere noko litt risikabelt og krevjande, seier han og legg ut om korleis alle stimlar i hop for å sjå når nokon skal ta ned eit tre i nabolaget på Elverum, der han bur.

– Eg trur dette er noko djupt rotfest i oss. Å sjå på nokon som verkeleg kan noko. Eg har støtt funne stor glede i det sjølv.

Skal borken ligge opp eller ned når du stablar ved? er det mange som lurer på. Svaret, ifølgje Mytting, er at det er veldig liten forskjell, så lenge ikkje stabelen er eksponert for regn. Da må borken vere opp. Sjølv sver forfattaren til å stable hulter til bulter med mykje luft imellom kubbane. Foto: Patrick da Silva Sæther, NTB

Det er denne kjensla regissør Ulfsby håpar å overføre til teatersalen når framsyninga Heil ved kjem til Hovudscenen med utgangspunkt i det solide verket til Mytting. Samtalen kring ved er i botn og grunn ein samtale om oss nordmenn. Det handlar om vårt forhold til ved, men også om forholdet vårt til naturen og kor avhengige vi er av han. Skogen, hogsten, sankinga – dette samspelet med naturen hentar fram kjensler som også finn gjenklang i historia til Det Norske Teatret.

Ved som sikringsmiddel

Boka har selt over 600 000 eksemplar i til saman 20 land, og Lars Mytting gjorde rundt 500 intervju i løpet av eit par år etter at ho kom. I starten var det artig, men etter kvart byrja han kjenne seg som ein slags vedfyringsmaskot. Han blir straks meir ivrig når han snakkar om ved som sikringsmiddel i krisetider. Det er høge straumutgifter, og folk blir råda til å fyre meir med ved. Krigen i Ukraina har også gjort folk merksame på kor sårbar ein er om straumen forsvinn:

Ingen hadde føresett at ei sakprosabok om ved skulle engasjere så til dei grader. Hel ved har selt over 600 000 eksemplar og er omsett til 20 språk. No blir boka teater. Foto: Siren Høyland Sæther.

– Vi er blitt veldig dårlege til å tenkje framover. Det er heilt ufatteleg, eigentleg, at vi ikkje har hatt ein stor nasjonal dugnad for å hogge meir ved til neste vinter. Med veden kan du varme opp huset og maten og få varmt vatn. Det er ein stor komponent av beredskap i veden. Ingenting slår veden som trygg og enkel energi! seier Mytting med overtyding.

– Det er der fokuset mitt har flytt seg siste året. Om denne framsyninga kan vere med på å auke bevisstheita rundt det, er det faktisk ganske viktig.

I tillegg meiner han det å handtere ved påverkar sjølvbergingsevna di på ein positiv måte. Om du meistrar dette, kan du meistre mykje anna også.

Fåmælte vedgubbar

– Dessutan er det hyggeleg å sitte i lag og fyre. Og det er hyggeleg å vere den som gjer det mogleg å fyre.

Mytting pratar om tida vi lever i, der det gjeld å vere verbal og ytrande om eigne kjensler i ulike digitale kanalar. For mange er det godt å sleppe det, meiner han, og heller seie det gjennom gjerningar:

– Den norske mannen seier det ikkje med blomar, han seier det med ved.

– «Den norske mannen seier det ikkje med blomar, han seier det med ved», siterer han frå eiga bok.

– Når desse mennene skal visast fram på scenen, er det ein type menn som ofte ikkje synest så godt i notida. Det er forbausande få vedstablar på Instagram! Så det er nok særleg dei udigitale som likar dette her. Men vi er mange!
Mytting håpar å sjå desse mennene i teateret.

– Eg gler meg til å sjå menn i dressar med dårleg passform og stramme jakker, billege skjorter og eldgamle slips. Dei synest eg det er kjempefint om vil komme for å sjå på framsyninga. Dei som er skikkeleg gode på ved.


Toppfoto: Geir Olsen, NTB

Publisert 12. april 2023.