Bakgrunnsartikkel

Draumen om den perfekte musikalen

Matt Stone og Trey Parker er kjende som bakmennene for South Park. Mindre kjent er det at dei sidan gutedagane har bore på ein draum om å lage den perfekte musikalen.

Skrive av
Ida Michaelsen
Ida Michaelsen
Informasjonssjefi

Dei har kjent kvarandre sidan ungdomsåra og gjekk på skole saman med mange mormonarar. Kva ville vel ha vore meir moro enn å skape ein musikal som tok for seg dei fantasirike og merkelege historiene dei hadde høyrt frå vennene sine i trussamfunnet? For dei som kjenner South Park-universet, veit at dei ikkje lar ein sjanse gå forbi for å smette inn litt mormon-humor.

– Dei er fasinerande, vennlege og har humor. For ein utanforståande verkar dei både glade og lykkelege, samstundes som religionshistoriene deira er nokså merkelege. Viss ein først skal harselere med folks religion, må ein jo presentere dei på ærleg vis.

Kenny, Cartman, Stan og Kyle frå South Park. Foto: Comedy Central.

Disney-inspirert

– Det estetiske i mormonarkyrkja harmonerer så perfekt med musikalteateret at du på ti sekund er med på tanken om at dei sjølvsagt skal danse og synge, seier Matt Stone i eit intervju etter premieren i London.

Les også: Musikken er ved komponisten bak Frost.

Ingen av dei klarer å la vere å le av det teatralske og høgtidsstemte over retorikken og estetikken i mormonarrørsla. At den bibelske tidsrekninga også gjeld i 1827 når Joseph Smith grunnlegg religionen. At tempelet deira i den heilage byen Salt Lake City til forveksling er likt slotta hos Disney. Og at Edens Hage ligg i Jackson Missouri. At ein som mormonar i tillegg er pålagd å reise med ein partnar på misjonsoppdrag, erstattar den klassiske Broadway-kjærleikshistoria.

Kristoffer Olsen og Frank Kjosås har hovudrollene som misjpnærane som dreg til Uganda i The Book of Mormon. Foto: Eirik Malmo.

The Book of Mormon er spekka med referansar til musikalhistoria. Her er det vel å merke ingen parodiar, berre ei endelaus rad av hyllingar. Stykket viser til andre verk og gjer det større enn det er. Her får dei som elskar musikalar sitt. Det same gjeld for dei som elskar popkultur, oppsøker satire, er opptatt av samfunnskritikk, er skeptiske til religion eller dei som berre vil ha rein underhaldning.

TEKST Ida Michaelsen FOTO Victoria Will / AP / NTB scanpix

Les også: Vidar Magnussen debuterer som regissør.

Tempelet i Salt Lake City (til venstre) liknar til forveksling eit Disney-slott.