Bakgrunnsartikkel

Dette er Tor, Siri, Faten og Yousef

Tor Itai Keilen, Siri Marie Seim Sønstelie, Faten Mahdi Al-Husseini og Yousef Bartho Al-Nahi deler sine sterke og personlege historier i Utafor.

Dette er forteljingar om å ikkje passe inn, om på ein eller annan måte å bli definerte på utsida av fellesskapet, og kva dette kan føre til.

I 2015 møttest Yousef og Faten i solideritetsringen rundt den jødiske synagogen i Oslo. Faten og Yousef danna organisasjonen JustUnity og sette seg som mål å førebygge radikaliseringa av unge. Saman med Siri, ein av dei som overlevde terroren på Utøya, og Tor, ein jødisk skodespelar frå Oslo, deler dei sine historier frå Hovudscenen på Det Norske Teatret.
Her kan du lese meir om kven dei fire er.

YOUSEF BARTHO AL-NAHI

Medgrunnleggjar av JustUnity

Al-Nahi har jobba i Konfliktrådet, vore prosjektkoordinator for førebygging av radikalisering og ekstremisme i Minotenk.

Han har dei siste seks åra samarbeidd tett med norske kommunar, politiet og andre relevante aktørar for å førebyggje radikalisering og ekstremisme.

Yousef var sjølv i ein radikaliseringsprosess i perioden 2009–2010. Han bruker også si personlege erfaring både i samtale med ungdom og når han held foredrag rundt om i inn- og utland.
Jeg følte det som om jeg hadde funnet de siste brikkene i puslespillet da jeg fant islam, men at det nå føltes som om jeg hadde konvertert ut av Norge. Det traff nok mange hardt at en etnisk norsk mann fortalte at han ikke følte seg norsk lenger.

FATEN MAHDI AL-HUSSEINI

Medgrunnleggjar av JustUnity

Al-Husseini var initiativtakar til demonstrasjonen mot Den islamske staten (IS) 25. august 2014 og vinnar av Bergersenprisen 2014 for engasjementet og den sterke stemma mot ekstremisme.

Ho har jobba i Irak som hjelpearbeidar og har sett ekstremisme og terrorisme på nært hald.

Det siste året har ho jobba med å reise rundt i inn- og utland for å snakke til både skuleelevar, politikarar og menneske i førstelinja om korleis ein kan førebyggje og arbeide mot ekstremisme.

Ho har også eit stort engasjement for sosial kontroll knytt opp mot integrering og arbeidet mot ekstremisme.
- Jeg var radikalisert, jeg var ekstrem. Alle som ikke forsto det jeg forsto, eller hadde sett det jeg hadde sett, var vantro! Til og med moren og faren min tenkte jeg på som vantro.

SIRI MARIE SEIM SØNSTELIE

Tidlegare medarbeidar i JustUnity (frivillig i JustUnity, tilsett medarbeidar frå sommaren 2016 og fram til 1.3.2017)

Sønstelie har ein bachelorgrad i internasjonale relasjonar og menneskerettar frå University of Essex og ein mastergrad i sikkerheitspolitikk frå University College London.

Masteroppgåva hennar handlar om førebygging av valdeleg ekstremisme og avradikalisering av personar som har vore involverte i ekstreme grupper.

I tillegg til å ha ein solid fagleg bakgrunn har Siri sjølv følt terror på kroppen som ein av dei som overlevde angrepet på Utøya 22. juli 2011. Ho har skrive den sterke boka «– Jeg lever, pappa» om opplevingane sine den dagen.
- Du kan ikke belyse 22. juli uten å fortelle om ham. Å si at vi ikke skal snakke om ham er å fjerne seg fra debatten. Da tør vi ikke å ha det vondt - men det er vondt.

TOR ITAI KEILEN

Tidlegare prosjekttilsett i JustUnity

Keilen har arbeidd som frilans skodespelar og regissør sidan 2008, og har brei erfaring med både store og små teaterproduksjonar, i alt frå profesjonelle ensemble til amatørteatergrupper.

Sidan 2013 har han òg vore knytt til frigruppa Para Film & Teater, og har arbeidd både som produsent og skodespelar ved dei fleste av produksjonane til gruppa.

Han er utdanna dramapedagog, og har sidan 2013 arbeidd som instruktør og teaterlærar ved ulike kulturskular i Oslo og Akershus.

Keilen er fødd i Israel og er jøde.
- Jeg sier det aldri. Jeg har aldri sagt det til noen, at jeg er jøde. Når du bærer på en hemmelighet på den måten, gjennom hele skoletiden, når viktige sider av deg alltid må holdes skjult, blir du veldig alene. Jeg har alltid hatt venner - og jeg har alltid vært ensom. Jeg kompenserte med utadvendthet, med humor, med teater - jeg var klassens klovn, alle visste hvem jeg var. Jeg lo og var veldig ensom.

JustUnity

JustUnitys formål var å gi kunnskap om og forståing av årsakar til radikalisering, slik at dette kunne bli forhindra. Dei ønskte å skape bevisstheit hos ungdom og å gi dei kunnskap om radikaliseringsmekanismar og ekstremisme, og å arbeide med radikalisert ungdom for å tilby dei ein veg ut av det radikaliserte miljøet dei var i, eller held på å bli ein del av.
Organisasjonen blei lagd ned i 2019.