Bakgrunnsartikkel

Den vesle framsyninga som blei ein av teaterets største suksessar

Den 9. juni er det absolutt siste gong Svein Tindberg framfører soloframsyninga Abrahams barn, og nest siste gong han står på scenen som fast tilsett skodespelar ved teateret. Det er også 350. gongen han speler denne framsyninga, som har blitt sett av meir enn 100.000 publikummarar.

Skrive av
Åsne Dahl Torp
Åsne Dahl Torp
Informasjonskonsulent

Framsyninga har faktisk blitt spelt så lenge at han måtte få eit meir moderne kostyme.
– Kven skulle ant dette da vi hadde premiere? Dette har blitt mykje større enn nokon av oss nokosinne tenkte, seier Svein Tindberg med eit smil.
For Abrahams barn har hatt ei lang reise sidan premieren i 2011. Det byrja med eit oppriktig ønske om å lage ei framsyning for å auke samforståinga mellom muslimar, kristne og jødar. Det er jo så mykje felles grunn, felles historie og likskapar!
– Eg er eit teatermenneske, har vore det heile livet. Noko så spinkelt som ei teaterframsyning kan endre enkeltmenneske. Eg trur faktisk på at sanne møte mellom menneske kan forandre oss, meiner Svein Tindberg.

Teatersjef Erik Ulfsby gav han Scene 3 til rådvelde til prosjektet, og Tindberg sette i gang med arbeidet i lag med regissør Kjetil Bang-Hansen. Dei arbeidde fram ei forteljande soloframsyning med innslag av spelescenar, der Tindberg sjølv hadde alle rollene. Premieren var tenkt til hausten 2011. På Hovudscenen skulle ei meir humoristisk-bestialsk framsyning basert på barnerima om Shockheaded Peter ha premiere i august.

Regissør Kjetil Bang-Hansen og Svein Tindberg på Hovudscenen før premieren i 2011. Foto: Dag Jenssen.

– Eg trur faktisk på at sanne møte mellom menneske kan endre oss.

Terroren råka Noreg

Så skjedde 22. juli, og alt blei vendt på hovudet. Å spele Shockheaded Peter – ei framsyning der publikum skulle le av at barn fekk kutta av hendene for å ha leikt med saks – verka heilt umogleg. Denne framsyninga blei utsett. Men ei framsyning som ville gi kunnskap og skape samhald og forståing på tvers av religionar og ulike livssyn?

I samband med arbeidet til sitt neste prosjekt, Utafor (premiere 2018), fekk Svein Tindberg reise til Jerusalem for første gong. Staden som er heilag for både jødar, kristne og muslimar. Det var ei stor oppleving.

Det var nett det Noreg trong da. Abrahams barn blei flytt frå Scene 3 til Hovudscenen, og alle dei 738 setene i salen var fylte kveld etter kveld.
– Premieren var jo rett etter terroranslaga på Utøya og i Regjeringskvartalet, og alle hadde dette veldig friskt i minne. Mange hadde nok, som eg, tenkt at det måtte vere islamistisk terror. Etterpå fekk vi jo vite at det var ein etnisk norsk mann som hadde gjort dette, under riddarkrossens teikn. Eg trur mange hadde litt dårleg samvit for det dei hadde tenkt, og kjente eit behov for å vite meir om kva islam var for noko, seier Tindberg om den første tida med framsyninga.
Året etter blei Abrahams barn heidra med den gjeve Heddaprisen for Årets framsyning.

– Eg trur mange hadde litt dårleg samvit.

Den lange reisa

Sidan har framsyninga vore på repertoaret til Det Norske Teatret.
Abrahams barn
har blitt spelt på alle dei fire scenane – Hovudscenen, Scene 2, Rommen Scene og Scene 3. I tillegg har Tindberg vore på turné i heile landet med Riksteatret, han har spelt Abrahams barn i Spania, framsyninga har blitt strøymd til heile landet under koronanedstenginga, og teksten er gitt ut som bok.

Den svenske skodespelaren Jakob Eklund framførte Abrahams barn ved Stockholms Stadsteater.

– Dessverre har ikkje framsyninga blitt mindre aktuell. Dei religiøse konfliktane har ikkje tatt slutt. Vi har jo slått kvarandre ihel med desse bøkene i tusenvis av år. Men likskapane er jo så utruleg mykje større enn ulikskapane! Og det har vore mitt prosjekt. Å vise kor små forskjellane er, forklarar Tindberg.

Teater i Sverige, Danmark, Tyskland og Italia har sett opp sine heilt eigne versjonar. Over 100. 000 publikummarar har fått oppleve framsyninga med Svein Tindberg.
– Å spele for over 100. 000 menneske, det er mange Rolling Stones-konsertar! Og at framsyninga som har trekt så mange folk er ei soloframsyning, med ein mann på scenen som snakkar om religionar, det er også for meg heilt uforståeleg. Men det gjer meg glad.

No er det tid for å sette endeleg punktum, og lukke alle dei tre bøkene. Spørsmålet er om Sveins eiga bok blir lukka for godt.

Artikkelen er sist oppdatert 8. juni 2023.