Der er det ikkje spart på interiørdetaljar som kan få den epokebevisste til å nikke gjenkjennande. 80-talet var ein innhaldsrik periode. Velstanden auka, og oppussinga av norske bustadar var påverka av impulsar utanfrå. Store fjernsynsskjermar formidla meir overdådig estetikk, og i nokon monn var amerikansk såpeopera som Dynastiet og Falcon Crest med på å endre norske heimar. Dei fargerike mønstera frå tiåret før blei erstatta av duse pastellfargar kombinert med kvitt. Vitrineskap, stereobenk og saccosekkar blei sette inn i stova. No skulle velstanden synast!
– Det reflekterer jo også på eit vis draumen om familien og heimen, seier han.
Sven Haraldsson er barn av dette tiåret. For han representerer denne stilen det folkelege og kvardagslege. Det er denne estetikken han alltid vender seg til når han skal framstille vanlege folks liv på scenen.
– Det er jo dette eg forbind med vanlege folks omgjevnader. Samtidig finst det noko i den lett vulgære 80-talsstilen som gjer at ein ser at dette handlar om menneske som drøymer om å skape seg ein heim, ein familie, ein fasade. Sjølv om han har bygd eit hus på scenen, er dette langt frå ein tradisjonell Block Wathne-dekorasjon.
Sven Haraldsson
Scenografen har etter kvart gjort ei rad store framsyningar på norske scenar. På Det Norske Teatret kjende titlar som Kristin Lavransdotter, Einkvan av Jon Fosse, Edouard Louis-framsyningar og Raskolnikov, for å nemne nokre. Det finst dei som meiner han forskjønnar og dei som hevdar han trashar scenerommet. Begge delar sagt som kompliment. For det som er vakkert for nokre, har ein annan valør hos andre.
– Hedda Gabler er ein person som er innstengd i forventningane som er lagt på henne.
Innestengd
– Hedda Gabler er ein person som er innstengd i forventningane som er lagt på henne, i familien og i samfunnet, seier Haraldsson.
– Ho kjem frå ein aristokratisk familie, har ein rik bakgrunn, gifter seg og blir så å seie innestengd i eit ekteskap. Livet no er annleis enn det var i oppveksten, men det følgjer likevel eit mønster ved at ho framleis er låst innanfor visse rammer.
Scenografien speglar dette. Den klaustrofobiske verda hennar held fram. Medan dei andre karakterane i stykket valsar inn og ut av huset hennar, kjem ho aldri utanfor veggane.
Huset liknar ein lukka og stengt boks, nedste delen er innglasa/har store glasruter og publikum kan sjå alt som skjer. Den bakre delen og andre etasje er skjult. Der ligger kjøkkenet, badet og soverommet. Gjennom Mads Sjøgård Pettersens stødige videoføring blir alt som skjer projisert på husveggen.
– Slik eg les stykket er ho heime og innestengd i huset heile tida.
Fruktbart samarbeid
Regien er ved Kjersti Horn, som Sven Haraldsson trefte som ung student ved Dramatiska Instituttet i Stockholm. Samarbeidet deira har no strekt seg over to tiår.
– Under utdanninga blei eg kjent med Kjersti, og også Erik Hedin som er komponist og lyddesignar på framsyninga. Og der starta eit livslangt, håpar eg, samarbeid. Det var fantastisk å få gå på ein slik skole. Eg lærte meg raskt at eg som scenograf eigentleg må vere med å samarbeide, snarare enn å finne på ei rekke dekorasjonar. Det er ein styrke i arbeidet mitt å kunne arbeide tett med alle som legg premissa for oppsetjinga.
- Vi finn som regel ei tid og eit univers som vi kjenner igjen, men som kler stykket.
Nærleik og distanse
Både Kjersti Horn og Sven Haraldsson er samde om at dei ikkje skal flytte Hedda Gabler til ei anna tid. Det viktige er å flytte stykket inn i eit univers som alle kan ha referansar til.
– Forhåpentleg kjem ein til å tenke meir over sjølve historia og ikkje så mykje på når det utspelar seg. Vi finn som regel ei tid og eit univers som vi kjenner igjen, men som kler stykket.
Saman med Kjersti Horn forskar han også i korleis kontakten mellom scenen og publikum oppstår. Gjennom dette har dei skapt eit scenisk uttrykk som har ein tydeleg signatur. Arbeidet deira opnar for å undersøke kontrasten mellom det store scenerommet og dei tette nærbilda. Det er ofte ein kombinasjon av det som kjennest avgrensande og innestengd og det som gir rom for dei store og spektakulære scenebilda. Gjennom videofilming blir bilda projisert på skjerm i rommet og gir publikum nærare kontakt med handlinga.
- Vi gjer det påtakeleg at det finst ein motstand, ein distanse, noko avgrensa eller delvis skjult i scenerommet.
Litt som når ein går på gata ein mørk kveld og kikkar inn i bustader.
– Når ein ser bustader utanfrå, er dei som regel vakre. Distansen skaper nyfikne, alle ting som har frosta filter får ein mystikk over seg. Det blir nesten litt romantisk. Men når ein først kjem inn i bustaden forsvinn mykje av det der. Eg er litt glad i den distansen.
Artikkelen er publisert 4. september 2024.