Bakgrunnsartikkel

«Det er alt eg har å seie …»

August Strindbergs eigne refleksjonar rundt Faderen.

Skrive av
August Strindberg
August Strindberg
Dramatikar og forfattar (1849-1912)

Folk seier om sørgjespelet Faderen, at det var så sørgjeleg, akkurat som om dei kravde muntre sørgjespel, og dei roper med pretensjon på livsgleda og teaterdirektørar som skriv rekvisisjonar på farsar, som om livsgleda består i å vere morosam og framstille menneske som om dei alle var besette av danse-sjuke eller idioti. Eg finn livsgleda i dei sterke, vonde sidene av livet, og nytinga mi består i få vite noko, og få lære noko. Og difor har eg valt eit uvanleg tilfelle, men eit lærerikt eit, med andre ord eit unnatak, men eit stort unnatak som stadfestar regelen, og det vil nok såre dei som elskar det banale.

Kva som så skal støyte den enkle hjernen, er at motiveringa mi av handlinga ikkje er enkel, og at synspunkta ikkje er einsidige. Kvar hending i livet – og det er ei temmeleg ny oppdaging! – blir vanlegvis framkalla av ein heil serie meir eller mindre djuptliggande motiv, men tilskodaren vel vanlegvis det som etter hans omdøme er lettfatteleg, eller etter hans evne og moralske oppfatning dei mest fordelaktige. Her blir det gjort eit sjølvmord! Dårlege affærar! – seier borgaren! – Ulukkeleg kjærleik! – seier fruentimmera. – Kroppsleg sjukdom! – seier den sjuke. – Knuste forhåpningar! Seier den skipbrotne! Men no kan det hende at motivet låg overalt, eller ingen stader, og at den avdøde skula grunnmotivet gjennom å framheve noko heilt anna, som kastar lys over minnet hans.

Kven skal så spele rittmeisteren, og kva fruentimmer vil spele Laura? Stykket kan lett bli øydelagt, bli tåpeleg! Eg forstår, sjølv om eg sjeldan legg meg opp i den slags, at rittmeisteren blir gitt til ein skodespelar med veldig friskt humør, som med den overlegne, sjølvironiske, litt skeptiske mina til ein verdsmann, medvite handlingane sine, går med temmeleg glatt mot lagnaden sin i møte, sveipa i dødens edderkoppnett som han ikkje kan øydeleggje på grunn av naturlovane. Ein bedratt ektemann er ein komisk figur for heile verda, og mest av alt for eit teaterpublikum. Dette må han vise at han veit, og at han også ville ha flirt om det gjaldt ein annan.

Dette er det moderne i min tragedie, og ve meg og gjøglaren om han går hen og speler Røvargjengen 1887! Ingen skrik, ingen preikar. Fint, roleg, resignert! – som ei sterk ånd som går den moderne lagnaden sin i møte i form av ein erotisk pasjon.

Det er berre overfor kvinna han er umandig, fordi ho vil ha han slik, og tilpassingsrolla tvingar oss til å gjere den rolla elskarinna forlangar. Ja, av og til må vi spele kyske, dumme, uvitande, berre for å få dei samleia vi vil ha!

Det er alt eg har å seie. Alt anna overlet eg så i teateret sine hender.

Frå teaterprogrammet til Faderen.


Toppbilde: Oljemåleri av Edvard Munch – Nationalmuseum, Sverige * Til nynorsk ved Inger Johanne Sæterbakk