Bakgrunnsartikkel

- Det ligg mykje humor i å kjenne att sine eigne manglar i liva til andre

- Ein må hugse å vere takknemleg, seier Goody på karakteristisk Stavanger-mål. Mora ho skal spele i Tid for glede gløymer nok dette.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Arne Lygres stykke handlar i grove trekk om mellommenneskelege forhold. Om kor vanskeleg det kan vere å vere saman som mor og barn, som kjærastar og ektefellar eller venner. Ifølge Laila Goody er stykket som eit bilde på livet sjølv, og like komplekst og vanskeleg som det kan vere.
- Det er bøttevis med sår humor og varme i stykket. Det ligg mykje humor i å kjenne att sine eigne manglar i liva til andre, meiner Goody.
- Det handlar også om identitet, legg ho til. - Kven er ein? Kven trur ein at ein er? Kven vil ein vere? Og korleis blir ein oppfatta av andre? Kva slags forhold ønskjer eg til andre?

- Ein kan ikkje krevje nærleik, ein må liksom fortene det.

- Ein reflekterer mykje over eigne roller i livet når ein arbeider med denne tematikken. Nett no tenkjer eg først og fremst at eg, som er passert 50 og er godt og vel midt i livet, er utruleg privilegert som får komme til eit nytt teater og får jobbe med nye menneske, seier Goody, som har vore tilsett ved Nationaltheatret sidan ho gjekk ut frå Teaterhøgskolen i 1994. Ho er mellom landets mest feterte skodespelarar og har motteke ikkje mindre enn to Hedda-prisar, ein Amanda, Per Aabels Ærespris og Gullruten, for å nemne nokre.

Mora ho skal spele i stykket er nok litt for «rå», litt for kontrollerande og litt for sjølvopptatt, meiner Goody. Ikkje særleg god til å lytte eller tilpasse seg andre.
- Ho har kanskje ein idé om korleis ting skal vere, og så blir det ikkje heilt slik.
Laila Goody skal spele mora til eit vaksent tvillingpar, som ho gjer krav på eit nærare forhold til enn det ho etter Goody si oppfatning har lagt grunnlag for gjennom oppveksten. Og samstundes som ho ønskjer meir nærleik til barna, taklar ho ikkje denne nærleiken særleg bra, meiner skodespelaren.

Sjølv om Tid for glede er lagt til moderne tid, er temaa som blir belyste universelle og tidlause. Kostyma til kostymedesignar Nia Damerell er ikkje moderne, men i rokokko-stil, med store kjolar, korsett og stativ. Foto: Maiken Mathisen.

- Ein kan ikkje krevje nærleik, ein må liksom fortene det. Ein må klare å kommunisere med det andre mennesket. Sjå det, seier ho.

Høyrest dette kjent ut? Arne Lygre sitt stykke med den kanskje pussige tittelen Tid for glede ber i seg ei vifte av slike attkjennelege familierelasjonelle konfliktar og forhold. Det er sonen som ikkje klarer å vere glad, sjølv om han har «alt», og ønskjer å komme seg vekk. Det er kompliserte forhold mellom mor og svigerbarn, mellom far og homofil son, om barnløyse, om byrda barn kan vere på eit forhold, om kor vanskeleg det er å elske den same heile livet…

Mora og dottera opnar stykket med ein samtale der dei insisterer på at dette er ei tid for glede, sjølv om samtalen ikkje er spesielt glad eller flyt godt. Men ønsket om at det skal vere godt, er der frå begge sider. Dei får det berre ikkje til. Det er både komisk og trist.
- Om ein ikkje snakkar om dei vanskelege tinga, så er det kanskje ikkje så lett å få relasjonane til? spør Goody.


Intervjuet blei gjort i desember 2021.
Toppfoto: Gisle Bjørneby

Laila Goody som mor i Tid for glede. Foto: Pernille Sandberg.