Innanfor det nokså ordinære ytret boblar det over av kreativitet, fargar, bling og overdådige kreasjonar. Cårejånni er mannen alle vil ha tak i når dei skal skape show med skyhøg glamfaktor. Noko han har gjort sidan han klapra inn på scenen i altfor tronge pumps som ei av kvitlauksdamene i Great Garlic Girls på 80-talet.
Den renommerte dragartisten, stylisten og kostymedesignaren har rykte på seg for å kunne skru opp volumknappen på alt som glitrar. Med snert, passe humor, og stor kjærleik til det overdådige har han gjennom dei siste fem tiåra prega norsk showbiz.
- Alle blir litt ekstra glade når det glitrar.
Cårejånni sit bak eit berg av strass og perler. På bordet står ei steikeplate der han varmar opp strassen slik at den enkelt festar seg på kostymet han arbeider med. Dette kostymet skal «berre» ha eit par tusen bitar strass på seg. Andre er oppe i fire, fem tusen. Og med vel 150 kostyme som skal vere klare til premieren, seier det seg sjølv at arbeidet går unna med teknikken han sjølv har utvikla.
- Eg høyrde ein gong ein anekdote om kvifor vi blir trekte mot det som blinkar. Det er innebygd i oss frå gammalt av. Vi menneske må ha vatn. Og når vi såg at det blinka i det fjerne, så skjønte vi at der er det vatn. Og sette kursen dit. Er det rart vi blir glade når det glitrar?

Erfaren frå Eurovision-sirkuset
Cårejånni ler og veit at Yasser Arafat sjølv neppe ville ha valt den uniforma han får tildelt under Europavisjonar. Men politikken treng kanskje litt bling i desse urolege tidene. Under Cårejånnis kyndige blikk er dei mørkeblå power-dressane strassa opp, uniformene skin og hælane er skrudde opp nokre hakk. Og det er ein erfaren mann som fargelegg skodespelarane på Hovudscenen. I Europavisjonar startar historia med Berlinmurens fall i 1989. Same året hadde Cårejånni kostymeansvaret for Noregs bidrag i den internasjonale Eurovision-finalen i Lausanne i Sveits da Britt-Synnøve Johansen stilte med songen Venners nærhet.




Sidan har han vore inn og ut av ESC-sirkuset, og som det blir sagt: Eurovision Song Contest er både ein fest for øyret OG auget. Dess meir oppsiktsvekkande eit antrekk er, jo betre. Etter Christine Guldbrandsens framføring av Alvedansen i Hellas i 2006 blei den kvite kjolen som funkla og flagra i vindmaskinen hylla for sin eleganse.
Av andre ESC-antrekk Cårejånni har signert, er Guri Schankes kjole frå Helsinki i 2007 blant dei mest velkjente, og som stadig blir trekt fram i kåringar av særeigne og minneverdige antrekk. Ikkje berre fordi ho i løpet av det tre minutt lange innslaget hadde tre kjoleskift, ho reiv av seg del for del, men også på grunn av dei 25 000 Swarowski-krystallane Cårejånni hadde limt for hand på kjolen. Denne augneblinken er både Eurovision- og motehistorie, blir det sagt.
I den andre enden av estetikkskalaen ligg kanskje hans seinaste bidrag til ESC-moten. Subwoolfers gule og stiliserte ulvemasker, saman med dei stramme dressane og dei gule hanskane, vekte oppsikt under finalen i Torino i 2022.
Cårejånnis merittliste frå ESC er med andre ord lang og lysande. Eitt år hadde han til og med ansvaret for alle antrekka i den norske finalen, delfinalane inkludert.
- Det var ekstremt mykje arbeid. Ingen tvil om at det gjekk fort, men moro var det!




- Du veit, når gangsperra sit i kroppen i mange dagar etter eit show, da kjenner du at det er på tide å gi seg.
Eit langt liv på høge hælar set spor på mange vis. Tær som i periodar var så ømme at han måtte setje sprøyte med bedøvande middel før han gjekk på scenen. Lange og krevjande arbeidsdagar som til slutt gjorde at gleda over å opptre forsvann. No konsentrerer han seg om det som gir mest lykke og lovar at også Europavisjonar er full av høgdepunkt for den som er glad i heseblesande sceneantrekk. Her er alt frå glam og paljettar, til rockeestetikk og naglar, aust-europeisk eleganse på grensa til det tackye og lettkledde dansarar. Ein Eurovision-inspirert finale må løfte kvart nummer til ein heilskap, det er ikkje berre musikken som tel, heile showpakka må sitte, og ingen veit det betre enn mannen som er sett til å gjennomføre dette. Det er med stor kjærleik til sjangeren og med grundig kjennskap til bransjen og eigenarten Cårejånni har latt kreativiteten få fløyme.
Det er som ein sceneprøve frå Eurovision, det er akkurat slik det funkar.

Det funklar når Boris Jeltsin og dei nye (tidlegare Sovjet-) republikkane inntar scenen i Eurovision... eh, Europavisjonar.
Det som på overflata kanskje ser enkelt ut, krev både kreativitet, stilsikkerheit og kompetanse som det tar tid og tolmod å tileigne seg. Når Det Norske Teatret no tar steget ut i Eurovision-eventyret/verda/universet er det med vissa om at ein av dei mest kompetente fagpersonane sit ved spakane og tar ansvar for ein særs viktig del av showet. For kva er vel Eurovision utan ein spektakulær kostymefest?