Bakgrunnsartikkel

- Eg drøymer at eit villsvin skal ta meg

Om natta når skodespelar Silje Lundblad har sovna skjer det. Plutseleg er ho ikkje i senga lenger, men i ein skog. I skogen er det også eit villsvin, og det er på jakt - etter henne!

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Merkeleg. Villsvin er jo ikkje vanleg i norsk fauna – men i Silje Lundblad sine draumar har villsvinet ein naturleg plass. Draumar har sin eigen logikk. Og når ein søv lite, kan hovudet byrje å slite med å skilje draum og verkelegheit. Det er dette som skjer i teaterstykket til dramatikar Mari Hesjedal, som Silje er komen til Oslo for å spele hovudrolla i.

Silje Lundblad har nemleg det meste av skodespelarkarrieren vore ved Trøndelag teater. Her debuterte ho i 2007, og har sidan gjort ei rad med roller, fleire store, med suksess. Spesielt har musikalsjangeren vore hennar heimebane, for det var gjennom musikken ho som lita fann vegen til teateret.

"Eg" i Sov ikkje leitar etter kjærasten "Ho". Men kva har eigentleg skjedd henne? Foto: Magnus Skrede.

Men no er det altså Oslo og Det Norske Teatret som gjeld, og Silje skal spele karakteren med det enkle namnet Eg i stykket som heiter Sov ikkje. Eg seier ho har sove dårleg i det siste. Kanskje ho faktisk aldri får sove, sidan det hender så mykje rundt henne, undrar Silje.
- Eller så kan ein tenkje at ho har opplevd noko veldig traumatisk og er i ei form for sjokktilstand der det å sove er veldig vanskeleg, tenkjer ho og tek rundt koppen med dobbel latte. Kaffi må til for å få kvardagen til å gå rundt.

- Sambuaren til Eg, som ber rollenamnet Ho, er nemleg blitt borte, og Eg mistenkjer at det har skjedd henne noko. Det kjem små små drypp som hintar til at Ho er drepen, og at det kanskje er Eg som har gjort det, forklarar Silje.
Det står i manus at dei to karakterane liknar på kvarandre. Kanskje det også er noko draumelikt i det. I ein draum kan ein jo plutseleg vere ein annan, men også seg sjølv, og flytte seg over store avstandar på eit augeblikk med største sjølvfølge.
- Det er eit ganske absurd univers! erklærer Silje.

Draum eller verkelegheit?

Det sprakar i kaffimaskina i bakgrunnen medan baristaen lagar kaffi på kaffi. I Sov ikkje går Eg til ein barista for å melde kjærasten forsvunnen. Og det er jo ganske absurd.
- Min karakter opplever at ho gong på gong har ei anna verkelegheitsoppfatning enn dei rundt henne.

Silje som Eg og Kaia Varjord som Ho i Sov ikkje. Foto: Magnus Skrede.

Er dette draum? Er dette verkelegheit? Er det fantasi? Har ho blitt galen?

På mange måtar er dette eit slags krim-mysterium eller ein thriller, seier Silje. I arbeidet med framsyninga henta regissøren Iram Haq, som faktisk debuterer som teaterregissør med dette stykket, inn ein politietterforskar for å greie ut om korleis dei jobbar under forhøyr. Stykket startar nemleg med eit forhøyr hos politiet, og politietterforskaren kunne fortelje at dei er drivne i å skilje sanning frå draumar og fiktive minne.
I Sov ikkje er det publikum sjølv som må vere etterforskar og dikte kva dei tenkjer er sanning og ikkje.

Silje Lundblad er godt skolert i det å sove lite. Foto: Magnus Skrede.

Humor i kampen mot søvnløyse

- Ja, for ein kan jo bli ganske koko av ikkje å sove, ler Silje Lundblad og tek seg ein slurk av kaffien.
Ho snakkar av erfaring. Hennar førstefødde hadde kolikk.
- Eg sov nesten ingenting. Da såg eg ikkje særleg positivt på livet. Hovudet sluttar jo å fungere!
Silje må le. Og det har ho gjort mykje. For fem år sidan stod Silje på scenen på Det Norske Teatret sist. Ho og mannen tenkte at dei skulle prøve lykka i Oslo. Men det blei eit kort besøk, for dei fekk vite at dei venta ikkje eitt, og ikkje to – men tre barn! På same tid. Og da var det berre å pakke saman og dra til Trondheim for å komme nærare barnevakt og trygge rammer.

- Eg har vore så fortvila og sliten. Det første året fekk vi nattevakt fire gonger i veka, noko som var fantastisk! Men vi måtte likevel stå opp, for det var jo tre av dei. Nattevakta klarte ikkje ta seg av dei alle på ein gong.
Silje og mannen har levd i år med lite søvn og stått i mykje kaos. Men har klart å halde humøret oppe.

- Ein gong fylte eg eit glas med vatn, og så helte eg det berre ut på golvet. Hovudet hang verkeleg ikkje med, hehe!

Foto: Magnus Skrede.

Fakta om søvn

Internett kan fortelje at:
Lite søvn aukar risikoen for overvekt, ein får lyst på dårleg mat.
Det er større fare for å bli innblanda i ulykker.
Hjernevev blir øydelagt.
Det er større sjanse for å bli kjenslemessig påverka.
Ein blir mindre fokusert og får problem med hukommelsen.

- Dei to siste kjenner eg meg veldig igjen i! proklamerer Silje.

Etter ei stund aukar sjansen for slag med fem gongar.
Auka risiko for visse typar kreft, hjartelidingar og diabetes.
Faren for å døy aukar.

- Å, herregud! Dette var jo ikkje bra, må Silje innrømme, og er glad for at ho i dag brukar å få seg i alle fall 5 – 6 timar søvn, sjølv om det er under det som er anbefalt.
- Eg har jo vore heime med tre spedbarn aleine. Eg trur kanskje eg har fortrengt korleis det var, eller at eg ikkje hugsar så mykje frå den perioden. Ja, eg trur kanskje hukommelsen min rett ut har blitt litt dårlegare, seier skodespelaren.

Som jenta i Kvitebjørn kong Valemon på Det Norske Teatret i 2016. Foto: Dag Jenssen.
Som jenta i Kvitebjørn kong Valemon på Det Norske Teatret i 2016. Foto: Dag Jenssen.
Silje Lundblad som Liv i musikalen Tenk om på Det Norske Teatret i 2016. Foto: Gisle Bjørneby.
Silje Lundblad som Liv i musikalen Tenk om på Det Norske Teatret i 2016. Foto: Gisle Bjørneby.
Foto: Dag Jenssen.
Foto: Dag Jenssen.
Foto: Gisle Bjørneby.
Foto: Gisle Bjørneby.

Når det stod på som verst kjende firebarnsmora seg ofte bakfull og overtrøytt. Og innimellom opplevde ho at ho fann eit gir ho ikkje visste ho hadde, men blei så skjelven og uvel.
- Eg har nok også gjort ein del rare ting eg ikkje ville ha gjort dersom eg berre ikkje var så himla trøytt.

No er trillingane fire år, og ho og musikarmannen har bestemt seg for å gi Oslo ein sjanse til. Under intervjuet må Silje organisere ein tilhengar som er på veg for å hente saker og ting i Trondheim som skal bli frakta nedover. Det er eit overveldande kaos, og det er nok å bli sliten av.

Foto: Magnus Skrede.

Naudsynt trivialitet

- Men det er veldig kjedeleg å gå og legge seg! Før kunne vi le av folk som gjekk og la seg i 22-tida, men no er vi jo litt der sjølve, må Silje medgi. Sjølv om det faktisk er litt vanskeleg når ein spelar teater.

Men til slutt skjer det altså. Kvar dag. At Silje igjen finn søvnen om kvelden. Og da kjem kanskje villsvinet igjen. Eller kanskje det er stresset i kvardagen som forfølger henne? Uansett så løyser det seg alltid. Nett idet dyret er i ferd med å ta henne igjen, ser ho ei dør, smett inn bak den og lukkar den akkurat i tide før villsvinet tek henne.