Terningkast seks

«Innertier om utenforskap. (...) Innsiktene er personlige, og detaljene er talende, særegne for de enkelte fortellerne, og samtidig tidsbilder som knytter dem til oss alle»

Terningkast fem

«Fire sterke unge stemmer målbærer inderlig og offensivt et ønske om samhold som våpen mot ekstremisme»

Terningkast fem

«En vakker og viktig forestilling mot radikalisering (...) genuint ærlig, visuelt storslått og tvers igjennom gripende teater. Og ikke minst: Den føles viktig»

Å vere utanfor er å kikke inn på eit fellesskap du ikkje er ein del av. Det er utanfor ein finn det mørkaste hatet. Det er der ein skaper det klåraste fiendebildet. Og det er her, på utsida, ein finn likesinna.


Framsyninga Utafor tar utgangspunkt i forteljingane til fire unge menneske som alle handlar om å vere utanfor samfunnet. Terror, ekstremisme og fordommar er ein del av deira historie. Dei veit at radikalisering skjer på tvers av tru og religion. Og at radikale meiningar ikkje oppstår av ingenting.
- Målet med framsyninga er å vise dei unge at vi har ansvar for kvarandre, også i skolegarden. Det er alle sitt ansvar at ingen hamnar utanfor, seier regissør Svein Tindberg om framsyninga.

Utafor er aktivisme, musikk og personlege erfaringar. Det er teater i kampen mot radikalisering.

Yousef var einsam da han gjekk på vidaregåande og oppsøkte noko som viste seg å vere eit ekstremistisk miljø.
Yousef var einsam da han gjekk på vidaregåande og oppsøkte noko som viste seg å vere eit ekstremistisk miljø.
Faten har tydelege meiningar og har valt å bruke hovudplagg, noko som gjer at ho har fått mange drapstruslar.
Faten har tydelege meiningar og har valt å bruke hovudplagg, noko som gjer at ho har fått mange drapstruslar.
Tor er nordmann med jødisk familiebakgrunn og har ofte opplevd at dette har sett han i vanskelege situasjonar.
Tor er nordmann med jødisk familiebakgrunn og har ofte opplevd at dette har sett han i vanskelege situasjonar.
Siri ber med seg eit minne som er resultat av ekstremisme. Ho var eit av offera til ABB på Utøya sommaren 2011.
Siri ber med seg eit minne som er resultat av ekstremisme. Ho var eit av offera til ABB på Utøya sommaren 2011.

Finn ut meir